Presidenten sin time 4 mars 26

Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb onsdag 04.mars 2026


President Kristin Grebstad ynskte velkomen til møte. 

Agenda for møte:

Presidenten sin time.

Allsong Din tanke er fri.

Asbjørn Riksheim 3 minutt

Rotarykaffi m/vinlotteri.


Presidenten  sa at det hadde vore ei stund sidan siste møte då det har vore vinterferie. Siste møte var på NTNU som var eit samarbeid mellom fleire Rotary klubbar. Tema var straum der 4 personar heldt inleiande føredrag. Det var eit veldig bra opplegg. 


Onsdag 29.april 2026 skal det vere eit liknande møte der tema er «Inkludering». Her er det  fleire som skal halde føredrag. Sykkylven fekk inkluderingspris og skal vere ein av deltakarane. 


Sekretær Steinar Klokk fortalte at følgjande klubbmedlemar har bursdag. Nils Arve blir 70 år 05.mars 26, Knut Henning blir 53 år 9 mars 26, og Sindre Stuen blir 49 år 9 mars. 


3 minutt ved Asbjørn Riksheim


Fortalte at det  har blitt langt mellom besøka i Rotary. Alderen min tilseier at eg skal roe ned, men då må eg finne ei løysing på eigarforhold i bedrifta og som er bere kraftig i framtida. Vi har difor valgt å dele opp verksemda i fleire selskap. 


Eg er framleis leiar i Norwegian Wood i Litauen og L.P.Riksheim Treindustri i Sykkylven. Vi leiger no lokaler hjå H.J Brunstad  for å auke produksjonen. 


Møretrapp er det sonen Lars Petter Riksheim som har full kontroll på. Han har oppretta kontor i Ålesund, Oslo og Trondheim. Det er å håpe at han no går inn på eigarsida i Lars P Riksheim. Han har no erfaring i å leie verksemder. Han har formell utdanning med høgskule/ingeniør og BI innanfor økonomi. Asbjørn håper at han vil pendle til Sykkylven og vere dagleg leiar for L.P Riksheim. Ei av utfordringane er at eigarskap i norske verksemder blir beskatta. Utanlandske verksemder  blir ikkje beskatta. 


Asbjørn gler seg kvar dag til å gå på arbeid. Grunnen skuldast godt arbeidsmiljø. På Riksheim har vi 1 % sjukefråver. I alle år har dei teke inn lærlingar som har vore skuletrøytte. Nokon har  etterkvart teke fagbrev, gått over i anna bransje eller teke videreutdanning. 


Krigen i Ukraina har vore utfordrande blant anna i i å skaffe råstoff. Ukraina har vore ein stor leverandør av eik og ask. Russland har vore ein stor leverandør av bjørkefiner som blir brukt innvendig i møblar. Dette er land som har hatt stabile priser då dei har atomkraftverk. Alternative leverandører av råstoff er Slovenia, Tyskland og Kina. Krigen har gjort det svært krevande. Seinast i førrige veke blei ein full trailer returnert på grensa då det var mistanke om Russisk finer på grunn av dårleg merking. 


Selskapa tilsaman har hatt ein omsetnad på 100 millionar kroner. 


Kanskje Rotary vil invitere Lars Petter til Klubben for å høyre hans  planer for bedrifta. 


Asbjørn takka til slutt for merksemda.



Presidenten fortalte at februar er Rotary sin månad for fred og konfliktforebygging.

Ho snakka også om Rotary sine fire roller i å fremme fred.


Presidenten var snakka også om TRF


Neste Rotary møte er Tysdag 10.mars kl. 19:00 i Stranda Rotary sine lokaler i Kyrkjegata 23 i Stranda. 


Onsdag 8 april 2026 blir det Rotary møte i Sykkylven Kulturhus.

Det blir føredrag med Severin Roald «Livet som toppleiar». Presidenten oppfordra medlemmane til å markedsføre møte. Det er også snakk om å trykke opp brosjyrer. 



Skrivar 04.mars 2026

Steven Blindheim


 
Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.