Styremøte 20 nov 2024
STYREMØTE SYKKYLVEN ROTARY KLUBB 20.11.2024
Til stades: Knut Martin Molnes, Sindre Stuen, Nils Arve Schwartz, Steinar Klokk, Arild Sporsheim, Odd Jostein Drotninghaug, Knut Vik og Roald Mork.
1. Årsmøte 04.desember
a. Nils Arve etterlyste køyreplanen for Årsmøtet. Minner om at Knut Henning må skrive årsmeldinga, samt at vi må ha på plass rekneskapen. Nils Arve tek kontakt med Knut Henning og Hallgeir. Odd Jostein legg fram forslag til nytt styre.
2. Julemøte 18.desember
a. DG kjem på besøk. Greta har oppfølginga av dette. Arild tek kontakt med Greta for å få dette stadfesta
b. Helge tek ansvar for musikken
c. Bestiller mat med Kjellaug.
d. Be om at dei som ikkje kjem melder frå slik at vi har meir oversikt over maten.
e. Vi kan ta direkte kontakt med dei medlemmane som ikkje møter jamt. Vi tek dette igjen når det nærmar seg.
3. Møteplan våren 2025
a. Gjennomgått, justert og sendt ut til styret
4. Komitéstatus
CYEO | Klubben har fått spørsmål om å ta imot ein utvekslingsstudent, evt i lag med Stranda, primært for å dele på kostnadane. Det er også ei muligheit at vi kan takke nei. Kostnaden er 25.000 kr, ved samarbeid med anna klubb vert det ei halvering av kostnadane. Utfordringa er kanskje å finne 2-3 familiar der personen kan bu. Konklusjonen vart at vi avventar til vi har nokon som kan tenke seg å reise ut samtidig.
|
CICO | Ikkje noko spesielt å rapportere, ut over at det vart kommentert at heimesidemalen til Rotary ikkje har universell utforming. Distrikt 2305 har valt ikkje gå for denne løysinga. Det er bra at Distriktet har stått på sitt synspunkt i denne saka.
|
Program | Har kontroll ut året, jobbar jamnt vidare. Odd Jostein bestiller eit beach-flagg med ROTARY som kan nyttast til profilering. Vi kan ha det utanfor der vi har møte, uavhengig av om det er i klubblokala eller om det er andre plassar. |
TRF | I og med at prosjekt Skrivarstova ikkje gjeng vidare så må vi truleg betale tilbake pengane som vi har fått frå Distriktet. Dette skal vi avvente til nærare info frå Greta. Ingen andre nye prosjekt på gang pr no. |
12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
May Britt og Prosjekt Filippinene:
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".