Rotarymøte 18.12.2019:
Julemøte:
18. desember blei det halde julemøte i
Sykkylven Rotatyklubb. Borgar Tynes blei tatt opp som nytt medlem, og Trygve
kom med synspunkt på at Jesus blei født med store odds mot seg. Ove fortalte meir om rotarybesøk i Spania.
President
Petter ønska vel møtt til julemøte, og siste rotarymøte i 2019. 3 gjester blei ønska velkomne: Torill Lillebø Nerland
og Audun Nerland. Torill er frå Sykkylven og har budd på Vestnes saman med
Audun. Ho er tidlegare medlem i klubben vår. Ho og Audun har no flytta tilbake til
Sykkylven. Vi som har levd ei stund og er sportsinteresserte, veit at Audun var
elitelangrennsløper på 1970- talet.
Så
var det Borgar Tynes som, når han
går frå dette møte, ikkje lenger er gjest, men medlem i Sykkylven Rotaryklubb.
Applaus til alle tre!
«Juleoratoriet».
Ikkje
noko julemøte i SRK utan J.S. Bach sitt «Juleoriatoriet». Trubadur Olav viste
ei mektig framføring frå Frauenkirche i Dresden. Oriatoriet inneheld 6
kantater. Vi fikk høyre deler av 1. kantate: «Jauchzet – frohlocket», meint å
bli framført 1. juledag.
Opptak av nytt medlem.
Eit
av høgdepunkta i rotarysamværet er opptak av nytt medlem; denne gang Borgar
Tynes. Rolf, som er fadder, held ein kort presentasjon, og deretter delte
president Petter ut rotarynåla. Vi ynskjer Borgar velkomen i Sykkylven
Rotaryklubb!!
Bilde ve.: Borgar blir tatt opp som medlem. Hø.: Rolf, Borgar og president Petter.
Før
sekretær fekk ordet, song vi Jakob Sande sin nydelige: «Det lyser i stille grender», med trubadur Olav ved pianoet.
Sekretær.
Sekretær
kunne opplyse at forrige gang var 18 frammøtte. Det ga stusselige 45 %
frammøte. Det er Per Ringdal og Kristin sjøl som står for tur til BUAS- besøk.
Trygve: Tankevekkande
juleevangelium.
Trygve
Ebbesvik held eit tankevekkande innslag om det utrulege juleevangeliet. Vi har
vår tidsrekning etter Jesu sin fødsel. Trygve fortalte at det blei bomma ein
del på fødetidspunktet. Sannsynligvis blei Jesus født 7 år tidlegare enn rekna
med.
Det
var spådd at ein konge skulle bli født. Det var nærliggende å tru at
dette ville skje i pomp og prakt på eit flott slott. I staden blei Jesus født
under så kummerlige kår som tenkast
kan, med alle odds mot seg. Født av ei tenåringsmor som påstod at dette var ein
jomfrufødsel. I den jødiske kulturen blei det ikkje tatt nådig opp med
barn født utanfor ekteskap.
Tankevekkande
er det også at dei første som blei vitne til det lille barnet, var ein flokk gjetarar. Desse hadde ikkje det beste
ryktet på seg.
I
denne tida herska ein despot som heitte Herodes.
Han kunne tenkast å stå det lille barn etter livet. Referent tillet seg å legge
til, at i følge Matteusevangeliet, måtte Maria og Josef flykte med det lille
barnet til Egypt. Dei flytta tilbake då Herodes var død.
Juleevangeliet
fortel om 3 vise menn som gjekk etter ei ledestjerne (Betlehemsstjerna). Trygve
kom med synspunkt på kva fenomen dette var. Kunne det vere ein komet? Kunne
det vere ein supernova? Eller var dette
fenomenet at Jupiter og Saturn hadde gått saman og stråla såpass sterkt at dei kasta skygge på jorda? Astronomar kan «spole» tilbake stjernebilde, og nettopp dette
skjedde år 7 før vår tidsrekning.
Trygve
konkluderte med at juleevangeliet inneheld ei rekke utrulige hendinger som
virkelig utfordrer tanken vår.
Julemåltid med koldtbord og dessert/kaffe.
Matkomiteen hadde gjort ein fenomenal jobb: Koldtbord med spekemat, laks, eggerøre, og ikkje minst, kortreiste karbonader frå Velledalen. Til dessert var det moltekrem, kromkaker og Strandabakelse. Og sjølsagt kaffe. Det skulle ikkje vere nødvendig å gå svolten frå dette møtet. Sjå bilder!
Ove: Besøk hos
rotaryklubb i Spania.
På
tampen ville Ove dele med oss si oppleving frå rotarymøte i
Benalmedia/Torremolinos. Det gjekk føre seg på ein golfklubb, og Ove orienterte seg
fram til denne klubben sin restaurant. Her fann han eit bord med rotaryvimpel.
Det var dekt på til 6 personer. Kl. 14:30 dukk ein rotaryanar opp og Ove kom i
prat med han. Etter kvart kom det fleire, og til slutt var 9 rundt bordet.
Presidenten fortalte om vannrensings - prosjekt i Nepal og Spania. Det blei
også utveksla vimplar, sjøl om Ove ikkje kunne kvittere med nokon frå vår
klubb. Ikkje overraskende, var maten svært bra. Alt i alt eit triveleg møte.
Bomtur.
Neste
møte var planlagt til Fungerola RK, men her gjorde Ove bomtur. Rotaryklubben hadde ikkje hatt møte ved det aktuelle
hotellet på 8 til 9 år. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko: 14 km
spasertur og 20 000 steg. Sjøl om Ove var litt harm like etterpå, tok
ikkje bomturen frå han lysta til å besøke andre klubber.
Ove
konkluderte at å vere rotarymedlem og besøke andre klubber, både innlands og
utanlands, gjer at ein kjem nærare inn
på folk enn ein ellers ville ha gjort. Alle har som felles mål: «Service above
self» eller på norsk: «Gagne andre».
Dette gjer det heile svært meiningsfullt.
Bør vi ta opp igjen
dugnad ved Haugneset?
Geir
B fekk ordet, og minte klubben om at Haugneset Vel har fått støtte, både økonomisk og ved dugnader, tidligere. Kanskje kan det vere ein ide å ta dette
opp igjen? Han minte om at det ikkje er
usannsynlig at mange av oss vil kunne ha nytte av områda rundt BUAS i framtida. Han
sendte rundt eit foto som tydelig dokumenterte klubben sine dugnader i
tidligere tider.
Tradisjonen
tru avslutta vi med: «Deilig er jorden».
President Petter minte om første møtet over nyttår, 8/1 -20 og ønska alle ei
riktig God Jul.
Jarle
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"