Referat frå Rotarymøte
22.01.2020:
Då leiar i SIL, Martin Hole
måtte melde avbud, stilte eggprodusent og grunder, Rune Haram opp på kort
varsel. Han fortalte om sitt liv som grunder, både på Haramsøya og Zanzibar i Afrika. Visepresident Knut Jarle
fortalte om Rotary sin best bevarte hemmelighet.
President
Petter ønska alle vel møtt og spesielt kvelden sine to gjester, Jan Bolstad og foredragshaldar
Rune Haram. Applaus!
Bilde: Kvelden sin gjest: Rune Haram.
Som vanlig
litt om dagen sin dato: Ivan og
Vanja har bursdag.
Så to
bursdagar: Den svenske forfatteren, August Strindberg født 1849, og til notida:
Skodespelar og filmregissør, Vibeke Løkkeberg f. 1945.
Presidenten
tok for seg bybrannen i Molde i 1916. I
eit forrykande ver brann det 4 stadar rundt om i byen. Ein hadde ikkje før
sløkt eine brannen før den andre flamma opp. Ein var usikker på om brannane var
påsatt eller om det var lynnedslag som var årsaka.
Rotarysong:
Trubadur og
jubilant, Olav hadde funne fram ein virkelig flott og meiningsfylt sang: «Barn
av regnbuen». Tekst av Lillebjørn Nilsen.
Sekretær:
Sekretær
Kristin kunne forkynne at det ved forrige møte var heile 34 frammøtte. Dette
gav imponerande 80,95 % (!) frammøte.
Så forkynte
ho at vår eminente trubadur Olav fyller
77 år nettopp denne dagen. Rykta hadde gått om bursdagen allereie, men no
vart det offisielt forkynt. Om Olav
ikkje fekk bursdagssang, så fekk han allefall applaus som ei fattig erstatning.
3-minutt:
3- minutt
var ved visepresident Knut Jarle: Han spurte om nokon visste kva er Rotary
Fellowship er? Han ga sjøl svaret: Nemlig sammenslutning av rotarianarar som
har felles interesser. Det kan vere Fellowship for golf, frimerkesamling,
motorsykkel, ja kva som helst. I desse foreiningane blir rotarianarane kjent
med kvarandre. Visepresidenten anbefalte
oss å gå inn på rotary.org og så klikke på: https://www.rotary.org/en/search/all/Rotary%20Fellowship.
Ymse:
Steinar K. minte
om at speidarane inviterer til bålbrenning ved Fjellsæter Ungdomssenter,
laurdag 25. Tid: frå kl. 21 til ca. 22.
Dette i samband med speidertreff med i alt 80 deltakarar. Dei yngste har reist
heim, men dei eldste vil delta i bålbrenning med tilhøyrande program.
Rune Haram: Om «Sunnmørsegg» og etablering
av grunderskap:
Bilde: Delikate egg frå "Sunnmørsegg" og Rune Haram til hø. saman med presidenten i bakgrunnen:
Etter
rotarykaffe og eplekake, fekk Rune Haram ordet. Rune ville snakke om
grunderskap både på Haramsøya (Sørengarden) og i
eit såpass, for oss, eksotisk land som Zanzibar.
Først viste han ein liten videosnutt frå Sunnmøre LIVE. Her blei Rune intervjua
om «Sunnmørsegg». Saman med Nilsgarden på Skår og Fjellvegen Gard har
dei starta storstilt eggproduksjon. Varemerke er kraftig gul og appetittlig
eggeplomme. Dette pga. av spesialfor og god
dyrehelse, der hønene får gå fritt inne i ei bygning med stort areal. Dette har
blitt ein såpass suksess at Sunnmørsmat med Sunnmørsegg har fått med «bedriftsutviklingsprisen» for
landbruket i Møre og Romsdal. Utgiver er Landbruks og Matdepartementet.
Kva litt så
bak denne suksessen? Det å vere grunder er ei utfordring! Rune fortalte kva som
skal til, gav tips og råd og kva han hadde lagt vekt på. Det er ingen quick
fix. Som med toppidrettsfolka er det gjerne 10000 timer som må til. Videre å
knytte til seg dyktige medarbeidarar, og folk som gir energi og ikkje tar
energi. Så bruke tid på planlegging, vere grundig og ein må ha kunnskap om det
ein driv med.
Sjølsagt er
det nok av hindringar: Rune lista opp mange av desse: «Bygdedyret», frykt for
ikkje å lykkast, tape penger, stivbeint byråkrati, marknadsadgang, i tillegg
ukjente faktorer ??? Som eit prinsipp er det viktig å ikkje vere for ambisiøs
på kort sikt. Derimot, retroperspektivt, fekk ein ofte gjort meir enn ein
trudde. Kanskje det viktigaste er likevel, i følge Rune, entusiasme,
begeistring og at ein brenn for prosjektet sitt.
Etablering på Zanzibar i Afrika:
Bilde: Rune med Mari Maurstad og John John Bruseth (som fikk Rune med på Zanzibarprosjektet):
Men dersom
ein trur at Rune berre er etablert
lokalt, må tru om igjen. Han fikk spørsmål om han kunne tenke å seg å
bygge opp eggproduksjon på Zanzibar.
Som det ja-menneske han er, svarte han, nettopp: ja. Men mykje må gjerast før
eggproduksjonen kjem i «gjenge». M.a. gjer eit stivbeint byråkrati at det heile
tek tid. Dersom prosjektet lukkast, vil det kunne å bringe mange kvinner ut av
fattigdom. Rune samarbeider med John John Dale. Norges Vel tek seg av
organisering.
Bilde: Sunnmørsegg til ve. og lokale egg frå Zanzibar til hø.(legg merke til fargeforskjell):
Når Martin
Hole måtte melde avbud, var Rune Haram ein flott og entusiastisk erstatter.
Etter mange spørsmål og stor takk, lønna presidenten han med sedvanlig gest, denne gang ei flaske vin (sjå bilde under).
Så takka
presidenten for møtet, minte om bedriftsbesøket neste onsdag og ønska alle vel
heim.
Referent
Jarle
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.