Medlemsmøte 8 febr med ego foredrag Svein Erik Kampenes
Referat: Rotarymøte 8/2-23
Møteleiar: President Knut ynskte medlemmar velkomne og fortalde litt om dagen i dag.
Song: Olav fekk ordet, han har feira 80 årsdag i Puerto Rico. Han hadde og jubileum som første kulturprisvinnar i Sykkylven. Han mintest også då Elisabeth Andreassen deltok på jubileet til Ullavik skule, der han fekk dane vals til dagens song «Danse mot vår»
3.minutt: Knut Vollstad
Knut snakka om sjukdomen demens. Ein sjukdom han meiner må kome meir fram i lyset. Han stilte og spørsmål om klubben kan bidra med noko for å aktivisere demente i bygda.
Program: Ego-foredrag Svein Erik Kampenes.
Svein Erik hadde ein flott presentasjon og vi fekk høyre om ein fin barndom med engasjerte og aktive foreldre. Han kjem frå ein kristen heim og har eit kristen- humanistisk verdigrunnlag. Svein Erik vart fødd i 1966 i Mosjøen. Då han var fire år, flytta familien til Skrautvål i Valdres, der han vaks opp.
Han har etter vidaregåande skule avtent verneplikta i indre Troms, hatt eitt år på bibelskule i Grimstad, deretter 3-årig Flyteknisk ingeniørutdanning.
Han har arbeidd i Braathens SAFE- Teknisk divisjon. Flytta til Sykkylven i 2000, jobba først på Sandella og er no tilsett ved JE Ekornnes AS som Kvalitet- og HMS- leder
Svein Erik er gift med sykkylvsdama Helene Baade og dei har tre gutar.
Har syng i kor og er oppteken av å bidra med frivillig arbeid.
Velkomen i klubben!
Bjørg
19. oktober 2024
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
Anita gir polio et ansikt
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
Presidenten sin time
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
11. januar 2018
Rotarymøte 10 . januar 2018:
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Presidenten sin time med Vinlotteri
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Rotarymøte 13.desember 2017
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Rotarymøte 6..desember 2017
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.