Referat fra medlemsmøte 23.08.2023
Referat frå klubbmøte – Sykkylven Rotary klubb 23.08.2023
Opning: Ny president Knut Henning Aursnes ønskte velkommen til møtet og opna med å tenne eit lys på talarstolen. Dette skal minne oss om målet vårt om å arbeide for fred mellom menneska, og at vi kan starte med oss sjølve her i klubben på møta våre. Vidare var det dagens sang – «Har du fyr».
Rolf Hjellegjerde fekk deretter ordet. Han takka for merksemda i høve hans kones bortgang i sommar.
3.minutt: Knut Martin Molnes. Snakka på vegne av medlemskomiteen. Vi treng nye medlemmar for å framleis vere ein vital klubb også i framtida. Han skisserte fleire ulike aktivitetar for rekruttering. Dette var m.a. oppslag, annonsering, bruk av klubben sine FB sider, invitasjon til kjente, RYLA som kan bringe unge inn i klubben, sjå på kva yrker vi har og ikkje har i klubben. Vidare vart vi oppmoda om å kome med eit eller fleire namn på aktuelle kandidatar. Dette kunne vi fylle ut på skjema som vart levert ut.
Vinlotteri: Vinnarar vart Greta på begge flaskene.
Presidentens time:
Nytt frå SRK:
· Presidentforum 31.8 her i Sykkylven. Presidenten er teknisk arr, medan AG er vertskap. Gjekk elles litt igjennom programmet.
· Guvernørbesøk felles for Ørsta, Volda, Stranda og Sykkylven på Volda turisthotell tysdag 5.september. Ope for alle medlemmar. Felles reise via Hundeidvik (samkøyring). Påmelding neste veke eller på utsendt epost. Som ein konsekvens av dette gjeng klubbmøtet 6.september ut.
· Rotary – ein verdsomspennande organisasjon. Presidenten viste film med virtuell omvising i frå hovudkontoret.
· Distriktskonferanse med Årsmøte i Eda-Eidskog Rotary klubb, Charlottenberg 22-24 september. Felles busstransport med dei andre klubbane på Sunnmøre. President, Innkomande president og Sekretær reiser frå klubben. Dersom andre har lyst til å bli med så er det opning for det, mot at ein betalar kostnadane sjølv. Frist for påmelding er måndag 38.august. Fortalde elles litt om innhaldet på konferansen.
3. februar 2017
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 25. januar:
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Politimester Ingar Bøen:
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Lars P. Riksheim Treindustrier
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Verda sin poliodag 24. oktober
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.