Sykkylven
Rotary Klubb, Bedriftsbesøk_Sykkylven kulturhus, den 17. mars 2021 kl. 19.
Skrivar:
Olav Pileberg
Møtet denne kvelden var det første etter julemøtet den 16. desember 2020. Korona-pandemien med tilhøyrande «tilrådingar» frå Folkehelseinstituttet og Regjeringa har såleis teke frå oss alle møta i januar, februar og halve mars. Dette, i tillegg til lange, møtefri periodar etter 11. mars 2020. Påmelding til møtet.
President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til møtet, denne gongen lagt til Foajéen
i kulturhuset. Einingsleiar for kultur, Halstein Kurseth, kledde godt begge
rollene både som Rotary sin møtegjest og som vertskap på huset.
Informasjon: Presidenten orienterte om noverande situasjon i lys av
korona-pandemien. Det meste er prega av uvisse. Han nemnde spesielt at neste
møte, den 24. mars, blir også å rekne som eit bedrifts-besøk, lagt til
Sykkylven kyrkje, der kyrkjeverje Arild Sporsheim vil vere vertskap. Arild hadde
til og med mobilisert kantor Rose Iren Stave med musikk til det møtet. Slett
ikkje alle rotaryklubbar som kan skilte med slikt eit møteprogram!
Etter påske vil det bli møtestopp igjen, uvisst kor lenge. Dugnad i
Kyrkjeparken vil truleg gå som vanleg. Det vil bli informert via e-post og på www.sykkylven.rotary.no
Det vil bli kalla inn til styremøte den 24. mars.
Presidenten nemnde elles kort namna i den lange lista av medlemmer som hadde
hatt bursdag etter julemøtet.
Allsong: Etter som songbøkene våre ikkje var til stades på
Kulturhuset, gjorde Olav framlegg om å syngje – papirlaust – dei fem strofene
av Nordmannen: Mellom bakkar og berg. Melodien her er den same som går
til våre to «kortreiste» rotarysongar, dikta av Henrik Straumsheim og Kårstein
Blindheim. (Presidenten minte medlemmene på at flygelet i foajéen er det som
Kårstein eigde medan han levde. Av og til blir det rulla fram til bruk, og det
er rekna som eit godt instrument.) Med Olav som stø føresongar drog vi det
heile i land, utan å gjere skam på Sykkylven kulturhus. «…og når netter er
ljose som dagar, kan han ingen stad venare sjå.»
Matøkt: meny med velsmakande sveler og kaffi gav god smørjing til både
snakketøy og kaffitørste strupar, og eit godt grunnlag vart lagt for å ta mot
kveldens føredrag frå einingsleiar Halstein,- som opna med å ønskje oss velkomne
til Kulturhuset.
Orientering om
Sykkylven kulturhus: Året
2020 var eit veldig spesielt år for huset. M.a. hadde det vore stengt i to
månader frå mars. Ei gruppe som jobba med smittevern brukte då foajéen som sin
møtestad. Trass i nedstenginga, hadde likevel huset 187 arrangement: medrekna
kommunale møte, men utanom øvingar av ymse slag. Storsalen med sine 320 plassar
totalt og Elvesalen (82 kv.m.) var mykje brukte gjennom hausthalvåret. Rundt 60
arr. vart avlyste gjennom året, grunna pandemien. Dette førte til betydeleg tap
av inntekt. Kinodrifta vart også råka, med tap av besøk på 58 prosent,- noko
nær gjennomsnitt for landet. Sykkylven kulturskule har 5-6 øvingsrom. I tillegg
nyttar dei både Storsalen og Elvesalen til dans på onsdagar. Dans har elles
sigla opp som eit stort fag i kulturskulen, med 70-80 elevar som øver kvar
veke. Samla elevtal for undervisning er 210. Musikk, dans, drama, teikning…
Litt
historie: Sykkylven kommune tok over huset hausten 2009. Før den tid leigde
kommunen lokale etter behov. I
2010 blei arbeidet med å legge nytt tak over Storsalen starta, og salen vart
teken i bruk igjen frå hausten same året. Ei tid seinare vedtok kommunen å
etablere kino, noko som fall saman med digitalisering av kinoane i heile
landet. Sykkylven kino opna i 2013… i Petter Lyshol si tid som ordførar. I
samband med dette vart det investert betydelege beløp til kinorom og turvande
utstyr. Noverande lydanlegg og lysanlegg frå 2018-19, 3D utstyr og lerret er av
god kvalitet. I 2018 var det 11000 som besøkte kinoen. Dette er særs bra, i ein
kommune med 7700 innbyggarar. Då den nye kinoen på Moa kom i 2019, merka
Sykkylven kino nedgang i besøkstalet, til 8000.
Samla sett kan ein seie at i dag ligg tilhøva godt til rette for konsertframføringar
og andre tilskipingar. Seinast sist fredag hadde huset besøk av
Stjernekamp-vinnar 2020 på NRK TV, Knut Marius Djupvik, frå Tomrefjord, med
band… med «ein av dei argaste konsertane som har vore på huset»… i følgje
Halstein si vurdering til lokalavisa Nyss. Korona-tilrådingar som stadig
skifter gjer at det er heller vanskeleg å planlegge på lang sikt. Då
Djupvik-konserten vart annonsert, var det 200-grense gjeldande. Billettane vart
utselde nokså kjapt. På konsert-dagen var grensa 100, med påfølgjande attendebetaling.
Både Lars Bremnes, Elisabeth Andreassen og
Stephen Ackles har hatt flotte konsertar i «nyare tid». Derimot må konserten
med den eminente polske pianisten Greg Niemczuk den 4. mai gå ut, grunna
pandemi og innreiseforbod til Noreg. Vi som har kjøpt billett, vil
få refundert kostnaden. Håpet
er at frå kommande haust vil det bli tilnærma normal drift igjen på huset.
«Livssynsnøytralt seremonirom» vart nemnt som stikkord frå Arild. Anten
det no er Humanetisk Forbund eller andre som ønskjer gravferd eller andre
seremoniar utan «innblanding» frå kyrkja, er det no eit rom på kulturhuset til
dette føremålet. Halstein opplyste at til no hadde det vore brukt to gonger til
gravferd. Han fortalde også litt, etter spørsmål, om eigar/ brukstilhøvet for
Sykkylven Ungdomslag, som opphaveleg var medeigar i huset, men som vart utkjøpt
av kommunen. Etter nytt spørsmål frå salen fortalde einingsleiar Halstein at
han brukte ca. 50 % av stillinga si på Kulturhus/ Kino. Bestillingar og planar, rapportar, samarbeid med andre
kommunar etc. – det er nokså mykje som følgjer med å drifte kulturhuset og
heile kulturetaten.
Ei interessert og
engasjert forsamling kvitterte med sterk applaus for informasjon og orientering
frå Halstein Kurseth, og han fekk «noko innpakka» og hjartans takk frå president
Knut Jarle Vik.
Vel heim, og vel møtt i Sykkylven kyrkje onsdag den 24.
mars.
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.