Forretningsanalytiker ved Ekornes, Fredrik Ødegård Nilsen:


Referat frå rotarymøte 15.01.2020:

Forretningsanalytiker ved Ekornes Fabrikker, Fredrik Ødegård Nilsen heldt eit engasjert og underhaldande foredrag om likheter og forskjeller i norsk og kinesisk forretningskultur. Greta orienterte om den planlagte turen til Bogo på Filippinene.

President Petter ønska ei talrik forsamling vel møtt. Denne gang med 3 gjestar: Jan Bolstad, Terje Uri og kvelden sin foredragshaldar, Fredrik Ødegård Nilsen. Applaus til alle saman!

Som vanlig litt om dagen sin dato: Lauritz og Laura har namnedag.

 I 1812 blei Peder Asbjørnsen født. I 1929 blei Martin Luther King jr. født.

Presidenten fortalte om dei to tragiske ras- og flomulykkene i Loen. Denne dato, i 1905, rasa 5000 m3 stein i Loenvatnet og skapte ei flodbølge som tok livet av 61 mennesker. I 1936 kom den andre ulykka: Då raste 870 000 tonn stein frå 500 meters høgde og skapte ei flodbølge på 40 m høgde. Denne gong omkom 73 mennesker.

Avslutningsvis refererte presidenten til ein kuriøs artikkel i 1910 i Aftenposten der ein mann blei dømt til å betale ei saftig bot for å ha dratt ein kar i skjegget under ein gravferdssermoni. Den forulempa skulle ha pådrege seg hovent ansikt og nedsatt hørsel.

Rotarysong:

Trubadur Olav hadde funne fram ein virkelig fin rotarysong: «Hjulets historie». Her blir engasjement og ideal vektlagt. Med Olav sitt flotte gitarspel, og til tone  «John Brown's Body.../ evt. Baby...», (Battle Hymn Of The Republic) lydde sangen flott.

Sekretær Kristin kunne forskynne at Arvid Nordstrand blir 68 år, 21. januar. Forrige møte var det 24 frammøtte som gav 58,4 % frammøte. Det er Geir B. og Odd Jostein sin tur for BUAS- besøk.

Orientering frå Greta:

Past president Greta orienterte om den planlagte turen til Filippinene, med avreise 26. februar og retur 20. mars. Hovedformålet er å besøke Lola Day Care Center i Bogo. Som vi alle veit er klubben vår tungt inne med finansiering av denne førskulen. Lone og May Brit Tynes er drivkreftene bak.

Hjelpebehovet er stort. M.a. står nye toalett på trappene. Planen er også å besøke det lokale fengselet, vere med på åpninga av ei guttebarnehjem, og ikkje minst vere på «graduation» av elevene ved Lola Day Care Center.  Vi blir alle oppfordra til å gi diverse leiker, sko og klær som dei kan ta med. Elles kan ein betale inn penger ved å nytte ein konto for dette formålet. Det blir heilt sikkert ein veldig spennande tur. Utanom Greta, reiser Olaf E. frå klubben vår. Son til Olaf og syster til Greta blir også med. Turen koster dei sjølve.

Fredrik Ødegård Nilsen:


Bilde: Fredrik Ødegård Nilsen. Bilde til ve. med mr. Chao og Olav Holst Dyrnes.

Etter rotarykaffe og gode sveler, fekk Fredrik ordet. Han er tilsett som  forretningsutviklar ved Ekornes Fabrikker her i Sykkylven.

Som vi alle veit, blei Ekornes kjøpt opp og innlemma i den kinesiske møbelgiganten, QuMei. QuMei tyder «Fine Kurver» på norsk.  Eit namn som passer godt på eit møbelkonsern.

Litt historie:

Fredrik innleia med eit lite tilbakeblikk på Ekornes si historie, frå 1934 og til i dag. Frå produksjon av kurvmøbler, til dagen si drift med ei omsetning på over 3 mrd. Alt i alt har Ekornes ei sterk historie og sterk møbelkultur. Ekornes er eit globalt selskap med 4000 utsalg i 43 ulike land.

Det er mange bedrifter som har «fridd». Dei vil gjerne samarbeide og kjøpe seg inn i konsernet. Dette har ikkje vore av interesse for Ekornes. Det «friarane» kunne tilby, var/er Ekornes allereie var sterke på.

Annaleis med kinesiske QuMei. Dei kunne tilby komplementær kultur og kunnskap. Ekornes har eit stort internasjonalt salgsnett, medan Qu Mei ikkje har dette. Til gjengjeld har dei eit stort distribusjonsnett i Kina. Dette er ein marknad som er vanskeleg for Ekornes å nå tak i. Qu Mei kjøpte så opp ekornes-aksjane, og hausten 2018 blei eigarskapet formelt overført til det kinesiske selskapet.

Positive verknader:

No er det gått over eit år, og Fredrik ser allereie positive effekter. IMG har større volum enn før. Når det gjeld Stressless, vil det ta lenger tid før den heilt store salgsauken. Men med dei mange nye distribusjonskanalene, rekner ein med at dette vil gå seg til.

Korleis samhandle på tvers av ulik forretningskulturar:

Når to så ulike forretningskulturar som den kinesiske og norske «støyter» saman, skulle ein tru at det ville bli ein del utfordringer. Fredrik hadde ein del refleksjoner som han delte med oss:

Det er 4 ting, som etter, Fredrik si meining, er viktig for å kunne samhandle best mulig:

1.     Ein må vere fleksibel: Det må takast høgde for at kinesarane har andre måter å gjere ting på. Vi har ein tendens til å vere meir fastlåste: Når vi har bestemt noko, så går vi for det, men her kan det bli endringer underveis. Så må vi huske på at vi har forskjellige tidsperspektiver.

2.     Refleksjonar og tillit er viktig: Det er viktig å vere tålmodig og bruke tid på å bygge relasjonar og tillit til kvarandre. I Norge har vi ein flat leiingsstruktur, medan den kinesiske er meir hierarkisk. Det er viktig å snakke frå «hjartet», noko som igjen er viktig for den gjensidige tilliten. Visittkort er svært viktig. Dette fekk Fredrik erfare då han ikkje hadde med seg nok.

3.     Alt kan forhandlast om: Fredrik fortel at ein aldri vil få eit nei, men det er ikkje heilt sikkert at eit ja er eit ja, slik vi forstår det.

4.     Prøv å tolke alt i beste meining: Fredrik fortalte at ein vil oppleve mykje forskjellig, og dersom dette er  på tvers av egne idealer og/eller forventninger, så må ein ta dette med fleksibilitet og godt humør. Ofte kan det kom forespørsler som ikkje er så lett for ein nordmann å forstå.

Fredrik fortalte ei historie som viser forskjellen mellom dei to kulturane: Han har pekingand som livrett, og i Beijing blei han tatt med på ein av dei beste restaurantane. Han bestilte sjølsagt pekingand. Kelneren som med ei saftig and som han skar opp. Det han la opp på tallerkenen var, i følge Fredrik, skinn og slintrer, noko vi knapt synes er etande. Det saftige, gode kjøtet trilla kelneren bort. Fredrik fortalte at han blei lang i maska, men tok det elles med godt humør. Referent tek seg den fridom å bemerke at av og til kan kanskje kulturtilpasninga gå begge veier. Hadde kinesarane blitt utsatt for tilsvarande «fornærmelse» på restaurant i Oslo, hadde dette neppe blitt tatt nådig opp.

Eit veldig interessant og artig foredrag av Fredrik som blei belønna med sedvanlig gest frå presidenten. 


Så takka han for det gode frammøte, minte om neste møte og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle

 


 
Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS