Medlemsmøter med Presidenten sin time

Sykkylven Rotary Klubb; møte 5. november 2025. Presidenten sin time,
referat v/ Olav Pileberg.


1)      President Kristin Grebstad ønska velkommen til klubbmedlemmene. Ingen gjester.

2)      Allsong: Barn av regnbuen; YouTube Lillebjørn Nilsen, barn og orkester, 1973.

3)      Sekretær Steinar Klokk: sist bedriftsbesøk til Miljøhus AS, Håhjem. 16 frammøtte.

4)      3-minutt: Roger Kornberg fortalde,- som ein introduksjon til Magnar Kvalvåg på neste møte, om forandring i eigarskap og strukturar innan bedrifter,- som t.d. Gjensidige Sykkylven, der Magnar er dagleg leiar og Roger er styreleiar,- eller i Kongsberg-gruppen, der Roger har sitt daglege virke. Aksjemarknaden reagerer kjapt negativt når forandringar oppstår. «Forandring fryder» er slett ikkje noko allmenngyldig munnhell innan industri og næringsliv. I 2026 vil Sykkylven ha hatt sitt eige forsikringsselskap/ branntrygdelag i 140 år,- sidan 1886. Frå nyttår 2026 vil vårt forsikringsselskap slutte å selje forsikringar som er generert av Gjensidige. Frå då er det Frende Forsikring som gjeld som ny samarbeidspartnar. Meir om dette i kommande Rotary-møte.

5)      Kaffi/ kaker/ vinlotteri.

6)      Orientering frå Presidenten: a) om lyssettinga og treffpunkt Berlihuset den 24.oktober, på Den internasjonale Polio-dagen. Treffpunktet samla fire gjester og ein hund, utanom klubbmedlemmene. Økonomisk resultat vil kasserar Hallgeir Lade gjere greie for når han kjem på møte. b) om språkkafé   på Sykkylven Frivilligsentral. Ny lokasjon i etasjen over biblioteket her, kvar tysdag, frå kl.18 -19.30. SRK har fått spørsmål om nokon frå klubben har høve til å møte, for å «prate i veg» med våre nye landsmenn, på norsk. Utfordringa er med dette gitt vidare! c) Nytt møtelokale til klubben. Styret har kika på Næringsfabrikken og Frivilligsentralen. Sistnemnde sigler opp som favoritt. Reglar og vilkår lyt på plass før lokalet kan takast i bruk. Inngang vil vere på motsett side i same bygget som vi er i no. Tove Sperre er vertinne for lokalet. d) Komitéarbeid: medlemmene fordeler seg til dei ulike gruppene som dei høyrer til, og samtaler om ymse ting som er viktig for komitéen sitt arbeid. Her er ikkje referert frå samtalene rundt borda, med unntak av eit tema frå vår gruppe, CICO. Til vitande: referat frå Rotary-møta skal helst vere kortfatta og lettlesne. Ikkje «side opp og side ned».

7)      Referat frå samtalene og trekking av lotteriet. Deretter: takk for i kveld og vel heim, frå President Kristin.

 


 
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet