Rotarymøte 16.10.2019: Egoforedrag ved Knut Molnes:

Referat frå Rotarymøte 16.10.2019:

Knut Molnes heldt sitt egoforedrag og Geir B hadde med seg pakke med ei overrasking i ved "3- minutt".

President Petter ønska alle vel møtt, og spesielt til gjest, Borgar Tynes. Applaus!

Tradisjonen tru, litt om dagen sin dato: Fleming og Finn har namnedag.

Den irske forfattar Oskar Wilde f. 1854.  Irsk opprørsleiar og politiker, Michael Collins f. 1890. Myrda i 1922.

1989: Samlingsregjeringa til Jan Syse kom saman.

I 1992 blei utkast til EU- avtale framforhandla.

I 1994 blei Finland med i EU etter folkeavstemning.

Til slutt ei lita historie frå Presidenten: Ein mann hadde bilen sin på Verkstad for reparasjon. Då han henta den neste dag, synes han rekninga var litt i overkant: «At bilen var dårleg var eg klar over, men at den trengte nattevakt, visste eg ikkje».

Rotarysong:

I trubadur Olav sitt fråver, synes forsamlinga at vi kunne trenge litt oppmuntring. Vi bestemte oss for «Få stemninga opp» som Rotarysong.

Sekretær:

Sekretær Kristin kunne forkynne at det er Asbjørn K. og Oddbjørn R. sin tur for BUAS- besøk. Forrige møte var det 17 frammøtte. Med permisjoner osv. gav det beskjedne 49,2 % frammøte. Ingen bursdager.

«3-minutt»:

«3- minutt» var ved Geir B. Denne gangen blei vi veldig nysgjerrige, for han hadde med seg ein pakke. Han begynte med å fortelle at han hadde «googla» Arnold Weiberg Aurdal, og kome over ei Årbok frå byrjinga av 1960- talet. Den tid var Arnold ordfører her i Sykkylven. Det er beskreve  ei tid med veldig mykje aktivitet. Arnold og politikarane la særlig vekt på å få bygd ut industrien her i Sykkylven, og dermed skaffe høvelig areal til fabrikkane. Hjalmar Brunstad, Mahren og Jens Ekornes var sentrale fabrikkeigere.

Så fikk vi avdekka innhaldet i pakken. Det viste seg å vere eit portrett av omtalte, Arnold Weiberg Aurdal. Det var brukt svipenn på ei treplate. Nesten heilt utruleg likt. Sjå bilde! Bakgrunnen for dette, var at Geir hadde besøkt Grete Eikemo Rekkedal som no var enke og kom frå ein gard i Bondalen. Det var far til Grete, Petter Rekkedal som hadde laga portrettet. Ho synes det passa godt å gi det til Geir. Han på si side synes det passa godt å gi det vidare til Arnold sin son og vår Rotaryven, Bastian. Sjå bilde av portrettet og Bastian.    


Bilde: Ve.: Portrett av Arnold. Hø.: Sonen Bastian med portrett. (Beklager at eg ikkje får rotert bildet.)                                                                                                                                                 

Ymse:

Under posten «Ymse», fortalte president Petter at to ungdomer no er klar for RYLA. Det er Hanna Bakken og Jørgen Welle. Det er fortsatt plass til ein deltakar til frå vår klubb. Dersom nokon veit om ein aktuell kandidat, er det berre å gi beskjed.

Elles har det kome e-post frå Hareid Rotary med oppfordring til å støtte økonomisk eit barneheimprosjekt i Andesfjella. Presidenten vil ta opp denne saka med Styret ved neste møte.

Ego/Yrkesforedrag ved Knut Molnes:


Etter rotarykaffe og søte, saftige horn, fikk vår nye Rotaryven, Knut Molnes ordet. Han held eit grundig og flott ego- og yrkesforedrag. Han hadde laga til ein PowerPoint presentasjon. For å begynne heilt frå byrjinga, så er han født 14.02. i 1945. Vaks opp i Folkestad, på ein veglaus gard som heitte Rønstad. Denne låg (ligg) 200 – 300 moh.  Flytta til Vigra i 1959. Deretter har han budd ei rekke stader før han flytta til Sykkylven i 1975.

Som det vil gå fram av presentasjonen, har han både ei allsidig utdanning og ei mangfoldig yrkeskarriere. Viktigaste når det gjeld utdanning er  Trondheim Tekniske Skule som er eit to-årig studium på Anleggslinja. Deretter Norsk Ingeniør Akademi, Bedriftslederskulen, Bedriftsøkonomisk institutt. For å kunne undervise i skulen, tok han i 1990-91 faget Pedagogikk ved Høgskulen i Volda.

Har mangfoldig yrkeserfaring, mest som ingeniør og prosjektleier. Lister ikkje opp alle arbeidsplassane, då ein kan lese dette i Presentasjonen. Har likevel lyst til å nemne at han i 1976-77 jobba hos Hans Lillevik her i Sykkylven som driftsingeniør. Kan ta med at han har undervist i Byggfag ved Borgund Videregående Skule, Fagskulen i Ålesund og Folkeuniversitetet. Før Knut blei pensjonist, var han avdelingsleiar i Bygg og Anlegg ved Borgund VGS. Hadde både personalansvar og underviste i byggteknikk, anleggsteknikk og klima- energi og miljøteknikk.

Så litt sosialt til slutt: Er gift med Aud og har to for lengst vaksne barn.

Ei grundig og informativt ego/yrkesforedrag av Knut. Stor applaus!

Så minte president Petter om neste møte og ønska alle vel heim.

Referent

Jarle Svindseth                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                              




 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS