Medlemsmøte med info fra Flyktningetjensta i Sykkylven

Referat frå Rotarymøte  onsdag 25. januar 2023

 

Presidenten

yngste velkomen. Gjester i dag var Magnar Støylen og Hanne Støylen. Hanne har foredraget i dag med tittelen

«Vegen til eit godt liv»

 

Steinar

opplyste om at det var 64% oppmøte sist gong.

Steinar Nordmo runder no 75 år.

 

Songen i dag var «Draumen om fred»

 

Nils Arve  hadde tre-minutt

Han gav oss ei oppdatering om Nofence som er verdas fyrste virtuelle gjerdesystem for beitedyr og gjer det enkelt å gi dyra tilgang til gode og varierte beiter. Du kan enkelt fylgje med på dyra sin aktivitet og endre beitemønster frå dag til dag. Dette gjer at du kan utnytte beiteområda meir effektivt.

Nils Arve var med på deira pilotprosjekt frå 2016 – 2020 og har seinare brukt systemet på sine dyr.  Selskapet har hatt stor vekst og sel no systemet i mange land.  Klavane er no godkjende også for sau og storfe.  Om du vil lese meir så bruk denne linken: Nofence - Verdens første digitale gjerdesystem

 

 

Hanne Støylen  - Vegen til eit godt liv i Norge

Hanne er fagleiar i Flyktningetenesta.  

Det er viktig at flyktningane som kjem til bygda vert tekne godt imot, finn seg til rette og vert ein del av lokalsamfunnet. På den måten kjem dei lettare ut i arbeid og soleis klarer dei seg sjølve.  Det er viktig at dei får bli kjende med heile bygda og lærer seg å sette pris på den fine naturen som vi har.

Flyktningetenesta startar med å legg til rette før flyktningane kjem slik at bustad er klart.  Etter at dei er komne får dei hjelp til alle desse tinga som trengs. Det er mellom anna registrering, fødselsnr., kontakt med bank og skattekort.

Det er integreringslova som ligg i botnen for deira arbeid, også Introduksjonsprogrammet som dei bruker for å få flyktningane ut i arbeid.  Programtida er mellom tre månader og fire år, alt etter kva behov den enkelte flyktning har. Det seier seg sjølv at det er store forskjeller, sume kan ikkje lese og skrive og andre er høgt utdanna.

I 2022 busette kommunen 75 flyktningar, og hadde pr. 31. desember oppfylgjing på 113.

Med så mange nye flyktningar på eit år så har heile bygda blitt teka i bruk, og dei leiger no omlag 35 bustader hos private. Borna går på skule og barnehage i sine nærområder.

IMDI har oppmoda kommunen om å ta imot 110 personar i 2023, men Flyktningetenesta trur dette er for mange. Dei meiner at 60 er eit meir realistisk tal.

 

Referent

 

Petter Velle


 
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.