Medlemsmøte på Sykkylven Brannstasjon
Sykkylven Rotaryklubb var på besøk ved Sykkylven brannstasjon onsdag 10.12.2025 kl. 19:00.
Onsdag 10.12.2025 var Sykkylven Rotaryklubb på besøk ved Sykkylven brannstasjon.
Det vart ei informativ og interessant økt saman med Brannsjef Oddmund Grebstad og Fredrik Bakkedal som delte av kunnskapen sin om både beredskap og kvardagen i Brannvesenet. Arkitekten bak bygget, Odd Holen fortalte også om prosessen med å få brannstasjonen på plass, og kva det blei lagt vekt på då bygda skulle få eit moderne og framtidsretta anlegg.
Sykkylven brannstasjon blei opna i 2017.
Brannvesenet i Sykkylven har idag 4 som er utdanna som innsatsleiar. Det er 4 vaktlag, pluss eit reserve vaktlag. Stasjonen har 5 køyretøy. Totalt har dei eit mannskap på 29 personar.
I skrivande stund manglar Sykkylven brannvesen eigen førebyggjar.
Brannmester Gjermund Eidem er leiar for beredskapen.
Feiar er Kjetil Hansen. Begge to har kontor på Sykkylven brannstasjon.
Brannvesenet utfører følgjande arbeid:
- Brann og redningsoppdrag.
- Helserelatert bistand. (I 2024 21 oppdrag)
- Trafikkulukker.
- Bilberging.
- Overflatevann i forbindelse med ekstrem ver.
- Redning av dyr.
- Øver Plivo saman med politi
Medlemmane fekk omvisning på brannstasjonen. Vi var innom treningsrommet og blei fortalt kva treningsprogram brannmannskap må igjennom for å vere godkjent. Deretter fekk vi omvisning av køyretøy og utstyr.





Tusen takk for at vi fekk kome på besøk og at vi fekk eit spennande innblikk i det viktige arbeidet Sykkylven Brannvesen utfører.
Skrivar:
Steven Blindheim
28. oktober 2017
Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.