Sykkylven Rotaryklubb inviterte Severin Roald til foredrag. Tema: Kunsten å skape tillit.
Onsdag 08.april 2026 kl. 19:00 inviterte Sykkylven Rotary klubb til ope møte på Sykkylven Kulturhus.
Sykkylven Rotaryklubb inviterte Severin Roald til foredrag. Tema: Kunsten å skape tillit.
President Kristin Grebstad ynskje alle frå Rotary og alle andre som hadde møtt opp ca 150 personer velkomen.
Presidenten innleia møte med informasjon om kva Sykkylven Rotaryklubb står for. Ho snakka om program, bedriftsbesøk og dugnader klubben gjennomfører i Sykkylven.
Etter informasjonen blei ordet gjeve til Severin Roald som vaks opp i Sykkylven, men som no bur i Oslo.
Gjennom foredraget «Kunsten å skape tillit» ga han fleire nyttige råd til dei frammøtte.
Roald var blant anna innom 10 punkt for korleis ein kan skape tillit.
Severin Roald var administrerande direktør for kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese (2022 - 2025) i Norge. Han har ein omfattande bakgrunn innan kommunikasjon med tidlegare leiarroller i Statkraft (2019 - 2022), Telenor (2015-2018). Han har også bakgrunn frå Burson - Marsteller og Aker Solutions. Han arbeider no som sjølvstendig konsulent i firmaet Severin Roald Communications som han starta i januar månad 2026.
Foredraget engasjerte publikum. Det kom mange gode spørsmål til Severin, som hadde gode ,og gjennomtenkte svar.
Sykkylven Rotaryklubb ved Kristin Grebstad var takksam for at Severin tok seg tid til å halde eit inspirerande foredrag.
Skrivar 08.april 2026
Steven Blindheim
28. oktober 2017
Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.