Sykkylven
Rotary Klubb, klubbmøte den 14. oktober 2020 kl. 19.
Skrivar:
Olav Pileberg
President
Knut Jarle Vik ønska vel møtt til rotarymøte og Presidenten sin time.
«14. oktober er den 287. dagen i året og den 288. i skuddår. Det er 78 dager
igjen av året. Den kalles vinterdagen fordi den markerer begynnelsen på
vinterhalvåret. (Wiki) Primstaven viser vintersida si:
14. oktober
var flyttedag om høsten, en ordning som ble praktisert frem til første
verdenskrig. Det var også en tilsvarende flyttedag om våren (14. april). Utenom
disse dagene var det ikke lov for hushjelper og gårdsarbeidere å flytte eller
skaffe seg nytt arbeid. (Wiki)
Namnedag: Kaia og Kai.
Kanskje er namna ei kortform av Katarina.
Minnedagar: Marcus Thrane, fødd 1817. Han var leiar for den første
norske arbeidarrørsla. 1899: Titran-ulykka. 150 fiskarar omkom på havet ved
Frøya i Trøndelag. 1910,
Kristiania (Oslo): svensk baron Carl Cederström utførde den første flyturen i Noreg, frå Etterstadsletta, rundt Hovedøya og attende. Arnfinn Bergmann, under til høgre.
1927:
Roger Moore fødd. Han døde i 2017. Skihoppar Arnfinn Bergmann, fødd 1928. I
1952 vann han NM, VM, Holmenkollrennet og gullmedalje under OL. Han er den
einaste som har greidd alt dette i ein og same sesong. Sir Cliff Richard fødd
1940, og framleis høgst oppegåande. Congratulations!
1947: Første flyging med fart gjennom lydmuren. Nok ein gong: Congratulations!
Song: Etter alt
dette, gjorde det godt med ein song med Olav skrivar ved gitaren: Åge
Aleksandersen sin signaturmelodi Lys Og Varme, frå albumet Levva
livet! Kom ut i 1984, og er i dag å rekna som ein norsk nasjonalskatt.
Etter songen, endå meir informasjon frå presidenten:
ledige verv i Rotary D2305, …både DICO, assisterande guvernør og andre
tillitsverv. Ta kontakt!
Kaffi og velsmakande gjærbakst
gjorde susen etter alt dette, pluss vinlotteri.
Etter kaffipausen:
Etter innspel frå klubbmedlem: SRK sin kalender. For tida følgjer
klubben skulekalenderen, med møtefri etter skuleruta. Er det nokon spesiell
grunn til det, eller ville det vere (minst) like greitt å følgje den vanlege «bedriftskalenderen»?
Ingen konklusjon i dag, men tenk etter…. oppmoda presidenten.
Poliodagen den 24.
oktober:
markering i
Sykkylvsbladet? Olav P: etter som klubben pga korona-situasjonen
ikkje har noko tilskiping om Poliodagen og End Polio Now, med tilhøyrande
pengeinnsamling, blir det ikkje snakk om noko «reportasje» eller omfattande
skriveri. Likevel kan vi lage ei sak for avisa der vi gjer dagen kjend – på nytt.
(Olav P har laga ei slik sak, som vi prøver å få i avisa fredag den 23.
oktober.)
Sveits – Italia: med Knut Jarle
og Brigitte på jarnbanetur frå Chur i Sveits til Tirano i Italia, 2013.
Rahetian Railway in the Albula/ Bernina Landscapes er ein retteleg godbit
for kresne turistar. Togvognene har panorama-vindauge som nesten møtest på
taket! Ruta står på UNESCO si World Heritage List, og presidenten sine bilete
og kåseri frå reisa i 2013 gav både kribling og lyst til å prøve ein slik tur,-
rekna til 4 timar og 2 minutt. For den som har lyst å sjekke på nettet, er der gode
sider å vise til. Til dømes https://whc.unesco.org/en/list/1276/ Her under følgjer kart og nokre bilete frå nett og Knut Jarle kamera. Om nokon lurer på kva "igloen" av stein er for noko (nest siste bilete), så er det visstnok lagrings-stad for (sveitser-) ost. Så veit vi det! God fornøyelse.
L
Lykke på reisa til dei som vil prøve – on location
eller digitalt. Her var altså nokre bilete frå nettet, og eit lite utval frå Knut
Jarle sine bilete.
Møtet slutt, og vel heim.
For Sykkylvsbladet, 23. okt.
Verda sin Polio-dag
I morgon, den 24. oktober er ikkje berre Verda
sin FN-dag, men også Verda sin polio-dag. Datoen er vald etter fødselsdagen til
Jonas Salk, virologen frå USA som var leiar for teamet som fann opp
polio-vaksina i 1955.
Sykkylven Rotary Klubb (SRK) har i mange år markert
«World Polio Day» ved å arrangere forskjellige tiltak som kunne gi pengar i
kassa til Polio Plus. Dette er namnet på Rotary International sitt
verdsomfattande prosjekt og engasjement for å få bukt med det fælslege viruset
som er skuld i nervesjukdomen poliomyelitt. Siste landet som vart stroke av
polio-lista, var India. «Det er så nære på: alt verktøyet som trengs er på
plass, berre der er politisk og sosial vilje til å nå fram med vaksine til dei
få som står att å vaksinere», seier Oliver Rosenbauer, talsmannen for World Health
Organisation (WHO) som styrer det heile internasjonalt.
Kvileår utan markering
På klubbmøtet i SRK for ei veke sidan var det semje
om at på grunn av korona-viruset med tilhøyrande smittefare ville klubben i år
stå over markering med pengeinnsamling. Det blir ingen stand på Aure eller
invitasjon til «bål-kaffi» på Fagrefjellet. Likevel: arbeidet internasjonalt
går sin gang, og det er slett ikkje vanskeleg å finne informasjon, t.d. på
nettsidene til United Nations, World
Polio Day.
To bilete, berre i avisa den 23. okt.
Knut Jarle Vik er president i SRK 2020-2021. Han
går god for at klubben sine møte held dei vedtekne tiltaka mot korona-smitte.
Frå
markeringa av Polio-dagen 2018, på Fagrefjellet.
Hallstein Lillevik styrer kaffikjelen, Greta Herje held plakaten
med påskrifta End Polio Now, og dåverande Rotary-president
Bastian Weiberg-Aurdal (til høgre) ser til at alt fungerer som det skal.
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.