Julemøte 20 desember med opptak av nye medlemmer

Sykkylven Rotaryklubb møtereferat onsdag 20.desember 2023 


President Knut Henning Aursnes opna møtet og orienterte om det som skule skje i dag;   

  • Juloratoriet av J.S. Bach 
  • Opptak av nye medlemer 
  • Julelunsj 
  • Innslag med Øystein Braathen  
  • Song Deilig er jorden 

Vi fekk sjå og høyre Juleoratoriet av J.S.Bach spelt av eit tysk orkester.  Bach komponerte dette musikkstykket mellom 1734 og 1735 då han var tilsett i Thomaskyrkja i Leipzig.    

Vi kom i skikkelig julestemning ved å få høyre utdrag av Juleoratoriet. 


Så var det opptak av to nye medlemer i klubben,  nemleg Ilyas Degirmenci og Ingrid van der Velde 

Dette  bildet viser president Knut Henning Aursnes i midten, omkransa av dei to nye medlemene i kliubben vår, Ilyas Degirmenci og Ingrid van der Velde. 

Så fekk vi servert ein velsmakande lunsj, og praten gjekk friskt rundt borda 

Så fekk Øystein Braathen ordet – han ville skape litt julestemning ved å framføre tre nyare julesalmar som har fått plass i den siste utgåva av Salmeboka  -  han fortalde også litt om historia rundt desse salmane og forfattarane 

«Julekveldsvisa» av Alf Prøysen 

«Nordnorsk julesalme» av Trygve Hoff 

«Djupaste mørker ligg over jord» av Arnfinn Haram 

Bildet viser Øystein Braathen som framfører julesalmar 

  

Her ser vi nokre bilde av dei frammøtte 

Vi avslutta julemøtet ved å synge «Deilig er jorden» – så ynskte vi kvarandre ei god jul og på gjensyn onsdag 3. januar 2024 


Referent 

Bastian Weiberg-Aurdal 



 
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet