Referat frå møte i Rotary 24.08.22

Referat frå møte i Rotary 24.08.22


1.    Presidenten ønskte velkomen til dagens møte, og hadde ein gjennomgang av dagen i dag.

 

2.    Dagens 3-minutt var ved Olav Pileberg. Overskrifta på hans innlegg var «Ferieprofil sett frå mitt perspektiv». Reisa starta på Solgården i Spania og enda opp ved minnesteinen etter køyrekaren til Georg Sverdrup på Jevnaker. Han var då på veg til Eidsvoll i 1814.

 

3.    Rotarysongen i dag var to vers av Fagert er landet, som ei oppfølging av Olav p. sitt innlegg.

 

4.    På oppsummeringa frå sekretæren vart det opplyst at

a.     Asbjørn Klokk fyller 75 år 28.august. Klubben sender ein bukett til han. Vidare hadde desse fødselsdag i juli: Roger Kornberg 58 år, Ove Straumsheim 82 år, Petter Velle 71 år, Knut Jarle Vik 58 år og Greta Herje 73 år. Gratulerer så mykje til dei alle.

b.     BUAS komande veke – her avventar vi litt. Sjå og frå Presidentens time seinare i referatet

c.     Frammøte sist møte 19 medl /47,5%

 

5.    Rotarykaffi med vinlotteri og trekning

 

6.    Presidentens time. Knut hadde ein gjennomgang av div informasjon og refleksjon

·      Ny verdenspresident er Jennifer Jones. Hennar fire mål for arbeidet dette året er:

o   Mangfald, rettferdigheit og inkludering

o   Engasjere medlemmane ved å lytte – kvifor er du medlem i Rotary

o   Styrke jentene / empowering girls

o   Vise omverda at vi utgjer ein forskjell

·      Det er Distriktsguvernørbesøk tysdag 6.september. Invitasjon er sendt ut, og det vart sendt rundt påmeldingsliste på møtet. Denne vil og verte sendt rundt på neste møte. Om nokon ikkje er på møta, men ønskjer å melde seg på så send ein epost til sekretæren. Pris 400 kr. Påmeldingsfrist er 31.august.

·      Vi er oppfordra til å nominere kandidatar til både rolla som Distriktsguvernør i 25/26 og som Lovrepresentant i perioden 23-26. Frist for nominasjon er 15.september.

·      Knut M, Knut Henning A. og Steinar K. representerer klubben under Distriktskonferansen på Gjøvik 23.-25.september. Greta deltek i kraft av si rolle i Distriktet. Knut skal der også representere klubben under Årsmøte del 2 for distrikt 2305.

·      Gjekk igjennom dei viktigaste punkta på styremøtet 17.august. 

·      Olav P. stilte spørsmål om status for overføring av gudstenester frå Sykkylven kyrkje til BUAS. Presidenten sjekkar opp og melder tilbake.

 

Neste møte blir 31. juni 2022 kl. 19.00 - 20.00

Program: Kraftsituasjonen v/adm.dir i Sykkylven Energi, Per Arne Edvardsen

Referent: Bjørg Dyrkorn Velle

Matkomité: Odd Holen og Bastian Aurdal

3 minutt: Roger Kornberg

 

Ref. Steinar Klokk


 
Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS