Medlemsmøte med Runar Tandstad frå Møre Trafo

Sykkylven Rotary Klubb, møte 20. mars 2024 i Banksalen.

Referat.

1.    Past-President Knut Molnes opna møtet, som vikar for president Knut-Henning. Han ønska velkommen til klubbmedlemmene og gjest Runar Tandstad, Administrerande direktør ved Møre Trafo AS. Knut tende eit lys for fred i verda, etter verdspresidenten sitt motto: «Create Hope In The World». Så introduserte han «klubbtrubadur» Olav P, som…

2.    …leia allsongen, - No livnar det i lundar, av Blix/ Lindeman.

3.    Sekretær Steinar Klokk refererte statistikk frå forrige møte, den 12. mars: Intercitymøte på Stranda, etter invitasjon frå Rotary-klubben til Torskemiddag. Frammøte: Elleve – 11 – frå Sykkylven RK.  Knut Jarle Vik informerte så om Trafikkvakter i Ullavik-krysset, der Rotary har fått spørsmål frå kommunen om å stille med trafikkvakter frå kl. 07.40 til 08.10 dei dagane elevane går der på veg til Aure barneskule. (Den nye) Kun ei vakt meir… så er behovet dekka fram til sommaren!  Trombonisten Knut Jarle i Sykkylven Janitsjarorkester fekk ikkje setje seg ned att før han hadde fått behørig applaus og ros for innsatsen i orkesteret under NM i Trondheim sist helg, laurdag den 16. mars. Olav P. minte klubben på at SJORK  gjekk  til topps med heile 98 av 100 poeng, noko som kvalifiserte for opprykk til 2. divisjon. Trombonegruppa fekk prisen for beste gruppe i divisjonen, og solistprisen gjekk til Guro Øvstedal Liaskar på sopransaxofon. Vi er stolte!

4.    3-minutt var ved Asbjørn Riksheim: Lars P Riksheim Treindustri AS. Asbjørn fortalde om fabrikken og teikna eit positivt bilde av drift og resultat. Corona/ pandemi-perioden baud på store utfordringar med å skaffe råstoff/ tre til produksjonen. 2022 vart likevel eit bra år! 2023 baud derimot på svikt i marknaden. Avdelinga som produserer trapper til bruk inne, Møretrapp, har oppnådd status som Gaselle-bedrift, og aukar stadig produksjonen.  Største delen av ordreinngangen kjem via internett. 

5.    Pause: mat og prat.

6.    Administrerande direktør Runar Tandstad fortalde om Møre Trafo AS, suksessbedrifta på Aursneset som takk vere bl.a. «Det grøne skiftet», med mest mogleg over frå fossil energi til elektrisk, genererer eit stort behov for fabrikken sine produkt. Auka produksjon av transformatorar, nettstasjonar, dører og ventilar, teknikkhus, lavspennings-tavler, containerar/ konteinarar og arbeid med reparasjonar, krev stadig større areal for utviding av fabrikken. Dette er for tida ei utfordring, med forhandlingar med grunneigar. Etter referenten sitt syn informerer  Nettsida til fabrikken https://moretrafo.no  godt om selskapet: Produkt, Berekraft – HMS og Miljø, Bestilling, o.s.v. Bileta under viser nokre av bilda som Runar delte med oss på skjermen. Etter halvtimen med foredrag hadde den lydhøyre forsamlinga mange gode spørsmål som vart svarde på i tur og orden.

7.    Til slutt takka presidentvikar Knut Molnes for den særs interessante informasjonen som CEO Runar Tandstad ville dele med oss. Ei lita gåve frå klubben skifte eigar, og så var det takk for i kveld og vel heim.



































Referent: Olav Pileberg

 


 
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".