President Roger Kornberg ønskte velkomen, og nemnde nokre tidlegare hendingar på denne dagen 6. april:
648 f.Kr. – Tidligste kjent solformørkelse, 1804 – Den første vitenskapelig registrerte meteoren lander nord i Glasgow,
1973 - Pioneer 11, det andre romfartøyet til å utforske Jupiter og det ytre solsystemet, og var det første til å utforske Saturn.
Namnedag: Åsmund og Asmund, Bursdag: Bastian Weiberg Aurdal 63 år 13. april
Songen for dette møtet var «Hver dag er en sjelden gave».
Frammøteprosent for møtet 30.03.22 var iflg. sekretær Kristin Grebstad x % (ikkje opplyst).
Dagens 3-minutt var ved ordførar Odd Jostein Drotninghaug med tema «Flyktingesituasjonen»
Som ordførar har han hatt utfordringar; i første ordførarperiode dotter som fekk kreft, i andre periode ei krevjande tid med pandemihandtering, samt tap av rådmann. Just no kom flyktningekrise, og igjen rådmann som gjekk av. Førespurnaden frå sentrale styresmakter var opprinneleg om Sykkylven kunne ta imot 24-25 flyktingar, deretter 37. Brått auka talet til 130 flyktingar, sidan Sykkylven har vist god kompetanse på dette, fått folk i jobb og «tackla» situasjonen godt. Dette er verkeleg ei tillitserklæring til kommunen, og kommunestyret sa «Ja» til mottak i kommunestyremøte 04. april.
Innkomande president Knut Molnes orienterte om planlagd Rotarytur til Åndalsnes 24.04. Det blir gondoltur med Romsdalsgondolen til Nesaksla og søndagsbuffet m/varm mat og dessert. Program deretter er Sørsdahlhuset med orientering om Rauma/Åndalsnes v/ Per Arne Skomsø, servering med kaffi og kaker. Prisgaranti for turen med alt inkludert for under kr.1.000.
Dagens foredragshaldar Per Inge Haugen, vår tidlegare sokneprest, hadde forska på tidfestinga av 1.påskedag. Her ligg det eit par tusen år med forhistorie, der spesialistar, såkalla «komputistar», med både astronomisk og matematisk kompetanse var opptekne av temaet. Den generelle regelen er at «Påskedag er første søndag etter første fullmåne etter vårjamndøgn». Vårjamndøgn er ca. 21.mars, men kan også kome dagen før, og når den første fullmånen tenner, er vanskeleg å rekne ut. Uansett fell påskedag på søndagar mellom 22.mars og 25. april. Påska styrer såleis halve kyrkjeåret, fordi både Kristi Himmelfartsdag og Pinsa følgjer h.h.v. 40 og 50 dagar etter påskedag. Jødisk påske var feiring basert på frigjering frå slaveriet i Egypt, medan kristen påske er feiring av Jesu oppstode frå dei døde.
Kyrkjemøtet i Nicea år 325 e.Kr. vedok at vårjamndøgn skulle baserast på Julius Caesar sin kalender, «Den Julianske», og skulle leggjast fast til 21.mars fram til år 531, med ein syklus vidare på 532 år. Nokre år før tabellen gjekk ut i 532, fekk den romerske munken og matematikaren Dionysius Exiguus oppgåva med å rekne ut ny oversikt for dei neste 532 åra. Men Dionysius snudde opp ned på heile systemet. Han la også inn i reknestykket tidspunktet for Kristi fødsel. Sjølv om han bomma med 4 - 7 år, fastsette han vår tidsrekning; før og etter Kristi fødsel. For å rette opp feila i «Den julianske kalender» som baserte seg på at jorda brukar 365,25 døgn på ein runde rundt sola, og eigentleg brukar 0,0078 døgn mindre, hoppa han over ti dagar, og vi fekk «Den gregorianske kalender» etter pave Gregor den store. No var det ikkje lenger slik at påska gjentok seg i ein syklus på 532 år, no ville det ta 5,7 millionar år mellom kvar gong månefasane og datoane ville gjenta seg på den eksakt same måten.
Det har vore stridigheiter om reknemåten mellom «Den julianske» og «Den gregorianske» kalender opp gjennom tidene , men på 1500-talet var «Den gregorianske kalender» einerådande i Europa. Austkyrkjene, dvs. den gresk- ortodokse og russisk-ortodokse kyrkja følgjer framleis «Den julianske kalender», og det ender ofte med at dei feirar påske ei veke etter kyrkjene i vesten.
Det store spørsmålet frå den kristne kyrkja er om påska eigentleg treng å bli utrekna med astronomisk presisjon? Dei andre kristne høgtidene er på faste datoar; julaftan på 24. desember og 1.søndag i advent på søndagen nærast 30. november. Den kjende tyske astronomen Johannes Kepler er sitert på at «Påska er ei høgtid, ikkje ein planet». Kirkenes Verdensråd vedtok på si generalforsamling i Brasil i 2006 ei målsetting om felles dato i 2013. I 2015 opna pave Frans for å få ein fast påskedagsdato, slik at alle kyrkjer i verda kunne feire på same dag, men semje om dette gjenstår.
Referent: Odd Holen
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"