Referat frå Rotarymøte
med presidenten sin time 08.01.2020:
Presidenten sin time: Vi fekk
besøk av Erna Berge Rogne og TRF-leiar i Hareid Rotaryklubb, Karin Holstad som
presenterte klubben sitt barneheim-prosjekt i Peru. Vår rotaryven, Arild heldt
3- minutt om korleis få breiare rekruttering til brannkorpsa.
President
Petter ønska alle vel møtt og riktig godt nytt år. To gjester: Erna Berge Rogne
og Karin Holstad. Den siste representerer Hareid Rotaryklubb og er TRF – leiar her. Dei ville fortelle om prosjektet i Peru med støtte og finansiering til ein
barneheim. Stor applaus!
Bilde: Erna Berge Rogne til ve. og TRF-leiar i Hareid Rotary, Karin Holstad til hø.
Litt om
dagen sin dato: Torfinn og Turid har namnedag. Turid kjem av norrønt «skjønnhet».
Det må alle med namn Turid ta til seg.
To
bursdager: Elvis Presley født denne datoen i 1935, og, i samme bransje, David
Bowie født i 8. januar i 1947.
Bilde: Elvis Presley og David Bowie.
I 1993 var kvalfanger
Bastesen i konflikt med kvalfangermotstander Paul Watson.
Rotarysong:
Trubadur
Olav har gjort det til ein tradisjon å starte året med den skotske balladen,
«Auld Lang Syne». Vi sang den norske utgåva. Nydelig sang som passer godt å
begynne året med.
Sekretær
Kristin kunne forkynne at ved juleavslutninga, 18. des. var 29 frammøtte. Det
ga fine 72,5 % frammøte.
To
bursdager: Bjørg Welle fylte år 5. januar, men sekretær og Bjørg var ikkje
samde om alderen. Kristin påstod 65, medan Bjørg meinte 62 var det korrekte. Vi
velger å tru på den lavaste alderen.
3- minutt
var ved Arild: Ved sidan av å vere kyrkjeverge, er han brannmann i Sykkylven
Brannkorps. Han hadde delteke i eit møte i Oslo som Brann og Redningstjenesta arrangerte.
Temaet var korleis få fleire kvinner og folk med framandkulturell
bakgrunn inn i brannkorpsa. Det frivillige brannkorpsa begynner å få medlemmer
som nærmer seg «pensjonsalderen». Då er sjølsagt nyrekruttering viktig. Sidan brannkorpsa
får stadig fleire og meir avanserte oppgåver, er ei høgskuleutdanning på
trappene.
I
brannkorpsa i Norge i dag er det 4,1 % kvinner, i Sykkylven 0 %. Kvifor? Arild
nemnte organisering, fysiske krav, forhold på arbeidsplassen, myter, tradisjon
og haldninger som årsak til dette. Ein håper at gjennom det nye utdanningssystemet med høgskule, vil vere
i stand til å bedre rekrutteringa av overnemnte grupper. Kva føremon vil dette
ha ?: Auka mangfold, legitimitet, aksept, breiare kompetanse og allsidighet var
noko av dei føremonene Arild nemnte.
Han runda
innlegget med å lansere eit begrep som blir kalla «kapital paradokset»: Konklusjon
på dette er at Mangfold = Styrke. Interessant og aktuelt foredrag av Arild.
Bilde: Sykkylven Brannstasjon til ve. og Arild Sporsheim til hø.:
Barneheimen Aintoinette Meo i Peru:
Etter
rotarykaffe fikk dei to damene frå Hareid ordet. Erna Berge Rogne fortalte at
ho i 2009 var på ferie i Peru. Ho blei sjokkert over den store fattigdomen. Då
ho kom tilbake til Noreg, blei Brønnøysundregisteret
kontakta og hjelpeorganisasjon Mama Clara blei stifta.
Ho reiste
tilbake til Peru og dreiv med hjelpesending ein stad som ligg 5000 moh. Etter
kvart følte ho at dei farlige vegane og den store høgda blei for stor
belastning. Det blei bestemt å flytte ned til 3000 m og ein by som heiter
Chuquibamba. Her ligg det ein barneheim som blir kalla Aintoinette Meo. Den
blir drive av den Katolske Kyrkja. Det er plass til 35 born i alderen 4 til 18 år.
Bilde: Barneheimen Aintoinette Meo. Erna Berge Rogne til hø. Til ve.: Ukjent.
Første
prosjekt var å finansiere nytt kjøkken.
Det gamle var heilt utslitt og trengte sårt til fornying.
Neste
prosjekt, som går for seg no, er renovering av toalett/dusjer. Dette har eit
prisoverslag på 20 000 dollar.
Etter at
Erna sitt foredrag i Hareid Rotaryklubb, blei det bestemt at dei (Hareid
Rotary) ville delta i prosjektet. Det blei søkt om District Grant-midlar, som
blei innvilga.
Ein
rotaryklubb i lokalområdet i Peru blei kontakta. Samarbeidet med denne viste seg å vere
vanskelig. Klubben var nemlig korrupt. Presidenten i denne lokale klubben braut
ut og stifta ein ny rotaryklubb. Denne karen heiter David Monge og er, etter Ester si meining, 100 % å stole på. Utan han og
advokat Lizette Chaves kunne ikkje arbeidet ved barneheimen latt seg gjennomføre.
Dette med tanke på økonomiske avtaler, innkjøp av materialer og betaling av
medisiner osv.
TRF-leiar,
Karin Holstad fortalte at Hareid Rotary ønsker å fortsette å hjelpe barneheimen.
Og dette trengs, fordi verken myndighetene eller den katolske kyrkja gir økonomisk støtte. Karin har reist rundt til fleire lokale rotaryklubber saman med Erna
for å samle støtte til finansiering av prosjektet. I alt 17 klubber er blitt
kontakta.
Kva får så
klubbane tilbake for å støtte prosjektet?:
Kari nemnte
mellom anna at borna får ei framtid.
Dei
einskilte klubbane er del av eit internasjonalt prosjekt.
Dette vil
også føre med seg positiv omtale av Rotary lokalt.
Hareid
Rotaryklubb og Mama Clara vil heile tida halde oss orientert om prosjektet med
både tekst og bilder.
Underveis i
foredraget viste Erna og Karin bilde frå den aktuelle barneheimen og frå
området rundt. Svært interessant orientering frå dei to idealistiske damene.
Presidenten
belønna med kortreiste matvarer frå Velledalen. Han orienterte Hareid-damene om
at spørsmålet om evt. støtte til
prosjektet, vil bli tatt opp på neste styremøte.
Bilde frå ve.: Erna Berge Rogne, President Petter og Karin Holstad.
Så var det
første rotarymøte i 2020 over. Presidenten takka alle av og ønska vel heim.
Referent
Jarle
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"