I det fine veret passa det godt å ha møte
utandørs. Vi køyrde til Slettegjerde og gjekk til Litlesanden der Straumgjerde
Velforening og LHL hadde gått saman om å lage til turveg,badeplass og grindløe. Sjå referat under bilda:
Rotarymøte 17.06.2020 – ved
Fetstranda:
Då
vermeldingane hadde vore fine i lang tid, bestemte Bastian og president Petter å
ha møte i det fri. Kva er då finare enn Lisjesanden ved Fetstranda?
Ikkje noko
stort frammøte, men det fine veret spelte kanskje inn.
President
Petter ønska alle vel møtt, og spesielt dei to innbedne gjestane, Liv Fauske og
Jens Olsen. Begge to representanter for LHL- Sykkylven.
Sidan vi er
i Henrik Straumsheim sitt rike, passa det fint med bygdasongen: «Eg veit ei bygd
der inne».
Trubadur
Olav var i storform, og fortalte at han hadde vore innom P 1 pluss for
intervjuv. Dette etter å ha svart korrekt på nokre spørsmål. Olav fekk
avslutningsvis lov å framføre Jacob Sande sitt humoristiske dikt: «Barken på Stadt». Forhistoria er at i 15. mars 1967 var Olav på besøk hos ein kompis. Ut
på natta, i 2- tida fekk Olav inspirasjon til å framføre dette diktet. Lite
visste han at Jacob Sande døde same natta. Olav rekner med at det ikkje var
dårleg framføring som var dødsårsaka.
Etter matykt
fekk Liv og Jens ordet: Dei fortalte litt om korleis fasilitetene ved
Litjevatnet hadde blitt til. Saman med Jens og LHL fikk Ole Høydal ideen om ein
rasteplass ved Litjevatnet. Då med gapahuk og brygge. Finansiering blei søkt
hos Ekstrastiftelsen (300 000 kr) og Sparebanken (15000 kr). Tilsaman
kosta rasteplassen og oppgrading av vegen, i alt 400 000 kr.
4. juni 2016
var det høgtideleg opning med ordfører. Han kom roande, og med Per Svein
Tandstad som spelte tussefløyte.
Seinare blei
det samla inn penger til skilting av turveg og fasiliteter. I tillegg også
skilt med dikt av lokale poeter.
Liv
supplerte orienteringa til Jens med utfyllende info.
Flott orientering
om turområde referent kjente lite til på førehand.
Velfortjent
gest til begge to med kortreist spekepølse frå Velledalen.
I den fine
kvelden, stod det igjen for president Petter å takke for frammøte. Han minte om
siste møte dette rotaryåret med presidentskifte. Så ein fin spasertur tilbake
til bilene på Slettegjerdet.
Referent
Jarle
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"