Referat frå medlemsmøte med besøk av EL24
Referat frå Rotarymøte onsdag 18. januar 2023
Denne dagen hadde vi besøk av Jan Olav Dybvikstrand og Øyvind Fagerhol frå EL 24,
og det var «Temakveld om solcelle/ batteri / energieffektivisering /smarthjem i private boliger»
Dette er eit stort tema og i møtet vart dagens tema prioritert så nokre av dei fast postane gjekk ut.
Sekretæren
fortalde at på siste møte var det 66% frammøte.
Olav P.
Hadde funne fram songen «Mot i brystet» og meinte at denne høvde godt til dagens tema.
Jan Olav Dybvikstrand (Prosjektleier Bolig & Service)
minte oss om at det grøne skiftet ville gi oss underskot på straum i 2027 og at vi derfor alle må bruke straumen smartare. Dersom alle gjer litt så kan vi klare oss betre gjennom denne viktige endringa i bruken av energi.
Straumforbruket kan optimaliserast ved bruk av smarte styringssystem og det gir både økonomisk vinst og sparer straum.
Han oppfordra til å bruke fagfolk som rettleiarar, satse på brukarvenlige system og å starte med det som dreg mykje straum.
Du kan lese meir om temaet og om tilskotsordningar her:
https://kalkulator.stromkontroll.no/?mc_cid=6d246cb797&mc_eid=f3adcc6c2b
https://www.youtube.com/watch?v=buIHmMhfftY
https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/smart-stromstyring/
https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/solenergi/solcelleanlegg/
Øyvind Fagerhol (prosjektleiar solenergi)
Solenergi i privathus har skote fart siste åra. EL24 importerer no sine solceller sjølve og dei har 30 års garanti. Alle prosjekt må planleggast og kvalitetsikrast før dei vert presentert for kunden. Dei fleste anlegga går mot 220 V og treng det for å produsere, men dei leverer og off-grid-anlegg til hytter der det ikkje er framlagd straum. Begge typer kan kombinerast med batteri, og off-grid vert og kombinert med aggregat som starter automatisk.
Det er viktig med god virkningsgrad på eit solcellepanel, og deira panel er av dei beste som er på marknaden.
Enerigtilbakebetalingstida for eit komplett solcelleanlegg er under fire år, og ved ein straumpris på 70 øre så reknar ein at anlegget har betalt seg på 18-20 år.
Det finnes støtteordningar for installasjon av slike anlegg, og støtta varierer med storleiken på installasjonen.
Du finn meir om EL24 på denne sida:
Referent
Petter Velle.
3. februar 2017
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 25. januar:
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Politimester Ingar Bøen:
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Lars P. Riksheim Treindustrier
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Verda sin poliodag 24. oktober
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.