Rotarymøte 04.03.2020: Designer Runa Klock:


Referat frå rotarymøte 04.03.2020:

Designer Runa Klock vitja Sykkylven Rotaryklubb og fortalte om bærekraftig design. Ho har utdanning frå Kunsthøgskulen i Oslo og har skreve mastergrad om "Bærekraftig design". Vi fekk besøk av "Fole flinke damer" som håpa å få inspirasjon av Runa. Rotaryven Asbjørn heldt 3 minutt om auka krav til industrien om merksemd på miljø og bærekraft.

Møtestad var Kyrkjekjellaren, og president Petter ønska, som vanleg, alle vel møtt. Denne gangen var det 4 gjestar: 3  frå «Flole flinke damer»: Anett Fet, Ann Marie Andreassen og Emte Aure. Og ikkje minst, kvelden sin foredragshaldar, Runa Klock. Applaus til alle saman!!!!

Som vanleg, litt om dagen sin dato: To bursdager: Henrik Sjøfareren frå Portugal f. 1394. Blei etter måten ein gamal mann: Døydde i 1460, 66 år gamal. Så til våre dager og ei heilt anna «bransje»: Den norske jazzmusiker, Jan Garbarek f. 1947.

Folkeforbundet blei grunnlagt denne dato i 1920. Hovedsete i Geneve. Blei offisielt lagt ned 18/4 1946, og FN blei grunnlagt med hovedsete i New York.

Medisin: Første nyretransplantasjon blei utført i Boston i 1954.

Ord for dagen: «Kan ein vere glad for lite, har ein mykje å vere fornøgd med»

Rotarysong:

Trubadur Olav glimra fortsatt med sitt fråver. Då var det berre å forsette å synge fleire vers av «Mellom bakkar og berg». Vi nøgde oss med eit vers.

Sekretær kunne opplyse om at ved forrige møte var 25 frammøtte som gav 61,54 %.

Bursdager: Nils Arve fyller 64 år i dag, 4. mars. Knut Henning og Sindre har bursdager høvedsvis 9. og 10. mars, men referent fekk ikkje med seg kor gamle dei er. Kanskje kan nokon gi referent eit hint om dette? Uansett, trur referent, at dei dreg ned gjennomsnittsalderen i Klubben.

Hallgeir og Hallstein står for tur til BUAS- besøk.

3-minutt:

Asbjørn Riksheim helt kvelden sitt 3- minutt: Han innleia med at temaet for foredraget hans er det samme som for Runa, nemlig bærekraft.

Asbjørn er med i leiinga i to fabrikker, L.P. Riksheim her i Sykkylven og Norwegian Wood i Litauen. Den første firmaet produserer, så vidt referent forstår, deler til møbelindustrien og Litauen produserer trapper. Her blir trappedelene behandla med ein spesiell tørkeprosess som gjer at kvaliteten blir ekstra god.

Asbjørn fortel at kundane meir og meir etterspør miljø- og bærekraft. Eit eksempel på dette er Hilding Jensen i Svelvik som er ein stor kunde. Utan å vere miljømedvetne,  vil ein tape i konkurransen i framtida. Fabrikken i Sykkylven er opptekne av miljø, medan Litauen ikkje veit kva det er.

Interessant å høyre at vi går mot andre tider i utvikling og produksjon.

Ymse:

President Petter opplyste at situasjonen med lokala i Sparebankbygget fortsatt er uavklart. Innan ein månad veit ein kanskje meir.

Elles har referent lyst til å minne om at Greta og Olaf er i Bogo på Filippinene. Les meir om opphaldet deira ved å gå inn på facebooksida til Lola Day Care Center.  

Designer Runa Klock: «Berekraftig design og utvikling».

Etter kyrkjekaffe, med kraftige sjokoladekaker, var det Runa Klock sin tur som kvelden sin foredragshaldar: Ho fortalte at ho har namnet sitt frå Ramstaddal, men bur no på Sjøholt.


Bilde: Runa Klock.

Utdanning:

Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo der hos studerte møbeldesign og interiør arkitektur, og har ein mastergrad i bærekraftig design». Ho har også grunder-utdanning frå Universitetet i Oslo og Berkeley i San Fransisco, USA.

Inspirasjon frå naturen:

Runa viste oss ei rekke bilete frå designa produkt der ho har henta inspirasjon frå naturen. Eksempel er eit bord som lett kan demonteres og blir flatpakka. Modellen til dette er to røtter som krysser kvarandre. Likeeins modell frå vannliljer som har gitt modell til runde, flate skjermer med lys. Dei er festa i taket og  gjer at lyden i lokalet blir bedre, og at ein samstundes føler at det er lavere under taket.


Bilde: Til ve. skjerm etter inspirasjon frå vannliljer og hø. Bokari-kurver: (Bilda er frå internett og er nytta etter tillating frå Runa).

Designvettregler:

Runa viste oss eit bilde med designvettregler for bruk av ulike materiale og råvarer. Ei kort oppsummering er at materiala skal vere resirkulerte, lette å separere, resirkulerbare, fornybare, kortreiste og kreve lite energi i produksjonen. Det gjeld å finne alternativ til miljøskadelige stoff og materiale som samsvarer med forventa levetid. Til sist: Kva verdi signaliserer materialet? Samstundes må omsyn til transport og heile livssyklusen til produktet være med i designprosessen.

Jacobprisen:

Runa har fått Jacobprisen for god design. Grunngjevinga for dette er at ho er visjonær, har brei utdanning og beveger seg lett mellom ulike kategorier og materiale, med stor respekt for tradisjoner og håndverk. Til sist, men ikkje minst, legg juryen vekt på at ho veksler mellom forskjellige roller som grunder, strateg, designer, oppfinner, stadutvikler og markedsfører. «Runa Klock er en visjonær og grensesprengende fagutøver som demonstrerer designfagets potensial som en driver i samfunnsutviklingen,» står det i juryen si begrunning. 

«Epleslang»:

Det siste har ho bevist gjennom prosjekt som «Epleslang» i Oslo. Ho er ein av gründerane bak ei verksemd som dreg rundt til private hager i Oslo og haustar eple som ellers ville råtne. Då dei byrja i 2013, blei det plukka 7000 kg eple. I 2019 blei det plukka 45000 kg som blir pressa til eplemost. Identiteten utvikla for Epleslang har fått «Hederspris for god design».

Runa har hatt samarbeid med Botsfengselet i Oslo og hotellet «The Thief» når det gjeld produktutvikling og design, uten at referent kan gå i detalj om dette.

Ellers er ho inne i prosjekt som Moving Mamas og Retour.

Prosjekt i Pakistan:

Avslutningsvis vil referent nemne eit prosjekt i Sultan Town i Pakistan. Ein norsk-pakistaner ved Yawar Bokari starta ein fabrikk som laga golvtepper av filleryer. Saman med fabrikken, bygde han ein skule som barna til dei ansatte fekk gå på. Han døydde dessverre i 2012, og fabrikken blei lagt ned. Borna forsvant frå skulen. Sjøl om denne var gratis, måtte elevane slutte for å hjelpe foreldra med nok inntekter til familien.

Runa blei spurt om ho kunne hjelpe til å få fabrikken på beina igjen. Saman med sonen og dattera til Yawar, Amar og Laila, tok ho fatt på dette arbeidet. Så vidt referent forstår, går dette heilt fint. Fabrikken går bra og barna er tilbake på skulen. Det er 300 ansatte, av desse er 100 kvinner. (Sjå bilde av Bokari-kurver over)

Det er også bygd eit vannrenseanlegg med gratis vatn til heile byen.

Men Runa jobber i lokalmiljøet hos oss også.  Ho har siste to åra arbeidd som tettstadutviklar for Sjøholt sentrum, i Ørskog kommune, men er no tilbake i freelancelivet.

Eit interessant foredrag, der mange blei både engasjerte og inspirerte. Kanskje også dei «Fole flinke damene» som sikkert kan få tips av Runa når det gjeld sentrum her i Sykkylven.

Litt på overtid overrakte presidenten ein velfortjent gest til Runa.(Sjå bilde over:)


Bilde: Runa nr. 2 frå ve. saman med dei "fole flinke damene". Hø.: President Petter flankert av 4 flotte damer.

Så takka han for oppmøtet og minte om «Presidenten sin time» som sannsynligvis også blir i Kyrkjekjelleren.

 

Referent Jarle







 
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS