Medlemsmøte 29 mai 2024 med ego foredrag Linda Aurdal Wales

President Knut Henning Aursnes ønskte velkomen med motto: «Create hope in the World» og Fred i Ukraina!

 

Allsong: «Fra mitt trange, mitt stengende bur»

Frammøteprosent frå forrige møte 60%. Bursdager: Asbjørn Klokk 77 år 1.juni

 

3-minutt ved: Knut Jarle Vik; «Rotaryturen 2024»

Knut Jarle køyrde ein bildekavalkade frå turen med buss og ferge frå Sykkylven via Lepsøybrua, Finnøya med middag på Finnøy Havstuer. Deretter gjekk turen til Ona/Husøya med eit kvarters opphald, deretter retur. Det var flotte bilde frå ein dag med nydeleg maiver!

Kunngjeringar frå sekretæren (fråverande):

ŸI melding frå Greta Herje, f.t. deltakar på «Rotary Convention» i Singapore, minte ho om vår «stand» under Sykkylvsdagane, med loddsal/kjøp av div. handarbeidsprodukt frå Filippinane. Dette skal gå før som midlar til «Lola Daycare center»!

ŸVidare vart det gitt generell invitasjon til Ulstein Hotel 24.06.24 med guvernevørskifte (Lidun Hareide) og presidentskifte. Invitasjonen gjeld alle klubbmedlemer, med påmelding til president Knut Henning.

 

Ego-foredrag av Linda Aurdal Wales

 

Linda Aurdal Wales presenterte seg som skapar og designer, illustratør, fotograf, party-planner og arkitekt for eige hus, med utdanning frå Norge og USA .

Personlege data er at ho vart fødd i Sykkylven, og med grunnskule og fagutdanning her i distriktet, reiste ho til USA i 1985. Der utdanna ho seg vidare, sjå CV-en til venstre. Ho har imidlertid halde på sitt norske statsborgarskap.

I 1991 gifta ho seg med David Wales, som også har drive eige firma m.a. med framstilling og sal av naturmedisin, produsent av «gjæra kveitespirar». Dei er busette i Stamford, USA, ganske i nærleiken av New York, men pendlar stadig mellom Norge og USA.

 

Som det vidare framgår av CV-en trur ho på «Å dele og gi frå hjartet» og «Dersom du kan drøyme det, kan du gjere det».

Ho viser vidare til oppdrag for Sjølyst, Hjellegjerde, Berserk, Ekornes i Norge og Sara Mique, Gloria Mique, Fops Paris etc. i utlandet.


Linda la vidare fram ein imponerande og overveldande presentasjon av teikningar, illustrasjonar og maleri i akryl og olje, fotos, annonser for div. firma.

Ho viste eit sterkt engasjement for naturvern, ikkje minst «save the bees», og sjølvlaga plantebaserte matrettar på ikkje- prosessert grunnlag, samt bilde frå eigen hage «til å bli stum» av.

 

Familien ser ut til å ha ei omfattande reiseverksemd, ikkje berre USA-Norge, men over heile verda. M.a. synte ho ein filmsnutt frå 70-års Jubileet for den allierte invasjonen  i Normandie 6. juni 1944.

«Orchids of Life Garden Party» fekk vi visning av, samt presentasjon av div. Research-prosjekt, vesentleg innan helsekost/naturmedisin.

 

Vi håper Linda kan fortelje meir om seg sjølv, familien og sine mange prosjekt ved eit seinare høve i Rotary!


















Referent: Odd Holen

 


 
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".