Rotarymøte 26.02.2020: Ivar Johansen: "15- årig fyrstereis-gutt".

Referat frå Rotarymøte 26.02.2020:

IvarJohansen fortalte korleis han opplevde å vere fyrstereis-gut i utanriksfart ombord på MS Falkanger. Rotaryven Odd held ei lita orientering om Brexit og presidenten orienterte om situasjonen med Sparebanksalen og forhandlingane i det høve.

Denne gangen var møtet i Kyrkjekjelleren. President Petter ønska som vanlig alle vel møtt, og spesielt kvelden sin gjest og foredragshaldar, Ivar Johansen. Applaus!

Som vanleg litt om dagen sin dato: Inger og Ingjerd har namnedag. Vår Ingjerd var ikkje til stades, og gjekk glipp av applaus på sin namnedag.

To fødselsdagar: Den amerikanske countrysangaren, Johnny Cash, født i 1932, og vår eminente fotballhelt og manager, Ole Gunnar Solskjær, født 1973.

I den siste tida har vi hatt forskjellige former for å vere «fast». Det gjeld for eksempel «sandfast» på Kanariøyane, «coronafast», der denne virusen herjar, og «rasfast» der folk er blitt innesperra av ras. For nokre år sidan (år 2010) hadde vi «askefast» då ein vulkan på Island hadde utbrot og asken blokkerte flytrafikken. President Petter minte om at vulkanen Hekla hadde utbrot i år 2000, utan at dette var særlig stort eller dramatisk. Utbrota i 1104, 1693, 1766 og i vår tid, i 1947 var langt større og hadde store konsekvensar i den aktuelle tida.

Rotarysong:

For trubadur Olav, kunne «sandfast» på Kanariøyane, vore aktuelt dersom han hadde hatt ein tidlegare heimreisedato. I Olav sitt fråver fekk Ove og Odd det ærefulle oppdraget å finne ei høveleg rotarysong. Og «Mellom bakkar og berg» må vel seiast å oppfylle dette.

Sekretær kunne forkynne at det ved forrige møte var 24 frammøtte, noko som ga 60,17 %.

Bursdager: Geir L. fylte 52 år, 19. februar. Så to runde bursdager: Knut Molnes fylte 75 år, 21. februar og Kjell Heggdal fylte 80 år, 24. februar. Presidenten spanderte velfortjente blomster på dei to.


Bilde: To kjekke karer, Knut Molnes og Kjell Høydal som fylte 75 år og 80 år. 

3- minutt:

Odd H. heldt 3 minutt om Brexit. Som vi veit, gjekk Storbritannia ut av EU, 31. januar. Då Norge er med i EØS, var det mange økonomiske avtalar mellom dei to landa. Det er ei overgangsordning ut 2021, men etter dette må alt forhandlas på nytt. Britane er ein av våre viktigaste handelspartnarar. Norge eksporterer for i alt 209 mrd kroner til Storbritannia. Av dette er 150 mrd. olje og gass. Så vidt referent fekk med seg, eksporterer vi fisk for 7 mrd. Andre vegen, så importerer vi for 83 mrd. kroner. Det er eit håp at det blir forhandla fram ein frihandelsavtale som er til gagn for begge nasjonar. Uansett blir det krevjande forhandlingar der alle departement må få til eit nytt avtaleverk. Svært aktuelt og opplysande 3- minutt.

Ymse:

President Petter opplyste at, saman Greta,  han hadde hatt ein runde til med rydding av Sparebanklokala «våre». Eigar kunne visst tenkt seg at alt var rydda ut, men vi fekk, etter avtale med Coop og Sparebanken, lov til å ha vore ting på plass til eigarskapet er avklart . Vi håper sjølsagt  vi kan halde fram som før.

Greta og Olaf, med følge, er på veg til Filippinene. I skrivande stund er dei kome fram til Bogo og Lola Day Care senter. Referent ønsker dei eit riktig godt opphald, og håper at dei ikkje blir «corona-fast». 

Til slutt ei sak frå presidenten som ikkje er særlig flatterende for referent. Under referatet frå Kjell Løseth om Viggo Ørbeck, var referent så «syndig» at han lasta ned eit bilde frå Internett av den godeste Viggo. Det skulle han ikkje ha gjort. NTB har nemlig «copyright» på bilde. Det førte til at klubben vår fekk ei saftig bot på kr 3.750,-. I tillegg måtte vi slette alle bilder på heimesida, både under «Nyhende» og under «Her kan du lese referat frå 2016 ----2019/2020». Referent vil beklage det som har hendt. Heretter vil det kun bli nytta bilder som vi har tatt sjølve, eller etter ettertrykkelig tillatelse frå  eieren av bilda.

Ivar Johansen: «15- åring førstereisgutt»:

Etter rotarykaffe og gode rundstykker, fekk Ivar Johansen ordet. I eit møte i Odd Fellow, hadde han fortalt om å vere 15 år og førstereisgut i handelsflåten. Knut V., som også er med i denne organisasjonen, spurte om han kunne halde samme foredraget hos oss. Det ville Ivar:


Bilde: Ivar held sitt interesante foredrag:

Skuleskip:

Han opna med å fortelle at han er frå Vardø. Då han fylte 15 år tok han turen med hurtigruta til Stavanger og skuleskipet D/S Gann. Saman med 86 andre kadetter fikk han utdanning i 3 månader. Ungdommene fikk solid kunnskap i sjømannskap og dei fekk lære disiplin.

MS Falkanger:

Etter desse 3 månadane, fekk Ivar hyre på lastebåten, M/S Falkanger. Jobben var  i byssa som messegut. Arbeidet her var mangfoldig, men potetskrelling utgjorde nok ein, ikkje liten del, av arbeidet.

Gjensyn med familien:

Første hamn var Rotterdam, der det blei lasta tømmer som skulle til Arkhangelsk i Sovjetunionen. På veg dit ankra dei opp utanfor Vardø, og Ivar fekk gjensyn med familien. I tillegg til gjensynsgleda, var også veret heilt fantastisk med 30 graders varme.

Frå Arkhangelsk gjekk ferda tilbake til Rotterdam via Kielkanalen. Her blei det besøk på sjømannskirka med god mottaking, kaffe og vafler. Sjøfolka fekk lese gamle og nye aviser, og brev og pakker heimanfrå var sjølsagt svært velkoment.

Ivar fortalte at mannskapa på skipet stort sett var greie folk, og at dei yngre sjølsagt hadde stor respekt for dei eldre. Særleg stor respekt for dei som hadde seilt ute under krigen, krigsseglarane. Ein av arbeidarane i byssa hadde blitt torpedert ikkje mindre enn to gonger. 

New York:

Så fekk Ivar oppfylt ein stor draum: Turen gjekk frå Antwerpen i Belgia, over Atlanteren, til Amerika og New York. Her var det mykje å oppleve for ein 15 åring: Pass i plast, Coca Cola og hamburgere, og sjølsagt eit besøk ved sjømannskirka, der sjøfolka alltid var velkomne.

Frå New York fortsatte M/S Falkanger til Cristobal i Panama, via den 65 km lange Panamakanalen. Landskapet var litt annaleis enn i Vardø, med tett jungel på begge sider og svært varmt. Vidare, til eit veldig vakkert land, Costa Rica. Her var det riktig eksotisk med aktiv vulkan i nærleiken, latinamerikanske rytmer og musikk.

Levende last:

Ekstra eksotisk blei det då det blei lasta inn 550 halvville okser. Desse hadde med seg 6 oksepassere. Reisemålet var Lima i Peru. Etter å ha avlevert «lasten», blei det grundig reingjering av båten for å få bort all «etterlatenskapene» frå dyra.

Sjøl om sjømannslivet og jobben om bord i messa var slitsomt, var det også ein del fritidstilbod om bord. Det blei vist film to ganger i veka, og det blei delt ut «rasjoner» av øl eller mineralvatn til dei unge. Det var også populært å prøve å få inn Rogaland Radio med masse antenner rundt omkring i båten. Noko som telegrafisten kunne styre si begeistring for, idet det forstyrra mottak og sending av radiosignal.

Jule- og nyttårsfeiring:

Ivar fortalte korleis det var å feire jul og nyttår under tropiske og varme strøk, i Sør Amerika. Det var nok heilt annaleis enn i Vardø. Men bortsett frå varmen og klimaet, var det ein del ting som heime. Pakkar og telegram frå heimlandet var populært. Det var god mat og drikke og opplesing av Juleevangeliet.

Sjukmelding:

Varmen plaga Ivar veldig, og for å kjøle seg ned retta han ei vifte med kald luft mot ansiktet. Resultatet blei ein ansiktslammelse. Etter konsultasjon med lege i Balboa, blei han sjukmeldt og sendt tilbake til heimstaden, Vardø. Slik enda dei første 8 ½ månader i utenriksfart for Ivar. Men han tok ikkje skrekken, og det blei slett ikkje siste turen han gjorde. På ein av turane, i 1970, møtte han Sigrid som han no er gift med.

Eit artig og interessant historie av Ivar. Velfortjent belønning frå presidenten.


Bilde: President Petter med kvelden sin gjest, Ivar Johansen:

Så minte president Petter om neste møte, 4. mars. «Stad får vi kome tilbake til», sa han. Til slutt blei alle ønske vel heim.

 

Referent Jarle 





 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS