Styremøte 21 mai 2025

Referat frå styremøte i Sykkylven Rotary klubb 21.05.25

Til stades: Nils Arve Schwarz, Kristin Grebstad, Arild Sporsheim, Knut Martin Molnes, Hallgeir Lade, Sindre Stuen, Knut Hennings Aursnes, Steinar Klokk

Meldt forfall: Knut Jarle Vik, Ilyas Degirmenci, Roald Mork

 

Sakliste:

1.        Status

o   Økonomi. Har brukt pengar på RYLA og årsfesten, så ein liten nedgang har det vore men det er framleis grei økonomi. I tillegg av-ventar vi ei rekning ifht rekruttering, men dette er utgifter til inntekts erverv.

o   Program: Full plan fram til ferien. Den nye komiteen bør ha ting på plass før vi gjeng inn i det nye året. Arild vert med i program vidare. Knut Henning peika på at for rekrutteringa så bør ein legge inn nokre programpostar som er spesielt retta mot unge frå 25 år og oppover mot 50. Elles har det vore eit godt år med mykje godt program. Bedriftsbesøka og bedrifter som kjem på besøk er ein viktig programpost og noko av det som kan bidra til å drage nye medlemmar.

o   Ungdomsutveksling. Positivt at vi fekk sendt to nye deltakarar. Målet for neste år bør vere å kunne få sendt ut ein utvekslingsstudent, og då også kanskje kunne ta imot ein, evt i samarbeid med andre klubbar i området. Sindre opplever elles at informasjonsmateriell om utveksling kjem ut seint til han, og dermed vert det kort tid for prosessen. Eit innspel var at ein kanskje kan bruke oppatt plakatar frå tidlegare år.

o   TRF. Har sendt tilbake pengar som vi hadde fått til Skrivarstova. Har elles fått brev frå Brønnøysundreg. om at prokura er fjerna frå registeret då det berre er næringsverksemd som er pålagt slikt. Steinar gjeng inn i Brønnøysundreg. og sjekker dei endringane som må på plass, jf årsmøtevedtaka. Skal ein bidra til TRF så må kvar enkelt gå inn på Rotary sine sider og registrere kor mykje ein vil bidra med, og få det reg slik at kvar enkelt kan få skattefritak.

2.        Aksjon Strandrydding.

o   Har vorte utsett. Nils Arve har vist til at klubben ryddar kyrkjeparken. Dette er tatt inn i distriktets plan.

o   Vi tek det på presidentens time 4.juni. Vi møtes her kl. 18 og får utdelt sekkar og vert fordelt på roder. Tek sikte på at det vert ei rode langs Fetvatnet på nordsida langs hovudvegen, og den andre roda vert frå Aursneskiosken mot Trafo. Avreise frå Biblioteket seinast 1815 og så tilbake til klubblokala ca 1930. Kaffi og noko å bite i til slutt.

o   Ansvarleg for opplegget er Knut Jarle Vik

3.        Medlemsverving

o   Status for samarbeidet med Nicolai Karlsen. Lite nye medlemmar i denne perioden. Aksjonen vart sett i gong i dag på FB. Handlar både om delingar og direkte retta annonser. I denne perioden vert det Ilyas som er frontfigur, og så vert det ein ny frontfigur etter ein månad. Målgruppa er yngre, innvandrarar, kvinner, innflyttarar. Vi må også sjå litt på innhaldet og strukturen på møta slik at det vert meir fokus på rammer som kan trekke andre grupper enn dei som er med no. Eit aktuelt møte kan vere 11.juni då det er ei yngre dame som skal snakke om reiser til Himalaya og Nepal. Kampanjen vil vere aktiv både før og etter ferien. Viktig at alle medlemmar er aktive og deler aksjonen. Aktiviteten vil verte utvida til instagram til hausten.

o   Opptak av nytt medlem Christian Wales. Godkjent i styret på dagens møte. Skal arbeide i Kristiansund, men vil møte her når det er mogleg. Kan då delta på møter i Kristiansund, samstundes som han er medlem her. Det vert opptak under presidentskifet.

4.        Status innkomande president.

o   Vi manglar innkomande president frå hausten. Dette bør vere på plass tidleg haust, og skal godkjennast av styret. Elles skal innkomande president sette saman dei ulike komiteane. Likedan må presidenten få på plass ny møteplan slik at den er klar før nytt rotaryår.

5.        Ymse

o   Hallgeir sender over ei gåve til Lola Daycare Center

o   Vårt tidlegare medlem Olav Utgård har gått bort. Sender ei blomsterhelsing frå Rotary. Nils Arve fiksar dette.


 
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.