Referat Sykkylven Rotaryklubb
Møteleiar: President Knut Vik
Namnedag: Snorre (norrønt for villstyring) og Snefrid ( snø + skjønnhet).
Gjest og foredragshaldar: Kommunalsjef Bjørnar Midtbust
På denne dagen: Snorre Sturlason blei drepe i 1241, Ivar Aasen (født i 1813) og døde i 1896, Ray Charles (født i 1930) døde i 2004, Arild Rypdal født i 1934, Bruce Springsteen født i 1949, Åge Hareide født i 1953, 1984 opning av Nordkalottvegen frå Kiruna til Narvik, Karlstadavtalen 1905.
Dagens song: «Kjenn ditt land», Tekst O. Strøm, melodi B.A. Grimeland
Info frå sekretæren: På møtet 09.09, - oppmøteposent; 53,33 %. På Guvernørbesøket 43,18 %. Ingen fødselsdagar denne veka, men minnet på at Geir Brekke var 67 år 17.09.
3 min: Greta Herje. Tema; Frivilligheten. Rotary er den største frivillige yrkesbasserte (humanitære) organisasjonen i verden. Utan frivillegheiten ville i alle vesten stoppa opp. Det gir stor glede å være med i frivilleg arbeid og det gir folk verdifull meining når ein bidreg til td. besøksteneste, leksehjelp, turvenn, hjelp i hus og hage, trening, leksehjelp.
Arbeidsinnsatsen utgjer millionar av timar og dei pengebidraga utgjer milliardar av kroner.
Frivilligheten er vinn/vinn. I Norge 142 000 årsverk og 47,5 milliardar kr i verdiskapning (2017).
Mange eldsjelar og organisasjonar som bidreg sterkt til å gje personar mulegheiter til eit betre liv, t.d. Rotary sitt engasjement i «end Polio» bl.a i samarbeid med Bill Gates. Mange bidreg med faste beløp til store og internasjonale organisasjonar. Frå og med i fjor flytta Greta sitt årlege bidrag til ein mindre org. som gir direkte hjelp til fangar i fengsel, familiar i slummen og til barneheimar, men mest av alt gjev dei hjelp og håp for framtida til små born i slummen i Bogo gjennom undervisning. Dei for muligheiter til å gjennomføre eit grunnleggande offentleg skuleløp.
Sykkylven Rotary sitt mangeårige innsats for «Prosjektet Filippinene» har gjeve eit svært stort og viktig bidrag til arbeidet som blir gjort der. Etter besøket der saman med Olaf Ellingsen ser Greta at det er dei faste beløpa som gjev den største forutsigbarheita for det store arbeidet, uansett stoleiken på beløpet. Har tatt mål av seg her i dag å oppmode Rotaryvenane og andre til å gje månadlege bidrag til dette prosjektet og May Britt Tynes. Har aldri vore så imponert av noko som det som dei fekk sjå av hennar arbeid!
(Det vart delt ut lappar med kontonr. som ein nytte til innbetaling)
Info frå Presidenten: Avklaring når det gjeld bruk av lokala. Vi fekk interiøret og Coop eig møblane og dei skal stå her så lenge rommet er i bruk som no. Den dagen kommunen bestemmer seg for at dei skal bruke rommet til noko anna og rommet skal tømast skal møblane gjevast vekk til ungdomslaget i Ramstaddalen.
Dagens tema: Status for den nye Sentrumskulen v/ Bjørnar Midtbust
Bjørnar viste fram skisse av korleis plasseringa og romløysingane i nyskulen vert slik arkitektfirmaet har tenkt så langt bli i den nye skulen. Skulen får ei samlokalisering med ein stor idrottshall og musikkskulen. I kommunestyrevedtaket frå desember 2018 er det satt ein ramme på ca 260 mill. Det er tre skular som vert erstatta med denne skulen, Vik -, Aure- og Ullavik skule. Skulen skal byggast i Bakkøyane og skal kunne ta i mot inntil tre parallellar på kvart årssteg. Ca 16 elevar pr klasse (336 elevar) til 25 elevar pr klasse (525 elevar) frå 1. til og med 7.klasse. Storleiken må liggje i spennet mellom 16 og 25 elevar. Elevtalsutviklinga i Sykkylven gjer ca 400 elevar i 2023 i dei tre krinsane som skal sokne til den nye skulen. Dette vil gje klassar på 18 – 20 elevar.
Det er engasjert ekstern prosjektleiar frå Xpro AS i Ålesund, + ei prosjekteringsgruppe frå arkitektfirmaet Streken på Åndalsnes. Dei samarbeider med arkitektfirmaet Ole Roald i Oslo som har mykje erfaring med skulebygging. Arkitektane var svært begeistra for tomtområdet. Dei er opptatt av å halde på mykje av skogen og kva retning sikten frå dei to hovudfløyene skal vere. Tilkomst for gåande og privatbilar frå Dalevegen og busstopp på andre sida av elva med bru over.
Klasseromma vert plassert i to hovudfløyer, begge i 2 etasjar. i tillegg til avdelinga med kulturskulen og idrettshallen/ fleirbrukshallen.
Saka skal drøftast i Levekårsutvalet i nær framtid og seinare i Formannskapet og Kommunestyret.
Referent: Steinar Nordmo
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"