Medlemsmøte 7. mai med refert fra RYLA

Sykkylven Rotary Klubb; møte 7. mai 2025. Presidentens time, referat v/ Olav Pileberg,- vikar for SB.

President Nils Arve Kjemphol Schwartz ønska velkommen til klubbmedlemmene og gjestene Christian Collins Aurdal Wales og Jakob Lunde. Dei to sistnemnde var nyleg deltakarar ved RYLA-seminar i Ålesund. Sjå omtale og bilete frå seminaret, annan stad på denne nettstaden, 30. april.

Med utsikt til vakre maidagar med stigande temperatur, hadde Olav valt «Kom mai, du skjønne milde» som allsong. Rotaryanarane gjorde ikkje skam på den på den lette vårsongen: Mozart sin kjende tone fylte kjellar-rommet med brus av vår!

Sekretær Steinar Klokk fylte på med statistikk, og etter som han hadde bursdag, fekk han også «Hurra for deg som fyller ditt år…» med på kjøpet!

3-minutt ved Ingrid Velde handla om overbelastning ved hjerneskade og demens. Etter som Ingrid har eit yrke som miljøterapeut der ho har mykje kontakt med, og er til hjelp for denne pasient-gruppa, har ho også kompetanse om denne tilstanden – som er så vanskeleg for forskarane å komme til botnar i. Traumer, trafikkulykker, fall… kan vere blant grunnane til å utvikle tilstanden. Den mest kjende hjerneskaden i samfunnet no for tida, er demens. Ingrid samanlikna hjernen vår med eit sikringsskap, med forskjellige sikringar… på 10 eller 16 Ampère. Hjernen klarer å handtere komplekse arbeidsoppgåver: stress og daglege utfordringar. Men når du får ein hjerneskade, skjer det noko dramatisk. På utsida er det ingen ting å sjå, men «sikringane» inni hovudet har blitt kutta ut! No kan sikringa kutte ut, sjølv ved ei lita oppgåve. Utmatting, forvirring eller andre symptom kan bli resultatet. Ved overbelastning vil personen motta fleire sanseinntrykk enn han kan handtere. Hovudpine, trøttleik eller konsentrasjons-vanskar bjir gjerne resultatet. I alvorlege tilfelle kan balanse eller tale også bli skada. Daglegdagse aktivitetar kan bli overveldande! Dette er kroppen sin måte å seie frå på. Miljøterapeuten si oppgåve blir å «omorganisere sikringsskapet». Å kartlegge kva for sikringar som fungerer, og kva for som treng hjelp/ støtte. I team med legar, fysioterapeutar, logoped og andre fagpersonar blir det utarbeidd plan for relevante hjelpetiltak. Dette kallar vi kognitiv rehabilitering. Det er overmåte viktig at kommunen disponerer faglært arbeidskraft ved slike tilfelle. Likevel kan rehabiliterings-perioden ta fleire år! Pårørande kan bli overbelasta, noko som igjen fører til høgt sjukefråver. Til og med friske hjerner treng avlasting og kvile!

Mat og prat pluss lotteri sto så på programmet, før Presidenten oppdaterte oss på arbeidet som Nicolai Karlsen hadde utført for klubben ut frå målsettinga om å auke talet på medlemmer. Framlegg til informasjon på sosiale flater vart presentert. Det heile vil bli drøfta i styremøte den 21. mai.

Deretter fekk dei to gjestene og «RYLA-seminaristane» Christian og Jakob, ordet for å fortelje om sin bakgrunn og det 3-dagar lange seminaret ved Thon Hotel, Ålesund, som dei hadde vore med på nyleg. Som nemnt er seminaret omtalt på denne nettstaden tidlegare, så omtalen her blir tilpassa deretter. Christian presenterte seg sjølv som Christian Wales, son til Linda Aurdal W. i SRK, aktiv i speidargruppa og utdanna i USA som mekanisk ingeniør, med fokus på kraft og energi. Nyleg tilsett ved Hoseth Technology AS  i Kristiansund: www.hoseth.com  

Jakob Lunde bur i Helleskjerva på Ikornnes. For tida arbeider han som snikkar ved (Heilt topp!) Aursnes Bygg AS, i påvente av militæret frå august 2025. «Skrytelista» elles omfatta «i alle år» speidaren, med rotaryanar Steinar Klokk som dugande leiar. Vidaregåande skule tok han ved Kongshaug Musikkgymnas, Lepsøya ved Bergen. Av det følgjer – naturleg nok – at den unge mannen har særleg interesse for musikk… også! Tilbodet frå SRK om RYLA-seminar kom beleileg,- frå Steinar, etter eit leiarmøte i speidaren. «Eg visste ikkje noko om Rotary frå før… trudde det var ein kult-gjeng, liksom…» (latter!!) Etter ein mail frå Steinar vart Jakob «omvend» og aksepterte tilbodet om «leiarkurs for unge vaksne» på strak arm.

Christian supplerte med å beskrive seminar-deltakarane med heilt ulik bakgrunn; alt frå slike som seg sjølv og Jakob, til lovande tilsette – og med eigen familie, i ymse bedrifter, der sjefen ønska å satse litt ekstra på vedkommande. Sjå bilde ved tidlegare omtale. Eldstemann på laget var 32 år, meinte Jakob og Christian.

Den norske leiarmodellen er ulik modellane i andre land, sa Christian. Arbeidaren må kjenne arbeidsplassen sin godt, og føle seg komfortabel der. Leiaren lyt gje noko attende. Jakob viste til eit føredrag med Martha Torvik: der kom det fram at leiarmodellen i t.d. USA ofte går på «…eg vil du skal…» medan i Noreg bør leiarane sjå dei tilsette og spele på lag med dei.

På førehand hadde kandidatane vore gjennom ein test med 50 spørsmål, - ein typologitest der dei skulle målast opp mot Carl Jung sine personlegdoms-typer. Ved hjelp av måling opp mot fire parameter – der alle menneske har sin plass – vil alle menneske ha sin unike plass med å kombinere parametera mot seksten grupperingar. Ein kan lese meir om dette på   https://no.wikipedia.org/wiki/Jungiansk_typeindeks 

Siste dagen handla om prestasjonar og energi. Å kunne presentere ein «pitch» dvs. presentere bedrifta, problemet og løysinga på ein overbevisande måte. Slett ikkje «berre-berre» alt dette, altså.

NMK var kjempekjekt meinte dei to RYLA-studentane/ seminaristane. Norsk Maritimt Kompetansesenter. I hallen, nær inngangen, ser dei ei diger, blank kule – kanskje 30 meter i diameter – med ei lita luke høgt oppe. Innafor den døra var «ei ny verd»; eit dekk på eit stort skip. Stolar, konsollar, og med bilde prosjektert på veggen, 360° trill rundt. Ei simulert verd der miljø og geografi blir bestemt av operatøren/ -ane. Her kan ein trene på prosjekt eller gjeremål til havs eller på oljeriggar, alt etter kva som er oppgåva. Ei facinerande, digital verd! Dei to karane vart noko ustøe då dei kom ut av kula, og Jakob nemnde for ein tilsett at det var godt gjort å gjere «skipsdekket» gyngande. «Nei,- det er støypt og fast betong,» var svaret. Sanninga var at projeksjonane på veggen 360° narra hjernen til å oppleve skipsdekket «in natura». Utruleg kult, noko vi gjerne trur dei på. (Denne skrivaren har sjølv opplevd omtrent det same på ein 3D kino på Aker Brygge) Christian nemnde også at i dette anlegget kunne dei vidare simulere tenkte trafikk- og kommunikasjons-utfordringar i t.d. Oslo, med tanke på endeleg løysing av utfordringa/ problemet i praksis. Kort sagt: Eit digitalt superverktøy i verdsklasse og i giga format. 
Dei to ungdommane har tydelegvis fått relevant input på sin veg gjennom yrkeslivet, og vi i Sykkylven Rotary Klubb kan berre ønskje dei lykke til vidare på vegen mot målet. Takk for innsatsen så langt, Christian og Jakob,- som til sist takka klubben hjarteleg for at klubben inspirerte dei til å få med seg seminaret ved RYLA.


 

 

   3-minutt ved miljøterapeut Ingrid Velde

 






 President Nils Arve oppdaterer klubbmedlemmene om Nicolai Karlsen sitt arbeid  for SRK.






 

Christian Aurdal Wales og Jakob Lunde: utsende frå SRK til RYLA-seminar i Ålesund. Her gjev dei tilbakemelding til klubben.

 

 

 

 

 

 

Referat Olav Pileberg


 
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.