Skrivar: Olav Pileberg
President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til rotarymøte. Gjest: Liv Marie Lillevik.
Namnedag i dag
for Elisabeth, med kortformene Lisa, Lise og Liss.
Utval frå minneboka til presidenten:
Minnedagar: Universitetet i Oslo, grunnlagt 1811. https://www.mn.uio.no/astro/tjenester/publikum/almanakken/innhold/tema2011.html
1893: telefonline mellom
Kristiania og Stockholm. 1949: Knut Borge (d. 2017) Merknad frå skrivaren:
jazz-kjennaren KB var ein av dei første, om ikkje den aller første, som offentleg
heia fram Hilde Louise Asbjørnsen. Takk, Knut! Heia Hilde!)
Presidenten
minte også om Guvernørbesøk den 16. september, på Promenaden, Ikornnes, med
corona-plass til 40 gjester. NB:
det vart gløymt å legge ut påmeldingsliste til guvernørmøtet. Meld frå til Knut
Jarle på e-post eller SMS. Pris: Kr 300, pluss-minus.
Olav inviterte til allsong, saman med Kirsti (namnedag 13. november)
Sparboe: En sommer
er over. Dette med bakgrunn i dagens dato, og ikkje i det fine sommarvȇret
som vi gleder oss over.
Sekretær Kristin
informerte om frammøte m.m.
3-minutt var ved Olaf Ellingsen. Han delte med oss faren si utsegn då
han var 10 år yngre enn sonen er no (79): «Det er mykje godt å ergre seg over,
her i verda.» I dag følgde Olaf opp med å ergre seg over kommande vindmøller i
Okla-feltet på Stadlandet og sameleis på Haramsøya. Vidare heldt vår gode Rotary-kamerat
eit ego-foredrag, 33 år etter det førre, der det gjekk tydeleg fram at han
hadde valt å vere godt nøgd med livet og tilværet, sjølv etter at hans kjære
kone Anne-Karin gjekk bort rett før jul i 2017. Olaf bestemte seg for å søkje
ut, i staden for å sitje inne og sture. Familien med barn og barnebarn held
godt saman, sjølv om dei er spreidde frå Malvik til Telemark. Eldstemann er 52
år og bur på Jarnes. Ein son som tidlegare arbeidde for Tine, vart svært
populær hos barn i Bogo, Filippinane, då han delte ut T-skjorter med
Tine-reklame til alle barna ved Prosjekt Filippinene tidlegare i år. Olaf
presenterte i tur og orden, og fortalde også i stikkord form om venner,
interesser og turar med kultur og musikk som sterke element lagt inn. Dagane
går fort, anten innsatsen er på bortebane eller heime på eigen grunn med mange
mål som krev merksemd. Dessutan er heimehuset heile 99 år gammalt, og treng
vedlikehald. Litteratur (gjerne om 2. verdskrig) og fiske/ friluftsliv står
høgt på aktivitetslista. Turen til Filippinane i februar opna augene for alvor
for den enorme innsatsen som fam. Tynes og lokale hjelparar gjer i prosjektet
som også SRK støttar. https://www.facebook.com/PROSJEKTfilippinene Olaf er optimist av natur og siterer gjerne eit
av Piet Hein/ Storm P sine gruk:
«En skal være god mot seg, så lenge man har seg.» Takk for seg.
Foredrag, v/ Odd Jostein
Drotninghaug: «Det å ha eit barn med kreft, og kva det fører med seg.» September
er Den internasjonale barnekreftmåneden. https://www.barnekreftforeningen.no/nyheter
Odd Jostein fortalde om familien sin situasjon, nøkternt, men levande og
engasjert, og supplerte med bilete til slutt. Dagen etter møtet (torsdag)
reiste foreldra og Solveig til St. Olavs hospital, Trondheim, og returnerte
seint fredag. Etter to og eit halvt år (februar 2018) med behandling og siste
året med cellegift annakvar månad er dette siste gong.
Byrjinga: primo 2018. Slapp og «ute av lage». Ikkje til å kjenne igjen frå før.
Etter eit par bomturar på legevakta, med normal CRP (blodprøve) og ingen funn,
ny og grundigare sjekk. Det kom for ein dag at blodet hadde så lave verdiar at
CRP-instrumentet ikkje gjorde utslag. Full alarm!
Rett ut til barneavdelinga på sjukehuset i Ålesund. Neste dag med ambulansefly til
Værnes/ St. Olavs hospital. På sjukehuset si
barneavdeling 4 vart dei møtte av eit «fantastisk personale»…noko som også
galdt avdelinga i Ålesund. Her var staben fullt fokusert berre på dei nye «gjestene»
sitt ve og vel. Relasjonsbygging, trygt og godt miljø. «Då mor Grethe i
ettermiddag sa at «no må du ta å pakke bagen din Solveig, for vi skal til
Trondheim,» svara jenta «Jippiii!» (I skrivande stund, fredag klokka 13, får 10-åringen
sin siste dose cellegift, og tankane mine går til ho der oppe på St. Olavs, og
som skal heim til Straumgjerde i kveld.)
Bilete: 1) Solveig i sjukehuskorridoren med transfusjonsvæske på hjul.
2) Solveig og sjukehusklovnane
Etter eit par dagar den første gongen på sjukehuset, var diagnosen på
plass: legane hadde funne kreftceller i beinmargen. Mykje skulle skje framover. Foreldra måtte belage seg på å
vere der i 4-5 veker. Dette var i draume-påska 2018. Prosjekt Hyttebygging på
fjellet fekk andre ta seg av, men ved heimkomsten i slutten av april, viste
det seg at alt hadde gått bra så langt, - med hytta. Men Solveig sat i
rullestol, og tema mat og drikke var eit kapittel for seg. Alt ho tok inn måtte
skrivast i ei bok. Medisinering tre gonger i døgeret – i to år. Kva gjer ein
ordførar i ein slik situasjon? Han har pr. definisjon ikkje løn, men
godtgjersle. Ingen sjukepengar. Men også dette ordna seg på eit vis, både for
Odd Jostein og Grethe. iPaden og PC-en var flittig i bruk, og slik sett vart
det ein svært så realistisk øvingsperiode med «corona-kontor» - eit år i
førevegen for pandemien. Videokonferansar og delegering av arbeid viste seg å
fungere. Solveig har måtte unnvere alt med smittefare. Immunforsvaret var på
eit lavmål . Symjing, leikeland, sosiale samankomstar: alt slikt like strengt
som dagens corona-reglar… gjennom 2,5 år. Spriting i heimen sameleis. Vonleg
blir det noko lettare no, sjølv om corona-reglane framleis gjeld.
Skrivaren gjer seg så fri, på vegne av medlemmene i Sykkylven
Rotary Klubb, å ønskje Solveig og familien lukke til med kommande veker og månader.
De har meir enn oppfylt dykkar «sjukdomskvote», og vi vonar de får gode tider
etter dette.
Stor takk til Odd Jostein og Grethe som ville dele denne
historia med oss i SRK.
Møtet slutt. Vel heim!
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.