SYKKYLVEN ROTARYKLUBB, MØTE 16.03.22: TEMA «BEDRIFTSBESØK PÅ FORMFIN», GJÆVENE 67 , 6224 HUNDEIDVIK

President Roger Kornberg takka for invitasjonen, og sa velkomen til dagens gjest Arne Bakkedal, nytt rotarymeldlem? 

Dagleg leiar Steinar Myrseth fekk så ordet, og fortalte at bedrifta Formfin akkurat runda 75 år. Jakob og Lars Utgård, Magne Bueide og Johnny Myrseth  starta «Stol og Møbelfabrikken Formfin AS» i 1946 i ein murbygning ved kaia. Før/under krigen hadde der blitt produsert stålull, det vart no overgang til møbelproduksjon. Utover på 50-åra er lite notert om bedrifta, men ei «historie» går på at eigarane kjøpte ei ku, slakta og parterte, drog til Oslo og selde, -og for dette kjøpte dei sytråd, stift, papirstoff, alt dei trengde til produksjon. Det vart knytt kontakter og dei skaffa seg eit kundegrunnlag for å drive foretaket. I overgangen 50-tal/ 60-tal kom det i gong møbelmesser i Stavanger, der bedriftene fekk halde utstillingar. Formfin fekk skaffa seg fleire kontakter, og engasjerte agentar som stod for sal rundt omkring i landet. 

I 1966 flytta bedrifta til noverande lokalitet med nyoppført fabrikkbygning på 15-1800m2, ein stor rasjonell bygning. Det vart etterkvart  nødvendig med ein del underleverandørar som Sandella, Porolon etc., og sjølv om Formfin hadde eigen maskinverkstad,  vart det også nytta lokale produsentar av  treverk, f.eks. L. P. Riksheim. I 1966 gjekk gjekk Lars Utgård ut av bedrifta, medan dei 3 andre heldt fram. 


70- talet vart prega av publikum med stor kjøpelyst, med følgjande omsetningsauke. På slutten av 70-talet og i overgangen til 80-talet vart det derav mangel på arbeidskraft, og  det vart satsa på skiftordning for å få dekt etterspørselen. Dette gav også mange kvinnelege arbeidsplassar med sying, tilskjering etc. 

Kundar innleia etterkvart samarbeid i grupper for å få bedre kjøpsavtalar og betre marknadsføring, og danna det vi i dag kalla møbelkjeder som f.eks. Bohus, den gong «Samarbeidende møbelhandlere AS, SM-kjeden». Formfin skreiv samarbeidsavtale med dagens største møbelkjede Bohus i 1976. Dette førte også til større profesjonalitet i marknadsføringa når gjeld presentasjon av møblane i form av fotos, brosjyrer etc.

På 80-talet var det generelt stor etterspørsel av møblar, og Formfin starta opp ein fabrikk i Hovdebygda med 8-10 tilsette, som produserte nokre spesielle modellar. Avstand og kommunikasjon skapte problem, og denne vart avvikla nokre år seinare. I overgangen 80-90-talet gjekk dei 3 atteverande gründarane ut, og Steinar Myrset, Olav Utgård og Harald Bueide overtok aksjepostane. Ei bedrift har heile tida oppturar og nedturar, men det har ikkje vore store konflikter. 80-90-talet medførte meir reiseverksemd og kjøp av hud, møbelstoff etc. i utlandet. Å overhalde avtalar m.h.p. leveringstid etc. har heile tida vore svært viktig.


Ei spesiell hending var produksjon av verdas lengste sofa, i samarbeid med alle bedrifter i Sykkylven, og den vart så lang som Sykkylvsbrua (notert i Guiness Rekordbok). Ny sjef etter Olav Utgård, som fekk helseproblem, fungerte ikkje, så Steinar og Harald tok over, og med emisjon og eit par nye aksjonærar i 2020. No i desse tider går Steinar Myrseth går av som dagleg leiar , og frå 1.april blir det tilsett ny leiar, Geir Ove Vegsund. Pr. i dag har Formfin 44-45 tilsette, til saman 43 årsverk, med ei omsetning på 66-67 mill. Det har vore fleire tilsette, men produksjonen er noko endra, med meir kjøp frå underleverandørar, og med stadig innføring av moderne teknologi og digitalisering. Robotisering er førebels ikkje blitt innført. Dei tilsette representerer 7-8 nasjonar.

Marknaden er f.t. kun Norge, men det blir jobba med eksporttiltak. Firmaet har hatt eigen designer frå ca. 1993, men ikkje dei par siste åra, og brukar no eksterne designerar. Kundegrunnlag er aldergruppa 45-50 pluss, relativt velsituert kjøpargruppe, og 70% av salet går gjennom Bohus.

Etter presentasjonen viste Harald Bueide rundt i dei enkelte delane av produksjonslokala, og med avslutning i showromet i 2.etg.  

Referent: Odd Holen


 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS