Rotary held fram kampen mot polio – Lokalt bidrag gir global effekt: Vipps til 134399
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer, kan du hjelpe Rotary med å vaksinere barn i dei mest sårbare områda i verda og bringe oss nærmare ei poliofri framtid. Kvar krone du gir, blir tredobla, da Bill Gates og Melinda Gates Foundation matcher kvar donasjon med to kroner gjennom sitt samarbeid med Rotary.
Rotary har jobba for å utrydde polio i over 35 år gjennom sitt PolioPlus-program. Gjennom globale samarbeidspartnere som Verdens helseorganisasjon (WHO) og UNICEF, har Rotary bidratt til å redusere antal tilfeller med 99,9 % sidan programmet starta i 1985. 20 millioner barn har unngått å bli lam. Til saman har vi vaksinert 3 milliarder barn!
"Polio er ein sjukdom vi kan utrydde," seier Ingvar Emdal leiar for Rotary-klubben på Stranda "Men for å nå målet treng vi framleis støtte. Kvar krone tel i arbeidet med å vaksinere barn og sikre at dei veks opp utan risiko for polio. " seier Nils Kjemphol Schwartz leiar for Rotaryklubben i Sykkylven. Og med tredobling av donasjonene fra Bill Gates og Melinda Gates Foundation, får vi enda større effekt av kvart bidrag."
Fare for internasjonal spreiing gjer framleis polio til ei internasjonal folkehelsekrise, seier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innan 2027. Så lenge det framleis er i polio i verden, er det fare for spreiing - også til Norge. Derfor held vi i Rotary fram arbeidet med å utrydde polio - og til det treng vi di hjelp!
Torsdag 24. oktober markerer vi verdens poliodag med å lyse opp Skinkerådhuset på Stranda og Berlihuset i Sykkylven for å markedsføre innsamlingsaksjonen for å utrydde polio.
Doner til lokalt Vipps-nummer 114274 for Stranda Rotray eller Vipps 134399 for Sykkylven Rotary og pengane vil gå direkte til Rotarys globale PolioPlus-fond, som blir brukt til vaksinasjon, overvåking og utdanning rundt polio. Sjekk Facebooksidene til Stranda og Sykkylven Rotaryklubber for meir informasjon.
Stranda og Sykkylven Rotaryklubber
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb