SYKKYLVEN ROTARYKLUBB, MØTE 22.09.21: TEMA «SPEIDERBO»

Oppmøte var utanfor «SpeiderboOppmøte  var utanfor «Speiderbo» til vanleg tid kl.19.00, men denne gongen utan både  Allsong og 3-minutt. Vi vart imidlertid godt motekne av troppsleiar Steinar Klokk og flokkleiar Marianne Fløttum. Dei orienterte om Speiderbos eigedom, eit relativt stort område, som utanom speidarhuset inneheld garasje/utebod, fleire gapahukar og «gamme» bygt av eigen skog på tomta. Dei ønskjer seg eigentleg tilleggsareal i form av omliggande skogsområde om dette er mogleg. På tomta er det dessutan minst 4 bålplassar, der patruljane kan møtast omkring elden. Der vi stod samla, var det bygt kvadratisk plasserte sittebenkar av halvt rundtømmer, fundamentert på Lecablokker og  mellomlegg av trykkimpregnert plank. Det var oppmuntrande for oss frammøtte å høyre at dette var finansiert av gåve frå Rotary! Gjensidige har også vore spandable med gåve på 8 kanoar til speidarane! 

Innomhus vart vi trakterte med kake og kaffi. Gruppeleiar Susanne Olli Fauske orienterte om «Speidermetoden - Oppskriften på god speiding». Sykkylven speidergruppe har tilsaman 100 speidarar (flokk og tropp) samt og 10-12 roverar, som er for ei noko høgare aldersgruppe (ferdige med ungdomsskulen). Økonomien i gruppa er basert på kontingent, og balanserer bra, men det inneber «sparing» dersom ein har plan for lengre reiser etc. 


Aktivitetar er forutan møte på Speiderbo, trening i speidaraktivitetar, turar i nærområdet og reiser til landsleirar og leirar i utlandet. I år vart det p.g.a. Koronasituasjonen arrangert desentraliserte landsleirar rundt om i landet, m.a. i Velledalen, Sykkylven. Filmsnutt viste flott leir, +28 varmegrader fleire dagar, «haik» med overnatting i det fri, sceneopptreden av Sigrid Raabe og god organisering. - Eit vellykka arrangement av Sykkylven speidergruppe! 


Referent Odd Holen



 
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet