Sykkylven Rotaryklubb. Møte onsdag 21.august 2024
President Nils Arve Kjemphol ønska alle saman velkomne til eit nytt rotary år.
Slagordet til Rotary året er «THE MAGIC OF ROTARY». Presidenten snakka varmt om kva ein kan få til i klubben, og i samarbeid med andre klubber.
Agenda for dagens møte var, allsang, kungjeringar frå sekretæren. 3 minutt gjekk ut.
Sekretær Steinar Klokk informerte om at siste møte før ferien var det 21 oppmøtte, 4 i permisjon og 1 sjukmeldt. Oppmøte prosenten var 67%.
Dagens song var Å samlast er ei gledessak. Her spelte Halvor Inge Sporsheim trekkspell til songen.
Rotary kaffe og prat rundt bordet.
Foredrag/tema: Foredrag ved Halvor Inge Sporsheim.
Erfaringar som innflyttar og styreleiar ved Halvor Inge Sporsheim.
Halvor Inge Sporsheim starta med å takke for invitasjonen. Han er far til Arild Sporsheim. Han og kona kom frå Vestnes ca 1 times køyretid pluss ferge. Kona er frå Ørsta. Dei har fleire born på Sunnmøre og kona ville flytte dit, men Halvor har holdt igjen i ca 10 år.
Vestnes er ein litt mindre kommune enn Sykkylven. På Vestnes hadde dei bustad og stor tomt. På Vestnes har Halvor jobba heile sitt yrkesaktive liv som bankmann. Ei av hovedoppgavene var å innvilge lån til kundar m.m.
Då dei flytta til Sykkylven selde dei hus og tomt på Vestnes. Den 15 september 2023 flytta dei inn i ei av dei 24 leilighetene på Aure Sjøside. Her er det 40 personar som bur. Begge to trivast og synes det er flott å bu i blokk. Det er også kjekt å bli kjent med dei andre som bur der.
Før dei flytta til Sykkylven såg dei også på ei leilegheit på Moa, men prisen der var mykje høgare enn i Sykkylven.
Begge to er opptatt av å delta på det som skjer i bygda. Interesser er kyrkje, bedehus, og kulturhus.
Når han fortel andre at han er far til Arild Sporsheim føler han seg «dus» med folket, og det set han stor pris på.
Halvor blei pensjonist då han var 62 år. Det første han gjorde var å ordne murer på eit uthus.
Han tok då eit bilete som viste at han stod med ein hammer. Bilete sende han til tidlegare kolleger der han skreiv fylgjande tekst « skifta ut bank med bank».
Han dyrka også poteter på Vestnes noko han heldt på med i 10 år.
Halvor og kona har blitt godt kjent med Gerd og Peder Blakstad i Sykkylven.
Halvor er imponert over musikklivet i bygda.
Han spelar også volleyball der han har blitt kjent med utenlandske venner.
Han er imponert over biblioteket, og møbelmuseum som bygda har å vise fram.
Halvor har tatt på seg styreleiar vervet i Aure Sjøside noko han likar då han blir betre kjent med dei som bur i blokka.
Halvor og kona er svært positive til Sykkylven og vil oppfordre andre til å flytte hit.
Halvor spelte til slutt på trekkspell «Min hatt den har tre kanter» som vi alle song til.
Presidenten takka Halvor for foredraget, og ynskte alle vel heim.
Skrivar: Steven Blindheim
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb