Presidenten sin time med vinlotteri:

Referat frå Rotarymøte med presidenten sin time 08.01.2020:

Presidenten sin time: Vi fekk besøk av Erna Berge Rogne og TRF-leiar i Hareid Rotaryklubb, Karin Holstad som presenterte klubben sitt barneheim-prosjekt i Peru. Vår rotaryven, Arild heldt 3- minutt om korleis få breiare rekruttering til brannkorpsa.

President Petter ønska alle vel møtt og riktig godt nytt år. To gjester: Erna Berge Rogne og Karin Holstad. Den siste representerer Hareid Rotaryklubb og er TRF – leiar her. Dei ville fortelle om prosjektet i Peru med støtte og finansiering til ein barneheim. Stor applaus!


Bilde: Erna Berge Rogne til ve. og TRF-leiar i Hareid Rotary, Karin Holstad til hø. 

Litt om dagen sin dato: Torfinn og Turid har namnedag. Turid kjem av norrønt «skjønnhet». Det må alle med namn Turid ta til seg.

To bursdager: Elvis Presley født denne datoen i 1935, og, i samme bransje, David Bowie født i 8. januar i 1947.


Bilde: Elvis Presley og David Bowie. 

I 1993 var kvalfanger Bastesen i konflikt med kvalfangermotstander Paul Watson.

Rotarysong:

Trubadur Olav har gjort det til ein tradisjon å starte året med den skotske balladen, «Auld Lang Syne». Vi sang den norske utgåva. Nydelig sang som passer godt å begynne året med.

Sekretær Kristin kunne forkynne at ved juleavslutninga, 18. des. var 29 frammøtte. Det ga fine 72,5 % frammøte.

To bursdager: Bjørg Welle fylte år 5. januar, men sekretær og Bjørg var ikkje samde om alderen. Kristin påstod 65, medan Bjørg meinte 62 var det korrekte. Vi velger å tru på den lavaste alderen.

3- minutt var ved Arild: Ved sidan av å vere kyrkjeverge, er han brannmann i Sykkylven Brannkorps. Han hadde delteke i eit møte i Oslo som Brann og Redningstjenesta arrangerte. Temaet var korleis  få  fleire kvinner og folk med framandkulturell bakgrunn inn i brannkorpsa. Det frivillige brannkorpsa begynner å få medlemmer som nærmer seg «pensjonsalderen». Då er sjølsagt nyrekruttering viktig. Sidan brannkorpsa får stadig fleire og meir avanserte oppgåver, er ei høgskuleutdanning på trappene.

I brannkorpsa i Norge i dag er det 4,1 % kvinner, i Sykkylven 0 %. Kvifor? Arild nemnte organisering, fysiske krav, forhold på arbeidsplassen, myter, tradisjon og haldninger som årsak til dette. Ein håper at gjennom det  nye utdanningssystemet med høgskule, vil vere i stand til å bedre rekrutteringa av overnemnte grupper. Kva føremon vil dette ha ?: Auka mangfold, legitimitet, aksept, breiare kompetanse og allsidighet var noko av dei føremonene Arild nemnte.

Han runda innlegget med å lansere eit begrep som blir kalla «kapital paradokset»: Konklusjon på dette er at Mangfold = Styrke. Interessant og aktuelt foredrag av Arild.


Bilde: Sykkylven Brannstasjon til ve. og Arild Sporsheim til hø.:

Barneheimen Aintoinette Meo i Peru:

Etter rotarykaffe fikk dei to damene frå Hareid ordet. Erna Berge Rogne fortalte at ho i 2009 var på ferie i Peru. Ho blei sjokkert over den store fattigdomen. Då ho kom tilbake til Noreg,  blei Brønnøysundregisteret kontakta og hjelpeorganisasjon Mama Clara blei stifta.

Ho reiste tilbake til Peru og dreiv med hjelpesending ein stad som ligg 5000 moh. Etter kvart følte ho at dei farlige vegane og den store høgda blei for stor belastning. Det blei bestemt å flytte ned til 3000 m og ein by som heiter Chuquibamba. Her ligg det ein barneheim som blir kalla Aintoinette Meo. Den blir drive av den Katolske Kyrkja. Det er plass til 35 born  i alderen 4 til 18 år.


Bilde: Barneheimen Aintoinette Meo. Erna Berge Rogne til hø. Til ve.: Ukjent.

Første prosjekt var å finansiere  nytt kjøkken. Det gamle var heilt utslitt og trengte sårt til fornying.

Neste prosjekt, som går for seg no, er renovering av toalett/dusjer. Dette har eit prisoverslag på 20 000 dollar.

Etter at Erna sitt foredrag i Hareid Rotaryklubb, blei det bestemt at dei (Hareid Rotary) ville delta i prosjektet. Det blei søkt om District Grant-midlar, som blei innvilga.

Ein rotaryklubb i lokalområdet i Peru blei kontakta.  Samarbeidet med denne viste seg å vere vanskelig. Klubben var nemlig korrupt. Presidenten i denne lokale klubben braut ut og stifta ein ny rotaryklubb. Denne karen heiter David Monge og er, etter Ester si meining, 100 % å stole på. Utan han og advokat Lizette Chaves kunne ikkje arbeidet ved barneheimen latt seg gjennomføre. Dette med tanke på økonomiske avtaler, innkjøp av materialer og betaling av medisiner osv.

TRF-leiar, Karin Holstad fortalte at Hareid Rotary ønsker å fortsette å hjelpe barneheimen. Og dette trengs, fordi verken myndighetene eller den katolske kyrkja gir økonomisk støtte. Karin har reist rundt til fleire lokale rotaryklubber saman med Erna for å samle støtte til finansiering av prosjektet. I alt 17 klubber er blitt kontakta.

Kva får så klubbane tilbake for å støtte prosjektet?:

Kari nemnte mellom anna at borna får ei framtid.

Dei einskilte klubbane er del av eit internasjonalt prosjekt.

Dette vil også føre med seg positiv omtale av Rotary lokalt.

Hareid Rotaryklubb og Mama Clara vil heile tida halde oss orientert om prosjektet med både tekst og bilder.

Underveis i foredraget viste Erna og Karin bilde frå den aktuelle barneheimen og frå området rundt. Svært interessant orientering frå dei to idealistiske damene.

Presidenten belønna med kortreiste matvarer frå Velledalen. Han orienterte Hareid-damene om  at spørsmålet om evt. støtte til prosjektet, vil bli tatt opp på neste styremøte.


Bilde frå ve.: Erna Berge Rogne, President Petter og Karin Holstad.

Så var det første rotarymøte i 2020 over. Presidenten takka alle av og ønska vel heim.

 

Referent

Jarle

 

 




 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS