Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb 31/5- 23.
Presidenten opna møtet med å ynskje foredragshaldar, gjester og medlemmar velkomne. I tråd med tradisjonen, vart det lista opp ein del viktige hendingar på denne datoen.
Song for dagen; Alle fuglar
3 min.; Greta Herje. Tema: 4 år som AG i Søre Sunnmøre Rotarydistrikt. Greta trakk fram nokre av prosjekta som naboklubbane har satsa på. Td. Hareid RK: Tursti, Stranda RK: Gapahuk og tursti.
AG jobbar nært opp mot guvernøren og har m.a ansvaret for tilrettelegging av guvernørbesøka i klubbane. 5. sept vert det lagt opp til eit felles møte mellom Ørsta, Volda, Stranda og Sykkylven der både president og medlemmar kan møte.
Nokre stikkord:
- Innsamlingsaksjon til medisinsk hjelp til Ukraina.
- Stand på Sykkylvsdagane for Prosjekt Filippinane (May-Britt Tynes- Lola Day Care)
Foredrag: Fungerande Adm. Dir. for Ekornes; Fredrik Ødegård Nilsen var dagens foredragshaldar.
Nokre stikkord:
- Veldig god omsetting dei 3 siste åra
- Ekornes vart børsnotert i ´95 og dette var starten på ein veldig god periode, men omsettinga er enda betre no.
- Ekornes er eit av dei mest globale møbelkonserna
- Merkevarer: Stressless 84 %, IMG 20 %, Svane 6 %.
- 8 fabrikkar i 4 land; - Noreg, USA, Litauen og Thailand
- Salet går bra, spesielt i USA ( 38 %) og Nord-Europa (16 %). Noreg 8 %
- Litt svakere i Norden
- MEN lønsemda er pr dato på – 2.7 %, - mykje pga auke i materielkostnader + lønsauke.
- Målsetting: Reduksjon i produksjonskapasitet - 200 mill., reduksjon av tilsette –
3 mill., totalt ca 1000 medarbeidarar inkludert admin.
Usikter:
- Alle kostnader, inkludert renter går opp. mindre forbruk. Lenge før ein har kontroll på inflasjonen.
- Trass alt; -Optimistisk. Venter oppgang i `23 og ´24.
- Stor entusiasme i staben.
- Likviditeten er bra , men lønnsemda må bli betre.
- Framtidige satsingar; Motoriserte produkt, spisestuestolar
- Samarbeid med Arve Ekornes neste generasjon Stressless!
Som takk for foredraget fekk Ødegård Nilsen ei lita gåve frå klubben.
Referent Steinar N
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".