Medlemsmøte 17 januar 2024 med Landbruksplan for Sykkylven

SYKKYLVEN ROTARYKLUBB, MØTE 17.01.24 MED Tema: «Landbruksplan for sykkylven v/Mandy HÄger»

 

Past president Knut Molnes ønskte velkomen, og minte om verdspresidentens motto for rotaryåret: «Create hope in the World»!

 

Song for møtet: «Syng, syng, syng og vær glad»

Frammøteprosent frå forrige møte; 76%

Bursdager: Arvid Nordstrand 72 år, Olav Pileberg 81 år

 

3-minutt ved: Greta Herje; «Deltaking på Rotary Assembly i Orlando, Florida»

Dette var møteplass for innkomande guvernørar, der Greta var partner (høgrehand) for vår innkomande guvernør Lidun Hareide. Det var flott å kjenne seg som medlemer av ein internasjonal verdsorganisasjon og med 500 innkomande guvernørar, derav 6 nye norske. Dei fekk også møte og tildels helse på tillitsvalde i Rotarys øvre sjikt. Det var tilsaman 13-1400 deltakarar på Assemblyèt. Partnerar som Greta hadde eige opplegg med gruppemøte, stands osv., også nordisk. Tydeleg hovudsak for Asseblyèt var å skape nye klubbar. Greta hadde med vimpel frå Filippinane tilbake til vår klubb.   

 

Dagens tema: Landbruksplan for Sykkylven v/jordbrukssjef Mandy Häger

Føremålet med landbruksplanen er å styrke landbruket sin plass i den kommunale planlegginga, samt å setje landbruket sine interesser i eit samfunsmessig perspektiv. Planen vart vedtatt i kommunestyret 06.11.23, og skal rullerast kvart 8. år, med temaplan som kan vurderast kvart 4.år. Mandy Häger hadde ein svært detaljert gjennomgang av planen, som det berre er mogleg å gjengi hovudpunkta av her.

Ÿ Den baserer seg på overordna, regionale og lokale føringar.

Ÿ Naturgrunnlaget for landbruket i Sykkylven vart gjennomgått (sjå bilde).

Ÿ Vidare gjennomgang av bruksstruktur, husdyrhald, utmarksbeite, økologisk landbruk, bygdenæringar, gartneri, sysselsetting, skogbruk, vilt og fiske

Ÿ Det vart presentert ei SWOT-analyse, som peiker på styrker, svakheiter, moglegheiter og truslar i kommunen.

Ÿ Til slutt vart det presentert satsingsområde for landbruket i Sykkylven:

Ÿ Det dreier seg om jordvern, husdyrproduksjon, rekruttering, utmarksbeite, lokal bygdemat og bygdenæringar, miljø og klima samt skogbruk.

 

 

Past president Knut Molnes takka for foredraget og lova tradisjonell takkegåve som blir overlevert av Petter Velle!

 

For dei som vil lese meir inngåande om landbruksplanen, finst den på følgjande lenke:

 














Landbruksplan for Sykkylven, vedteke i kommunestyret 06.11.2023 (PDF, 5 MB)



Referent: Odd Holen










 


 
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".