Medlemsmøte med Presidenten sin time

Klubbmøte 7.januar kl.19.00

Tema: Presidentens time m/vinlotteri.

 

President Kristin ynskte Godt nytt år og velkomen til møte.

Song: Auld Lang Syne med Olav ved pianoet. Dette plar vere første song etter nyttår kunne han fortelje.

3 minutt ved Geir Brekke.

Geir var frustrert over krava til dokumentasjon i dei fleste næringar. Altfor krevjande for små aktørar og leia til at mange gav opp vidare drift. Dessutan vart dette ein stor ekstrakostnad utan særleg verdi  for nokon, var hans meining.

Presidentens time:

Kristin starta med å syne takkehelsing frå Julehjarte 25, der klubben bidrog med 5.000 kr. Heile 230 personar har motteke matkasser og/ eller gåver.

Likeins samarbeidet med Venneringen BUAS, der klubben har fått positive tilbakemeldingar og rosande omtale.

To aktivitetar der klubben vert meir synleg lokalt, noko som er eit av måla våre.

Leiar i programkomiteen Ilyas orienterte om arbeidet i komiteen og planane framover.

Fellestur, samarbeid med andre klubbar vart nemt og elles program med Rotary sine verdiar i fokus og info om kva som rører seg i bygda.

 

Til slutt orienterte presidenten om rutinene  i det nye møtelokalet, som vi skal nytte i alle fall fram til vinterferien. Vi har ikkje tilgang til nok lager i dei nye lokala, men får nytte lageret vi har hatt i kjellaren.

Rutiner møtelokala

·      Kjøkkenvakter møter kl.18.15

·      Hente vogn på lager nede (kjede, vimplar, sanghefter, kaffi, te, vin+lodd når det er vinlotteri)

·      Sette til borda + dekke borda

·      Koke kaffi (bruke kannene til Frivilligsentralen

·      Låse døra ned kl 19.00!

·      Tømme oppvaskmaskina, tømme silen!

·      Lokala skal sjå ut slik dei gjorde når vi kom

                                                                                                          Referent Bjørg


 
Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.