Presidentens time 13 sept 2023
President Knut Henning Aursnes ønskte velkomen, tende eit levande stearinlys og minte oss på Rotarys motto for året 2023-24:
«Create hope in the World»!
Gjest i dag: Ilyas Degirmenci
Olav Pilebergs song for dette møtet var: «En sommer er over», presentert på skjerm av Kirsti Sparboe.
Bursdag: Geir Brekke 70 år, 17.sept.
Frammøteprosent for møtet 30.08.23 (ikkje registrert).
3-minutt ved Arild Sporsheim, tema «Kyrkjevalet 2023»
Dette er eit demokratisk val på soknerådsmedlemer, bispedømeråd og til kyrkjemøtet (kyrkjas Storting). Det var ordinær og digital røysting, oppslutninga var 21% på Ikornnes og 11% i Sykkylven sokn. Valapparatet er på mange måtar det same som for kommune-/fylkestingsval. Valde medlemer for h.h.v. Ikornnes og Sykkylven sokneråd er lagt ut på kyrkjas heimeside, og desse tiltrer 1. november. Kyrkjeleg fellesråd er felles for dei 2 råda. Det vart ein god del spørsmål i samband med dette temaet.
Neste programpost var «Quiz om Rotary», gruppeoppgåve for kvart bord. Dette vart gjennomført samstundes med vinlotteri, servering, prat og Rotarykaffi. «Quiz`n» stilte fundamentale spørsmål om Rotary som følgjer:
A. Kva spørsmål inneheld Firespørsmålsprøva?
B. Kva sju fokusområde har Rotary?
C. Skriv opp dei fem vegane for service
Heldige var dei gruppene som hadde med medlemkortet med «The four-way-test» og Rotarys lover og vedtekter på mobiltelefon. Ved referentens bord var vi heldige såleis, samt nærvær av past president Knut Molnes, som nettopp har oppdatert lover og vedtekter. Gruppa oppnådde 15 ½ poeng av 16 oppnåelege og vart vinnar! Mange grupper følgde like bak.
President Kut Henning ser det som si oppgåve å forbetre Rotaryopplevingane våre gjennom aktivitetar. Han refererte vidare til brev frå AG Greta Herje om framføring av Sykkylven Rotaryklubbs presentasjon under Guvernørbesøket i Volda. Stor takk til Knut Molnes for dette i presidentens fråver!
Det vart vidare vist ein liten filmsnutt frå Rotary sentralt, om korleis kvar enkelt kan få meir utav sitt Rotarymedlemskap. Rotary har pr.no 529 distrikt, 36926 klubbar og 1.170.000 medlemer.
Kvelden vart avslutta med trekning av vinlotteriet; 1 flaske alkoholfri raudvin og 1 flaske kvitvin!
Referent: Odd Holen
12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
May Britt og Prosjekt Filippinene:
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".