Møtereferat frå Sykkylven Rotary onsdag 25.09.2024

Møtereferat frå Sykkylven Rotary onsdag 25.09.2024

President Nils Arve Kjemphol ønska alle velkommen. Han ønska  velkommen dagens foredragshaldar Margrete Brunstad,og til Sigbjørn Brunstad, Astrid Hausvik og Bjarte Hovland som var gjester.

Allsong : Ein sommer er snart over. 

Steinar Klokk opplyste at forrige Rotary møte var det eit oppmøte på 23 personer  dvs 70 %. 5 medlemmar har permisjon. 

3 minutt ved Steven Blindheim

Fortalte at i  januar månad 2024 blei det innført ei ny ordning i politiet. Grunnen for at den nye ordninga blei innført var at publikum skulle få svar på spørsmål innanfor ulike fagfelt. 

Ringer ein i dag 02800 får ein spørsmål om kva det gjeld.Ein kan då bli sett over til følgande:

  • Straffesaksmottak. Her kan ein få svar på anmeldelser og straffesaker.
  • Namsmannn og forliksråd.  Her kan ein få svar på utlegg, gjeldsordning m.m.
  • Pass og ID  Her får ein svar på spørsmål knytta til  pass og ID.
  • Utlendingsforvaltning.Her får ein svar på opphaldsløyve, og arbeidstillatelse m.m.
  • Våpen, førarkort og køyreseddel   

Straffesaksmottak er bemanna frå mandag t.o.m fredag 

Dei andre som er nemnd er ope frå mandag til torsdag.

Eg vil no orientere om straffe saksmottak som eg sjølv betjener og har erfaring frå.

Totalt er det 32 personer som rullerar  på bemanninga.

Straffesaksmottak har følgjande oppgåver:

Når ein person ringer  må den som sit i fagmottakm avklare om forholdet er  straffbart. 

Kan ein anmelde forholdet via nettet politiet.no ?

Kan personen skrive anmeldelse sjølv ? Her kan vi gje rettleiing. 

Saker som gjelder vold og trusler,der må personen fysisk møte opp på politistasjonen for å avgi forklaring. Dersom forholdet har skjedd i Kristiansund eller ein annan stad i politidistriktet  er det den som sit i fagmottak  som må booke tidspunkt for anmeldelsen. Tjenestepersoner ved kvar  einskild  stasjon skal følge  opp saka.  

Tjenestepersonen  i fagmottak må også vurdere om forholdet personen ringer om krever umiddelbar etterforskning.

Avklare om det er eit forhold som tilseier at operasjonssentralen må iverksette politiarbeid på staden.

Ein kan også få telefoner frå fornærmede, mistenkte og sikta som trenger svar på straffesaka si eller at etterforsker eller påtaleansvarlig tek kontakt med fornærmede eller sikta.  Vi gir  då beskjed til etterforskar og påtalejurist om å ta kontakt. 

Eg synes at dette er ei veldig god ordning. God fordi publikum blir ivaretatt og får eit svar med ein gong. Undersøkingar viser at 98 % blir svart ut for dei som tek kontakt med straffesaks mottaket. 


Dagens foredragshaldar  Margrete Brunstad fortalte  om ekspedisjonen/skituren sin over Grønland. Ho kalla foredraget sitt  for «Draumen om Grønland.» 

Førebuingar før turen var trening med dekk pulk, styrketrening og samlinger med gjengen. Margrete fortalte at ho trente 3 gonger i veka med å drage  dekk på Sula og i Spjelkavik.  Margrete som er frå Velledalen var også fleire gonger på Fjellsætra og drog  tung pulk som var lasta med maursyrekanner. 

Dei var 10 personar som gjekk på ski lag . For Margrete har dette alltid vore ein draum. Alle som gjekk turen  var først på treningssamling i Nittedal, vintertrening i Skorgedalen. Her gjekk dei på ski og drog pulk innover Ljøsådalen.






Skituren starta 10 mai 2024. Den starta frå Kangerlussuaq. Dette er ein liten by på høgde med polarsirkelen.


Når dei kom dit var det førebuingar til turen. Her blei det pakka mat og utstyr for 26 dagar. 

Margrete hadde med seg totalt 18 kg med mat. Middagsmat og lunsj blei pakka i mindre pakker.


Det var dyreliv og sjå på turen. Polarhare, moskus og reinsdyr. Det var også spor frå isbjørn. 


På dag 1 var det brefall. Eit brefall eller isfall er ei avsluttende skråning av bre som ofte er bratt, har ujamn flate og bresprekker. Dette var det tyngste partiet  å gå fordi pulken var fullasta og det gjekk oppover. I tillegg var det nokon av dei andre som  trengte avlastning. 



Ein vanleg «arbeidsdag» på turen bestod av at alle stod opp kl. 07:00 og smelta vatn til frokost, lunsj og varm og kald drikke. Deretter åt dei frokost drakk kaffe og pakka ned utstyr og tok ned telt.


Kl. 09:00 var alle klar for ein ny dag på ski. Dei gjekk mellom 20 - 25 km dagleg og på slutten 30 km med nokre korte pauser og ei lunsjpause mellom.


Alle som deltok hadde kvar si økt med navigering over isen.


Vi fekk sjå fleire bilder frå turen.  Kos frå måltider som bestod av muslibar og spanande middager frå Fredrik. 




Margrete sa at ein har mest med den ein bur i telt ilag med.Det var derfor viktig at dei laga gode rutiner. Det var svært viktig at sure sokker, klær og fctposer blei tørka. 


På dag 10 kom dei fram til ein nedlagt amerikansk radarstasjon frå den kalde krigen. Den skulle hindre fiendtlige fly frå å kome inn i over amerikansk territorium utan at ein merka det. Stasjonen blei forlatt i juni 1988 i løpe av 48 timer. Ein kunne  sjå korleis det framleis såg ut på denne stasjonen den dag i dag. 


Dei traff også på forskere på isen då eit Hercules fly landa.

På dag 16 passerte dei det høgaste punktet på turen 2510 m.o.h.


På grunn av sterk vind og kulde var dei værfaste den 23 dagen.  


Det var veldig kaldt i mai. Vanleg temperatur - 20 til - 25 grader, og det var mykje vind.

Det var forskjellig værforhold som var utfordrande. Spesielt var det knytta utfordringar til ein vind som blir kalla Piteraq. På grunn av sterk vind måtte telta gravast fram om morgonen fordi det hadde lagt seg snø på teltduken. 


Turen enda til slutt i Tasiilaq. Dette er den einaste byen som ligg sydaust på Grønnland. Der bur ca 1852 innbyggere.

Totalt gjekk dei ein skitur på 600 km. Skiene dei brukte var av merke  Åsnes Cecilie Skog og hadde halvfeller. 


Dei fekk også delta på båttur og seljakt.

Margrete sa til slutt at dette var eit fantastisk eventyr og eit minne for livet. 









Referent

Steven Blindheim




 
Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS