Medlemsmøte 6 mars 2024
Referat frå Rotarymøtet 06. mars 2024
Hovudtema: Presidentens time med vinlotteri.
Presidenten opna møtet med å tenne lys og minne oss om at kvar og ein kan vere med på å gjere ein forskjell.
Olav hadde funne fram songen «No bruser bekk» av Haldis Moren Vesås.
Sekretæren
Minte om torskeaften ilag med Stranda Rotary Klubb den 12. d.m. Han oppfordra til samkøyring over fjellet.
Sist møte hadde vi 78 % frammøte.
Fødselsdager som nermer seg: Sindre Stuen 47 år og Knut Henning Aursnes 51 år.
Nytt klubbmedlem: Audun Nerland
Greta Herje har vore AG i fem år. No skal ho vere sekretær for Distriktsguvernøren. Ho etterlyser nokon som vil ta over AG-jobben.
Odd Holen
hadde dagens 3-minutt. Med fine bilder og forteljing tok han oss med på ein tur gjennom Europa
frå Neuenburg til Budapest med båt. Ei forteljing som ga lyst til å legge ut på tur.
Nils Arve – Rotarytur
Han la fram fleire alternativ. Det var stemning for ein busstur, og det vart bestemt at Nils Arve skulle sende ut e-post slik at medlemane kunne stemme på den turen som dei hadde lyst til.
Orientering om og oppmoding til å gå på konsert 11. april.
Det blir sendt ut e-post med oppmoding om å melde seg som støttekontakt for demenspersonar i kommunen.
Det er kome spørsmål frå kommunen om å vere trafikkvakt ved Ullavikkrysset. Knut Jarle Vik sender ut e-post med oppmoding til å melde seg på.
Skriverstova.
Presidenten orienterte om saka.
Petter Velle hadde vore i kontakt med Morten før møtet, og kunne opplyse om at han ville trekke seg frå samarbeidet. Det kan vere aktuelt å gå vidare med samarbeidet på eit seinare tidspunkt.
Saka er sett på vent til vi evt. får anna tilbakemelding frå Morten.
Referent
Petter Velle
3. februar 2017
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 25. januar:
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Politimester Ingar Bøen:
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Lars P. Riksheim Treindustrier
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Verda sin poliodag 24. oktober
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.