Referat fra 21 mai 25. Besøk av Sykkylven Industri og næringslag
Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb onsdag 21.mai.2025.
President Nils Arve Kjemphol ønska alle velkommen til møte. Han ønskte spesielt velkommen til foredragshaldar Solveig Gaundal som skal snakke om Sykkylven industri og Næringslag.
Agenda for møte :
- Allsong. Livets lyse sider av Finn Kalvik.
- Informasjon frå Sekretær Steinar Klokk.
- Rotarykaffe.
- 3 minutt ved Øyvind Østvik.
- Foredrag om Sykkylven Industri og Næringslag ved Solveig Gaundal.
Sekretæren opplyste at på siste møte var det eit oppmøte på 22og 2 i permisjon. Dette ga ein oppmøte på 71 %.
Bursdager: Jan Kåre Aurdal blir 70 år fredag 23.mai.25. Ingjerd Asbjørnsen blir 79 år tirsdag 27.mai 25 og Asbjørn Riksheim blir 74 år søndag 01.juni 25.
3 minutt ved Øyvind Østvik
President og Rotary venner og gjest. Eg har alltid likt å reise. Det har blitt mange turer etter første utenlands tur eg hadde saman med 2 kamerater gjennom Sverige og ned til København på motorsykkel som 18 og 19 åring. Det var ein bra tur den gongen, men det begynner og bli mange år sidan.
Siste året har han hatt 4 utenlandsturer og besøkt 9 land, og det er nesten rekord på eit år.
I dağ vil han snakke om noke som skjedde på reisa. Siste turen han var på til India.Han reiste via Helsingfors. Før dei borda flyet blei dei losa inn i eit ganske trangt lokale. Det var berre eit fåtall som fekk sitje . Mesteparten 2/3 deler var indere. Dei blei stående og vente ei stund. Ein inder spratt då opp og tilbydde han sitjeplass då han såg att Øyvind byrja å bli ein gamal mann. Øyvind svarte «at han klarte å stå». Inderen insisterte og sa han måtte sette seg ned. Øyvind takka ja til tilbudet og det var fint.
Flyturen tok ca 10 timer. Han hadde etterkvart eit behov for eit toalettbesøk etter middag. Han blei då ståande i toalett kø. Det stod ca 6 - 7 personer foran han i køa. Det var då ein som stod heilt fremst i køa som vinka på han. «Please come here». Han blei då geleidet fremst og fekk gå inn på toalettet. Det var også ein inder. Øyvind begynte då å tenke. Kva er det som skjer her ? I Norge har vi hatt ei fin utvikling. Vi er eit av dei rikaste landa i verda pga olje og gass.
Etter han kom heim var han ein snartur til Ålesund. Han tok bussen. Då han kom ut på Moa blei bussen storma av ungdom slik dei måtte vente med å kome av bussen før alle ungdommane hadde kome inn og sikre seg sitjeplass på bussen. Då han skulle heim var det likeeins. Ein «horde» med ungdommar storma bussen for å sikre seg sitjeplassar. Han blei ståande og klarte godt og stå framleis. Det var ingen som tilbydde seg sitjeplass på den bussen. Ein kan då gjere sine refleksjonar. Har vi tapt noke på vegen fram til den rikdommen vi har i dag? Takk.
Etter pausen blei det gjennomført 1 - minutt stillheit for tidlegare Rotarymedlem Olav Utgård som døde 19.mai. 2025.
Foredrag om Sykkylven Industri og Næringslag ved Solveig Gaundal.
Sykkylven Industri og Næringslag blei skipa 03.03.1948. Formålet den gong var eit ønske om å samle industrifolk i Sykkylven, og fremje saker av sams interesse til gagn for industrien i bygda og landet.I dag har vi 54 medlemsbedrifter, og trenger fortsatt fleire medarbeidere.
Sykkylven Industri og Næringslag er medeigar i SNU. Det er viktig for både kommune og bedriftene med tettere samarbeid. Bedriftene bidrar mykje inn i næringslivet som også Sykkylven kommune har stor nytte av. Støtter opplæringskontoret. (bl.a. transport for at elever kan besøke lærebedriftene). Støtter rekrutteringsarbeidet for å sikre bedriftene i Sykkylven og Stranda nødvendig kompetanse. Er også med i Node samarbeid som er kompetansesenteret for robotteknologi.
Ei veke i året arrangerer Industri og Næringslaget Teknologifestival.
BHT (bedriftshelsetjenesten) starta i 1976 etter initiativ frå Sykkylven industri og Næringslag.
Solveig Gaundal fortalte at Stranda vil ikkje ha arbeidsløyse framover. Ho sa også at Sykkylven vil komme der om nokre år. Dei regionane som klarer å rekruttere fagarbeidere blir vinnere.
Næringslaget arbeider også med samferdsel. Dei meiner at Storfjordsambandet er viktig, og uansett er fast forbindelse mykje bedre enn ferge. Dei arbeider også for å få på plass tunnel gjennom Strandafjellet. Men inntil det er på plass, må fergetilbudet utvidast.
Kommune må spele på lag og legge til rette for ny etableringar.
Næringslaget har samarbeid med SUSK. Målet må vere at fleire av valgfaga må gjenspeile framtidige behov for Sykkylven. Dei har starta opp igjen utdanningsmesse ved Sykkylven Kulturhus. Der deltar fleire bedrifter, elevar, foreldre og fleire vidaregåande skular.
Dei har også samarbeid med SVGS. Der har dei altid siste og nyaste av roboter og samarbeid med Ekornes. Medlemsbedrifter støtter SVGS med topp moderne utstyr innan automasjon og robotikk i tillegg bidreg bedrifter med midler og utstyr. Skulen må kanskje i framtida hente meir kompetanse frå bedriftene til å undervise i nye og revolusjonerende fagfelt.
Resultatet av samarbeidet er at SVSK er på landstoppen og i følge Gaundal er dei landets beste innan automasjon og robotikk. Dette pga det tette samarbeidet med industrien i Sykkylven.
I februar 2020 fekk alle elevane ved Vg2 Industriteknologi og Vg3 automasjon ved Sykkylven vidaregåande skule garantert lærlingsplass som er svært positivt.
12 - 13 % av alle roboter i Norge er i Sykkylven. Dette gir eit flott utgangspunkt for vidare utvikling. Derfor er Sykkylven ei teknologikommune.
Det var eit interessant foredrag som blei avslutta med at medlemmar fekk stille spørsmål.

President Nils Arve Kjemphol takker foredragshaldar Solveig Gaundal for foredraget om Sykkylven Industri og Næringslag.
Presidenten opplyste at det blir strandrydding onsdag 04.juni 2025. Det skal ryddast på Aursneset og langs Fetvatnet. Det blir delt inn i to grupper. Meir informasjon kjem etter kvart.
Dei neste dagane blir det køyrt ei vervekampanje for å få nye medlemmer i Rotaryklubben på Facebook .Kampanjen skal køyrast i 14 dager. Presidenten oppmoda alle medlemmane til å dele vervekampanjen på Facebook.
Referent Steven Blindheim
12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
May Britt og Prosjekt Filippinene:
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".