Korona-stopp:

Alle møter i Sykkylven Rotaryklubb er avlyst på ubestemt tid. Følg med på epost frå styret og president Petter for orientering underveis.

Koronastatus pr. dagen sin dato 26.03.20.: Det er meir eller mindre unntakstilstand i Norge, ja faktisk i heile verda. 

Massestengning:
Hos oss er alle institusjoner som samlar folk stengt. Det gjeld skular, barnehagar, treningssentre, serviceverksemder som frisører og fotpleie/hudpleie osv.
Fysikalske institutt, kiropraktorkontor og andre helsetilbud er stengt. Reiselivet er hardt råka og flyselskapa, Norwegian og SAS er i krise. Det er masse-arbeidsledighet og permitteringer over "ein lav sko". I Sykkylven er det pr. dags dato 16 % av arbeidsstokken  permittert, av dette er det sjølsagt mange på Ekornes.
Kritiske funksjonar i samfunnet som matforsyning, kraftforsyning, renovasjon, sjukehus og naudsynt helsehjelp med meir må bli helde i gang. Så er det å håpe at ikkje altfor mange blir smitta på ein gong slik at desse funksjonane blir satt ut av kraft. Dette er det overordna målet for myndighetene sine strenge tiltak. 
Aviser og tidsskrift slit på grunn av stor nedgang i annonseinntekter. Radio, TV og strømmetjenester har sjølsagt "gode dager" no når folk er heime. Derimot er alt av sportsarrangement avlyst inntil vidare. Viktigst er at OL i Tokyo er utsatt eit år, til 2021.

Ikkje berre Korona-virus, men også "Krone-virus":
Myndighetene har gitt flyselskapa lånegaranti på 6 mrd. kroner. I alt er div. økonomiske hjelpetiltak til berekna til 280 mrd., men det er vel muligheter for at krisa vil koste meir.
I skrivande stund har helsemyndighetene anbefalt å ikkje samlast i alt for store grupper (helst under 5) og halde minst 2 meters avstand.
Det er ikkje lov for hyttefolk å bu på hyttene sine når desse ligg utanom eigen kommune.

Opphav i Kina, men no er episenteret i Sør-Europa:
Koronasmitten oppstod i Wuhanprovinsen i Kina, men har spreid seg til heile verda. Hardast råka er for øyeblikket Nord-Italia og Spania. I Kina ser det ut som ein er i ferd med å få kontroll over smitten. I Norge var det 25.03. cirka 2000 stadfesta smitta, men helsemyndighetene meiner at det er mange som "går under radaren", slik at talet kan vere så høgt som 23000. Det er stadfesta 14 døde. Av desse er det nok eldre folk, kanskje med tilleggssjukdomar. 

Kor lenge vil tiltaka vare?
Når vi kan møtast i Sykkylven Rotaryklubb er umulig å sei. I første omgang har myndighetene forlenga "unntakstilstanden" til over påske.  Kor lenge krisa vi vare er vanskelig å spå om. Helsemyndighetene meiner pandemien kan delast inn i 5 faser og at vi no er i fase 2. På den bakgrunn kan det tyde på at vi må belage oss på unntakstilstand ei lang tid enno.

26.03.2020: Jarle Svindseth

 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS