Rotarymøte 24.06.2020 med president-skifte
og vinlotteri:
Så var tida kome for siste møtet i SRK for
rotaryåret 2020/2021:
President Petter overrakte presidentkjedet til
komande president, Knut Jarle. Elles blei komiteleiarane som slutta, takka av
med kvar sin blomsterbukett.
Som
president i SRK for siste gang, ønska Petter alle vel møtt. Ingen gjester denne
gang. Som vanlig litt om dagen sin dato:
To bursdager: Langrennsstjerne Ivar Formo, født 1951. Omkom i ei tragisk
drukningsulykke, 26. desember 2006. Sopransanger («cross-over») av verdensformat,
Sissel Kyrkjebøe f. 1969. I 1893 var Fridtjof Nansen sin båt «Fram» klar for
polarekspedisjon. Norsk Rikskringkasting (NRK) blei ved lov vedtatt oppretta i
1933. Første sending 1. juli samme år. Og når vi er inne på radio: Reiseradioen
starta sine sendinger 24. juni 1963.
Rotarysong:
Ved
presidentskifte passa det godt å synge Henrik Straumsheim sin rotarysong: «Midt
i alt som kan kløyve og skilje…» Melodien
er velkjente «Mellom bakkar og berg».
Sekretær
kunne opplyse at det ved friluftsmøte ved Fetvatnet var frammøte 14. Dette ga beskjedne 34,15 % frammøte.
Elles er det
drøssevis med bursdager fram til neste møte, 19. august. Referent fekk ikkje
med seg alle, men av runde år fyller Torill Lillebø Neerland 70 år, 3. juli.
Ove Straumsheim fyller 80 år, 25. juli. Gratulerer så mykjeJ
3- minutt var ved Roger Kornberg: Han fortalte at han er styreformann
i noko så flott som «Brannkasse Varig Forsikring Sykkylven Gjensidige». Dei
fleste bruker vel berre Gjensidige Forsikring. Her i Sykkylven er den delt i
to: Ein lokal del som omfatter brannforsikring, og ein del som er som eit
agentur for det nasjonale forsikringsselskapet, Gjensidige. Det siste omfatter
forsikringer i vid forstand, f.eks. bilforsikringer. Brannforsikring gjeld
berre i Sykkylven.
Det er 4
ansatte (veldig flinke), og i fjor hadde dei ei omsetning på 65 mill. Av dette
utgjorde brannforsikring 10 mill. og andre (f.eks. bilforsikring) 55 mill.
Skadeutbetaling
samme år var på 36 mill., der brann utgjorde 3 mill.
Det ligg i
namnet, Gjensidige at det er kundene som eig i selskapet. Derfor blir det
betalt utbytte til kvar enkelt forsikringstaker. Gjensidige synes det er viktig
å støtte opp om frivillig arbeid i lokalmiljøet, og betaler ut mellom ein halv
og ein mill. til dette.
Strukturert
og oversiktlig orientering av Roger.
Ymse frå president Petter: Han fortalte at han hadde sendt eit
brev til Sykkylven Sparebank og takka for at vi har fått bruke lokala gratis
Roser dei for alltid å ha vore greie å samarbeide med. Ny eigar av
Sparebankbygget er Sykkylven Kommune.
Sidan det
var siste rotarykaffe i dette året,
hadde matkomiteen samla seg til dugnad og baka marsjipankake og bløtkake.
Referent åt eit stort stykke av den siste, og det smakte heilt fortreffelig.
Presidentskifte:
Så følte vi
alle på høgtid då president Petter takka for seg. Først ei lita oppsummering: Han
fortalte han fekk ein «flying start» i august med «Summercamp» og besøk av 12
fantastisk kjekke ungdommer frå 11 ulike land. Sjå bilda under:
Rotaryåret følte
han elles hadde blitt delt i to, før og etter koronapandemien. Dette førte til
ein heilt spesiell situasjon, ikkje berre for oss, men for heile landet (heile
verda).
Han
oppsummerte dei tre satsingsområda, rekruttering, meir synlig lokalt og meir
aktivt sosialt liv innad i klubben. Ein del av dette hadde nok blitt hemma av
pandemien.
Polioaksjonen, denne gang i sentrum, er eit ledd i større synlighet. Petter gjekk langt i å antyde at ein vil fortsette med dette i sentrum komande haust.
Prosjekta elles
har gått for seg som tenkt og planlagt. Det er blitt gitt mange pengegaver,
noko som gjer at vi får eit lite underskot dette året. Men det er ikkje
større enn at vi fint kan leve med det.
Presidenten
etterlyste meir engasjement mellom medlemmene. Her tenkte han på
telefonstafetten som blei satt i gang under koronaperioden. Kor den har stoppa,
veit han ikkje, men mykje tyder vel på at dette skjedde relativt tidlig.
Avslutningsvis
las han Henrik Straumsheim sitt dikt, «Ro stilt langs med landet». Dette diktet
står oppslått ved Lisjesanden ved Fetvatnet.
Så reiste alle seg til høgtidelig president-skifte. Petter overrakte presidentkjeda til Knut Jarle, som no er den nye presidenten i SRK. Som vanlig blei det utveksla blomsterbuketter. Frå avtroppende til nye, så frå den nye til avtroppende. Dei komiteleiarane som gjekk, av blei også takka med kvar sin blomsterbukett.
Bilde: Ny president Knut Jarle Vik:
Bilde: Frå ve. Olaf Ellingsen, Jarle Svindseth, President Petter og Greta Herje. (no AG):
Den nye
presidenten, Knut Jarle tok så ordet og fortalte litt om korleis han vil legge
opp det nye rotaryåret: Ingen «palassrevolusjon», men konsolidering av
eksisterande prosjekt.
Guvenørbesøket
denne gang blir her i Sykkylven. Han fortalte også at han ville gå i samtale
med kommunen om møtelokala i det nye året.
Då Trygve
måtte sei frå seg visepresidentjobben, har president Knut Jarle skaffa ei solid
erstatning, Roger Kornberg. ApplausJ.
Over til
meir internasjonal Rotary: Mottoet for rotaryåret 2020/2021 er: «Rotary opens
opportunities». Den nye verdenspresidenten er tysk og heiter Holger Knaack.
Avslutningsvis
minte president Knut Jarle om første møtet over ferien, 19 august. Så blei vi
alle ønska god sommer og kva passa bedre enn så å synge Kårstein Blindheim sin
rotarysong.
Bilde: Ny president i SRK, Knut Jarle.
Dette er
siste referatet frå meg. I august går eg over til ein meir matnyttig komite,
Servering.
Eg vil takke for meg og mine 3 år som CICO. Eg
håper at medlemmane har hatt glede og nytte av referata. Eg vil sjølsagt stå
til disposisjon i opplæring av ny CICO, og gi råd og vink dersom det er
ønskelig.
Så vil
PR/info ønske alle ein riktig god sommerJ
Referent
Jarle
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.