Styremøte 21 mai 2025
Referat frå styremøte i Sykkylven Rotary klubb 21.05.25
Til stades: Nils Arve Schwarz, Kristin Grebstad, Arild Sporsheim, Knut Martin Molnes, Hallgeir Lade, Sindre Stuen, Knut Hennings Aursnes, Steinar Klokk
Meldt forfall: Knut Jarle Vik, Ilyas Degirmenci, Roald Mork
Sakliste:
1. Status
o Økonomi. Har brukt pengar på RYLA og årsfesten, så ein liten nedgang har det vore men det er framleis grei økonomi. I tillegg av-ventar vi ei rekning ifht rekruttering, men dette er utgifter til inntekts erverv.
o Program: Full plan fram til ferien. Den nye komiteen bør ha ting på plass før vi gjeng inn i det nye året. Arild vert med i program vidare. Knut Henning peika på at for rekrutteringa så bør ein legge inn nokre programpostar som er spesielt retta mot unge frå 25 år og oppover mot 50. Elles har det vore eit godt år med mykje godt program. Bedriftsbesøka og bedrifter som kjem på besøk er ein viktig programpost og noko av det som kan bidra til å drage nye medlemmar.
o Ungdomsutveksling. Positivt at vi fekk sendt to nye deltakarar. Målet for neste år bør vere å kunne få sendt ut ein utvekslingsstudent, og då også kanskje kunne ta imot ein, evt i samarbeid med andre klubbar i området. Sindre opplever elles at informasjonsmateriell om utveksling kjem ut seint til han, og dermed vert det kort tid for prosessen. Eit innspel var at ein kanskje kan bruke oppatt plakatar frå tidlegare år.
o TRF. Har sendt tilbake pengar som vi hadde fått til Skrivarstova. Har elles fått brev frå Brønnøysundreg. om at prokura er fjerna frå registeret då det berre er næringsverksemd som er pålagt slikt. Steinar gjeng inn i Brønnøysundreg. og sjekker dei endringane som må på plass, jf årsmøtevedtaka. Skal ein bidra til TRF så må kvar enkelt gå inn på Rotary sine sider og registrere kor mykje ein vil bidra med, og få det reg slik at kvar enkelt kan få skattefritak.
2. Aksjon Strandrydding.
o Har vorte utsett. Nils Arve har vist til at klubben ryddar kyrkjeparken. Dette er tatt inn i distriktets plan.
o Vi tek det på presidentens time 4.juni. Vi møtes her kl. 18 og får utdelt sekkar og vert fordelt på roder. Tek sikte på at det vert ei rode langs Fetvatnet på nordsida langs hovudvegen, og den andre roda vert frå Aursneskiosken mot Trafo. Avreise frå Biblioteket seinast 1815 og så tilbake til klubblokala ca 1930. Kaffi og noko å bite i til slutt.
o Ansvarleg for opplegget er Knut Jarle Vik
3. Medlemsverving
o Status for samarbeidet med Nicolai Karlsen. Lite nye medlemmar i denne perioden. Aksjonen vart sett i gong i dag på FB. Handlar både om delingar og direkte retta annonser. I denne perioden vert det Ilyas som er frontfigur, og så vert det ein ny frontfigur etter ein månad. Målgruppa er yngre, innvandrarar, kvinner, innflyttarar. Vi må også sjå litt på innhaldet og strukturen på møta slik at det vert meir fokus på rammer som kan trekke andre grupper enn dei som er med no. Eit aktuelt møte kan vere 11.juni då det er ei yngre dame som skal snakke om reiser til Himalaya og Nepal. Kampanjen vil vere aktiv både før og etter ferien. Viktig at alle medlemmar er aktive og deler aksjonen. Aktiviteten vil verte utvida til instagram til hausten.
o Opptak av nytt medlem Christian Wales. Godkjent i styret på dagens møte. Skal arbeide i Kristiansund, men vil møte her når det er mogleg. Kan då delta på møter i Kristiansund, samstundes som han er medlem her. Det vert opptak under presidentskifet.
4. Status innkomande president.
o Vi manglar innkomande president frå hausten. Dette bør vere på plass tidleg haust, og skal godkjennast av styret. Elles skal innkomande president sette saman dei ulike komiteane. Likedan må presidenten få på plass ny møteplan slik at den er klar før nytt rotaryår.
5. Ymse
o Hallgeir sender over ei gåve til Lola Daycare Center
o Vårt tidlegare medlem Olav Utgård har gått bort. Sender ei blomsterhelsing frå Rotary. Nils Arve fiksar dette.
22. januar 2019
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Rotarymøte 10 . januar 2018:
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Presidenten sin time med Vinlotteri
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Rotarymøte 13.desember 2017
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Rotarymøte 6..desember 2017
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.