Referat frå medlemsmøte med besøk av EL24

Referat frå Rotarymøte  onsdag 18. januar 2023

 

Denne dagen hadde vi besøk av Jan Olav Dybvikstrand og Øyvind Fagerhol frå EL 24,

og det var  «Temakveld om solcelle/ batteri / energieffektivisering /smarthjem i private boliger»

Dette er eit stort tema og i møtet vart dagens tema prioritert så nokre av dei fast postane gjekk ut.

 

Sekretæren

fortalde at på siste møte var det 66% frammøte.

 

Olav P.

Hadde funne fram songen «Mot i brystet» og meinte at denne høvde godt til dagens tema.

 

Jan Olav Dybvikstrand  (Prosjektleier Bolig & Service)

minte oss om at det grøne skiftet ville gi oss underskot på straum i 2027 og at vi derfor alle må bruke straumen smartare.  Dersom alle gjer litt så kan vi klare oss betre gjennom denne viktige endringa i bruken av energi.

Straumforbruket kan optimaliserast ved bruk av smarte styringssystem og det gir både økonomisk vinst og sparer straum.

Han oppfordra til å bruke fagfolk som rettleiarar, satse på brukarvenlige system og å starte med det som dreg mykje straum.

 

Du kan lese meir om temaet og om tilskotsordningar her:

https://kalkulator.stromkontroll.no/?mc_cid=6d246cb797&mc_eid=f3adcc6c2b

 

https://www.youtube.com/watch?v=buIHmMhfftY

 

https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/smart-stromstyring/

 

https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/solenergi/solcelleanlegg/

 

 

Øyvind Fagerhol (prosjektleiar solenergi)

Solenergi i privathus har skote fart siste åra. EL24 importerer no sine solceller sjølve og dei har 30 års garanti. Alle prosjekt må planleggast og kvalitetsikrast før dei vert presentert for kunden. Dei fleste anlegga går mot 220 V og treng det for å produsere, men dei leverer og off-grid-anlegg til hytter der det ikkje er framlagd straum.  Begge typer kan kombinerast med batteri, og off-grid vert og kombinert med aggregat som starter automatisk.

Det er viktig med god virkningsgrad på eit solcellepanel, og deira panel er av dei beste som er på marknaden.

Enerigtilbakebetalingstida for eit komplett solcelleanlegg er under fire år, og ved ein straumpris på 70 øre så reknar ein at anlegget har betalt seg på 18-20 år.

Det finnes støtteordningar for installasjon av slike anlegg, og støtta varierer med storleiken på installasjonen.

 

Du finn meir om EL24 på denne sida:

https://www.el-24.no/

 

Referent

Petter Velle.


 
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet