Referat fra besøk Stranda Industrimuseum 26 oktober
Møtereferat bedriftsbesøk på Stranda Industrimuseum onsdag 26.oktober 2022 |
Vi var 17 medlemer av Rotaryklubben som reiste over fjellet til Stranda for å besøke Stranda Industrimuseum som vart opna i juni i år. Vi vart mottekne av to engasjerte personar som guida oss gjennom utstillinga, nemleg Helge Søvik og Reidar Lunde. Det var heilt fantastisk å sjå alt som dei har klart å samle og utstille av møblar og tekstilprodukt m.m. som har blitt produsert i Stranda kommune frå ca år 1884 og fram til i dag – eit svært breitt spekter av produkt ca 150 i antal som representerer industrien og grunderverksemda i Stranda. Desse er stilte ut på den 600 kvadratmeter store salen i det som tidlegare var produksjonslokale til Ekornes-fabrikken.
Tre sentrale personar i Stranda si industrihistorie:

Frå venstre:
1. Peter I. Langlo, i daglegtale berre kalla «PI», grunnla P.I.Langlo fabrikker i 1907. Etter dette oppstod omtalen «Stranda – Møbelindustriens vogge»
2. Jon Ringstad starta Ringstads Pølsefabrikk i 1884
3. Jens Bastian Langlo, i daglegtale berre kalla «JB» starta Langlo`s Elektrisitetsverk i 1912
Dette bildet viser møbeldesignarar som kjem frå Stranda;
Frå venstre
1. Per Øie
2. Peter Opsvik
3. Jarle Slyngstad
4. Harald Relling

Det var vanskeleg å finne gamle møblar produsert av P.I.Langlo fabrikker, men det viste seg at Ekornes hadde lagra gamle teikningar, og dei var «sporty» nok til å produsere ein salong spesielt til denne utstillinga

Reidar Lunde orienterer om Stranda sin næringsmiddelindustri, Ringstad Pølsefabrikk, Stabburet og Norsk Sjømat

Reidar Lunde orienterer om Stranda-bedrifta PLA – MEK som no har flytta produksjonen til Aursnes i Sykkylven – dei er ein stor leverandør av formstøypte komponentar i plast til mellom anna Ekornes

Helge Søvik fortel om den elektriske tidtakingsmaskina som strandaren Harald Berge utvikla til Norgesmesterskapet i alpint på Stranda i 1972

Den første Olabuksa i Norge vart produsert på Stranda av bedrifta Møreklær

Stranda var også i ein periode stor på konfeksjonsindustri, som t.d. Alvo skjortefabrikk

Karl Mjelva starta produksjon av elektriske komfyrer i Geiranger

Her ser vi ein fornøgd gjeng frå Sykkylven Rotaryklubb, fullstappa av inntrykk frå Stranda
si industri- historie, guide Helge Søvik til venstre på bildet.
Refererent
Bastian Weiberg-Aurdal
|
|
|
12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
May Britt og Prosjekt Filippinene:
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".