Sykkylven
Rotary Klubb, Julemøte og Årsmøte, den 16. desember 2020 kl. 19.
Skrivar:
Olav Pileberg
I forkant av møtet vart «Ode To Joy» eller «An die Freude» frå Beethoven sin Symfoni nr. 9 vist på skjermen frå YouTube med solistar og orkester, dirigert av André Rieu.
Grunn: Beethoven-året 2020 går mot slutten, og heile
året har Ludvig van Beethoven vore feira jorda rundt, etter som han vart fødd
(usikker dato) i året 1770, for 250 år sidan. President Knut hadde til og med
forska seg fram til at dette var sjølvaste dåpsdagen til den gode Ludvig. Ikkje
noko mindre!
President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til rotarymøte,
julemøte og årsmøte. Ingen gjester. Etter påmelding pga Korona-pandemi, 17
frammøtte.
Namnedag i dag for Oddbjørg og Oddbjørn. Odd er
norrønt for «spydspiss». Presidenten markerte så 250 års jubileumsåret for
Beethoven. Sjå over.
Fødselsdag for Piet Hein, f.
1905-d. 1996, Liv Ullmann f. 1938, Leif Jarle Aure, f. på denne dagen i 1950. Frå førre møte og framover til over nyttår: Helge
Standal, Kristin Grebstad, Odd Holen, Knut Vollstad, Bjørg D. Velle.
Olav introduserte Musikk: Stille Nach, sunge av Ex
Cathedra Chamber Choir, dir. Jeffrey Skidmore. (CD DCA 912) og vidare….
Allsong: Det lyser i stille grender.
Statistikk:
3-minutt: Einingsleiar Steinar Klokk:
Vikedalen barnehage. Mykje og heilt sikkert vel fortent ros til staben, borna
og til entusiastiske foreldre. Barnehagen har 78 plassar, fordelt på fire
avdelingar. I år er det 58 barn som har
plass, og dette talet varierer frå år til år. Dei tilsette utgjer 14 årsverk, med tillegg av personale for barn som har fått ekstra
ressursar. Kompetansenivået har auka betydeleg dei siste 10-15 åra. Målet er å
gje barna ein best mogeleg start for «reisa»
gjennom ulike skular og det som i dag ofte vert kalla
livslang opplæring.
Presidenten orienterte litt om koronatiltaka i samband med klubbmøta.
Det vart vidare bestemt at neste møte vert sett til onsdag 20. januar, viss
smitte-situasjonen gjer det mogeleg.
Julehelsing frå Daniel i Brasil: Knut Jarle gav så ordet
til Olav P, som etter Instagram-kommunikasjon med vår utvekslingsstudent (2016-2017)
Daniel Pedrosa frå Belo Horizonte i Brasil hadde sendt julehelsing til
Sykkylven Rotary Klubb.
«Helsing i sky» er vel kjent gjennom Jule-evangeliet, men denne gongen
kom ho frå iCloud-skya, i form av eit lite julebrev og ein aldeles
nykomponert og nydikta song på portugisisk, med hovud-innhald om «Ingen ting
er forgjeves!» Videoen/ songen - framført til eige akkompagnement på gitar
- vart vist på veggen og hausta vel fortent applaus. Mot slutten av møtet
kvitterte presidenten og møte-deltakarane med ei video-helsing i retur, og denne
helsinga var same kveld ekspedert via Dropbox-skya til Daniel i Brasil. Takk
til Daniel, og også til leiar i PR/ Info Roald Mork, som med sin
spisskompetanse på koplinga frå mobiltelefon/ mobilnett, via PC til dataprosjektøren
og lerretet på veggen. Alt er lett når ein kan det! God jul – også til alle
i Belo Horizonte!
P.S.: Videoen er som sagt opplasta til Dropbox, og rotarymedlemmer som
ønskjer det kan få tilgang, slik at dei kan sjå «Helsing i sky» på sin eigen datamaskin.
Matøkt/ Juletallerk/ kaffipause. Etter bordvers med juletone, vart det servert delikat og
koronafri juletallerk til kvar enkelt. Vår dyktige Kjellaug
Roald med ansvar for servering på alle møta, veit kva som høver og smakar
godt, også til jul!
Årsmøte:
President Elect (frå det amerikanske vokabularet i desse tider) Roger
Kornberg orienterte om Framlegg til vedtak: (tidlegare vedtak/ val: Roger
blir ny president frå 1. juli 2021.) John Henrik Welle, visepresident. John
blir dermed ny president frå 1. juli 2022. Vidare ser lista for SRK slik ut:
Past President: Knut Jarle Vik. Kasserar (ny) Hallgeir Lade. Sekretær
(attval) Kristin Grebstad. CYEO (helst attval, men ikkje oppnådd kontakt med
ho) Ingjerd Asbjørnsen. CICO (attval) Roald Mork. TRF (attval) Jan Fredriksen.
Program (attval) Geir Løseth. Revisor (attval) Kai Otto Roald. Vedteke med
akklamasjon.
Rekneskap: revidert og utsend til medlemmene. Kort gjennomgang
på skjermen. Samrøystes vedteke. Klubben har god likviditet.
Årsmelding for 2019-2020, v/ Past President, Petter Velle: Ingen merknader.
Meldinga teken til vitande.
Avslutting: President Knut Jarle ønska alle ei retteleg God Jul og vel
møtt i eit Nytt År 2021. Deretter, som tradisjonen er…
Allsong: Deilig er jorden, til pianoakk. v/ Olav P
Siste post/ Ymse: Fotografering og video-OPtak til Daniel i Belo
Horizonte.
Presidenten helsar, og alle – aldeles samrøystes: God Jul! Godt Nytt År!
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.