Klubbmøte den 14. oktober 2020 - Presidenten sin time

President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til rotarymøte og presidenten sin time, på sjølvaste vinterdagen. Han tok oss også med på ei forvitneleg turistreise frå Sveits til Italia, med Rahetian Railway in the Albula/ Bernina Landscapes. Les referatet.

Sykkylven Rotary Klubb, klubbmøte den 14. oktober 2020 kl. 19.

Skrivar: Olav Pileberg

President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til rotarymøte og Presidenten sin time.
«14. oktober er den 287. dagen i året og den 288. i skuddår. Det er 78 dager igjen av året. Den kalles vinterdagen fordi den markerer begynnelsen på vinterhalvåret. (Wiki) Primstaven viser vintersida si:


14. oktober var flyttedag om høsten, en ordning som ble praktisert frem til første verdenskrig. Det var også en tilsvarende flyttedag om våren (14. april). Utenom disse dagene var det ikke lov for hushjelper og gårdsarbeidere å flytte eller skaffe seg nytt arbeid. (Wiki)


Namnedag: Kaia og Kai. Kanskje er namna ei kortform av Katarina.
Minnedagar: Marcus Thrane, fødd 1817. Han var leiar for den første norske arbeidarrørsla. 1899: Titran-ulykka. 150 fiskarar omkom på havet ved Frøya i Trøndelag. 1910, 

Kristiania (Oslo): svensk baron Carl Cederström utførde den første flyturen i Noreg, frå Etterstadsletta, rundt Hovedøya og attende. Arnfinn Bergmann, under til høgre.

  

1927: Roger Moore fødd. Han døde i 2017. Skihoppar Arnfinn Bergmann, fødd 1928. I 1952 vann han NM, VM, Holmenkollrennet og gullmedalje under OL. Han er den einaste som har greidd alt dette i ein og same sesong. Sir Cliff Richard fødd 1940, og framleis høgst oppegåande. Congratulations! 

1947: Første flyging med fart gjennom lydmuren. Nok ein gong: Congratulations!

Song: Etter alt dette, gjorde det godt med ein song med Olav skrivar ved gitaren: Åge Aleksandersen sin signaturmelodi Lys Og Varme, frå albumet Levva livet! Kom ut i 1984, og er i dag å rekna som ein norsk nasjonalskatt.

Etter songen, endå meir informasjon frå presidenten: ledige verv i Rotary D2305, …både DICO, assisterande guvernør og andre tillitsverv. Ta kontakt!

Kaffi og velsmakande gjærbakst gjorde susen etter alt dette, pluss vinlotteri.

Etter kaffipausen:
Etter innspel frå klubbmedlem: SRK sin kalender. For tida følgjer klubben skulekalenderen, med møtefri etter skuleruta. Er det nokon spesiell grunn til det, eller ville det vere (minst) like greitt å følgje den vanlege «bedriftskalenderen»? Ingen konklusjon i dag, men tenk etter…. oppmoda presidenten.
Poliodagen den 24. oktober


markering i Sykkylvsbladet? Olav P: etter som klubben pga korona-situasjonen ikkje har noko tilskiping om Poliodagen og End Polio Now, med tilhøyrande pengeinnsamling, blir det ikkje snakk om noko «reportasje» eller omfattande skriveri. Likevel kan vi lage ei sak for avisa der vi gjer dagen kjend – på nytt. (Olav P har laga ei slik sak, som vi prøver å få i avisa fredag den 23. oktober.)

Sveits – Italia: med Knut Jarle og Brigitte på jarnbanetur frå Chur i Sveits til Tirano i Italia, 2013.
Rahetian Railway in the Albula/ Bernina Landscapes er ein retteleg godbit for kresne turistar. Togvognene har panorama-vindauge som nesten møtest på taket! Ruta står på UNESCO si World Heritage List, og presidenten sine bilete og kåseri frå reisa i 2013 gav både kribling og lyst til å prøve ein slik tur,- rekna til 4 timar og 2 minutt. For den som har lyst å sjekke på nettet, er der gode sider å vise til. Til dømes  https://whc.unesco.org/en/list/1276/ Her under følgjer kart og nokre bilete frå nett og Knut Jarle kamera. Om nokon lurer på kva "igloen" av stein er for noko (nest siste bilete), så er det visstnok lagrings-stad for (sveitser-) ost. Så veit vi det! God fornøyelse. 



L










Lykke på reisa til dei som vil prøve – on location eller digitalt. Her var altså nokre bilete frå nettet, og eit lite utval frå Knut Jarle sine bilete.

Møtet slutt, og vel heim.

For Sykkylvsbladet, 23. okt.

Verda sin Polio-dag

I morgon, den 24. oktober er ikkje berre Verda sin FN-dag, men også Verda sin polio-dag. Datoen er vald etter fødselsdagen til Jonas Salk, virologen frå USA som var leiar for teamet som fann opp polio-vaksina i 1955.

Sykkylven Rotary Klubb (SRK) har i mange år markert «World Polio Day» ved å arrangere forskjellige tiltak som kunne gi pengar i kassa til Polio Plus. Dette er namnet på Rotary International sitt verdsomfattande prosjekt og engasjement for å få bukt med det fælslege viruset som er skuld i nervesjukdomen poliomyelitt. Siste landet som vart stroke av polio-lista, var India. «Det er så nære på: alt verktøyet som trengs er på plass, berre der er politisk og sosial vilje til å nå fram med vaksine til dei få som står att å vaksinere», seier Oliver Rosenbauer, talsmannen for World Health Organisation (WHO) som styrer det heile internasjonalt.

Kvileår utan markering

På klubbmøtet i SRK for ei veke sidan var det semje om at på grunn av korona-viruset med tilhøyrande smittefare ville klubben i år stå over markering med pengeinnsamling. Det blir ingen stand på Aure eller invitasjon til «bål-kaffi» på Fagrefjellet. Likevel: arbeidet internasjonalt går sin gang, og det er slett ikkje vanskeleg å finne informasjon, t.d. på nettsidene  til United Nations, World Polio Day.

To bilete, berre i avisa den 23. okt.

Knut Jarle Vik er president i SRK 2020-2021. Han går god for at klubben sine møte held dei vedtekne tiltaka mot korona-smitte.

Frå markeringa av Polio-dagen 2018, på Fagrefjellet.
Hallstein Lillevik styrer kaffikjelen, Greta Herje held plakaten
med påskrifta End Polio Now, og dåverande Rotary-president
Bastian Weiberg-Aurdal (til høgre) ser til at alt fungerer som det skal.





 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS