SYKKYLVEN ROTARYKLUBB, MØTE 23.03.22: ORIENTERING AV TORBJØRN EMBLEM, ØKONOMISJEF I SYKKYLVEN KOMMUNE

President Roger Kornberg ønskte velkomen, og nemnde nokre tidlegare hendingar på denne dagen 23.mars:

1839, Forkortinga «OK» (oll korrect) for første gang i ei avis; Boston Morning Post. 1933, Den tyske riksdagen gir Adolf Hitler uinnskrenka makt over Tyskland. 1948, 1956, Pakistan blir historiens første islamske republikk. 1978, Den russiske romstasjonen Mir styrtar i Stillehavet ved New Zealand.  

Namnedag: Gerda, Gerd

Songen for dette møtet, valt av Odd og Ove, var «Hver dag er en sjelden gave». 

Frammøteprosent for bedriftsbesøket på Formfin var iflg. sekretær Kristin Grebstad 69%.

Halgeir Løseths tema for dagens 3-minutt var verdensøkonomien. Vi har hatt stabil vekst etter Berlinmurens fall, men med pandemi og Russlands invasjon i Ukraina er situasjonen usikker. Det er energimangel i Europa, avhengig av russisk gass og olje. Forsvarsbudsjetta vil auke, USA vil krevje minst 2% av NATO-landas BNP. Det er prisstiging i mange land, og veksten i økonomien er høg, 5,5% i USA og 4,5% i Euroland. Verkemiddelet er høgare rente. 

Dagens foredragshaldar Torbjørn Emblem starta som økonomisjef i Sykkylven kommune i mai 2021. Hans CV før det, er 14 år som regionansvarleg i Visma-konsernet, økonomisjef i Stordal kommune 1991-2006 og eit par år tilsett i inkasso-selskap i Oslo. Han er oppvaksen på Emblem, og er busett der no.

Han tok ein gjennomgang av kommuneøkonomien for kommunane i Møre og Romsdal 2020, 

utarbeidd av Statsforvaltaren (tidl.Fylkesmannen). Kommunane i Møre og Romsdal har generelt høgt gjeldsnivå, og 12 av 26 kommunar har negativt netto driftsresultat. Kommunane tar endringane i folketalet på alvor, og arbeider med omstilling for å møte framtidas auka tenestebehov innan helse og omsorgssektoren. Talet på barn går ned og det må gjerast tilpassingar i oppvekstsektoren. Statsforvaltaren ser at endringar i skolestruktur er vanskelege og skaper engasjement i mange kommunar.

Sykkylven kjem i kategorien middels stor kommune (5.000-10.000 innbyggarar). Økonomisjefen gjennomgjekk vår kommunes inntekter, utgifter og lånegjeld pr. innbyggar, tilsvarande for netto driftsresultat, dessverre negativt, og disposisjonsfond, der vi er på den positive sida. Netto lånegjeld utgjer utgjer 92,4% av brutto driftsinntekter. Så følgde summarisk gjennomgang av avdrag i prosent av brutto driftsinntekter, likvide midlar, eigedomsskatt og skjønstilskot. Sykkylven kommune er heldigvis ute av Robek-registeret, dei 3 gjenverande er Sande, Giske og Rauma kommunar.


Over til budsjett og økonomiplan for Sykkylven 2022-2025, så er temaet «tid for omstilling». Kommunen står framfor store utfordringar i komande periode. I åra 2022 - 2025 vert rammetilskotet redusert kvart år p.g.a. kriteriedata. Sentrumsskulen skal realiserast i perioden, det vert derav auka lånegjeld. Det er vidare forventa folketalsnedgang og uke i talet på eldre. Som følgje av den demografiske utviklinga vil utgiftsbehovet for barnehage og skule minke, medan tilsvarande behov for pleie og omsorg vil auke.

Driftstiltaka vil i åra 2023 – 2025 gå ned 4%, målsettinga er vidare at netto driftsresultat skal over tid utgjere minimum 1,75% av brutto driftsinntekter. Disposisjonsfondet skal minimum utgjere 10% av brutto driftsinntekter og Netto lånegjeld i prosent av driftsinntekter skal ned på dagens nivå (under 130%) innan 2030 og 100% innan 2035.

Presidenten takka økonomisjef Torbjørn Emblem for orienteringa, og han ønskte også velkomen tilbake til klubben ved eit seinare høve.

 

Referent: Odd Holen


 
Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS