Medlemsmøte 3 januar 2024

Referat frå Rotarymøtet 3. januar 2024

Hovudtema: Presidentens time med vinlotteri og framdrift av prosjektet Skriverstova

Presidenten opna møtet med å tenne lys og minne oss om at kvar og ein kan vere med på å gjere ein forskjell.

 Olav var ikkje tilstades men hadde sendt over songen Skal gamalt vennskap kverva bort.

Sekretæren

Kunne fortelje at Bjørg D. Velle fyller 66 år den 5. d.m.

 Svein Erik Kampenes

hadde dagens 3-minutt.  Han tok utgangspunkt  i bruken av fyrverkeri som feiring av nyttår.  Det norske folk bruker over ein halv milliard på dette kvart år.  Denne oppskytinga fører til mange skader på folk og i tillegg mange branner.  Det har siste åra, også i Sykkylven, kome fellesoppskyting av fyrverkeri. Likevel blir det mykje privat oppskyting. Om fellesfyrverkeri skal overta for den private oppskytinga må det flyttast til midnatt.  Han meinte at privat oppskyting har så store negative konsekvensar at det måtte kome eit forbod mot dette.

Skriverstova.

Presidenten orienterte om e-post frå Knut Volstad der han ber om at klubben tek opp denne saka, forankrar den i klubben og legg ein plan for framdrift.  Han meinte at det kunne vere eit mål å ha prosjektet ferdig til medio juli 2025.  Det er då 50 år sidan H. Straumsheim døydde.

 Roger Kornberg orienterte om status og gjekk gjennom det som er gjort til no

 I klubben vart det delt ein del synspunkt på detaljer om tilstanden på bygget.  Det vart og lufta framtidige samarbeidspartnarar for prosjektet.

Det var og dei som meinte at dette prosjektet var for stort for klubben og at det ikkje var teke avgjerd om at vi skulle starte prosjektet.

Det var og mint om at ingen talte imot då vi søkte om midlar til prosjektet.

 Det var semje om at prosjektet må takast opp til brei drøfting og forankring i klubben, men fyrst må vi ha på plass ein avtale med eigar Morten Straumsheim slik at vi har eit skikkeleg grunnlag for diskusjonen i klubben.

Presidenten oppsummerte diskusjonen  og det vart vedteke at vi skulle ta denne diskusjonen på komande «Presidentens time» og Roger fekk i oppdrag å legge fram ein avtale til det møtet.

 

Referent

Petter Velle

 


 
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".