Rydding i kirkeparken
Dugnad i Kyrkjeparken
Eit sikkert vårteikn: sist onsdag var Sykkylven Rotary Klubb på plass og pussa opp Kyrkjeparken etter vinteren, til hugnad for dei mange som finn glede i området. «Kom mai, du skjønne, milde…» Mai er månaden som alle gleder seg til: konfirmantar, musikantar, unge, aldrande og eldre. Å leike, rusle rundt, eller berre sitje på ein benk og trekke inn lufta av vår. Kanskje nyte synet av det norske flagget i flaggstanga; «Det er Norge i rødt, hvitt og blått!»
Graving, klipping og raking, – vekk med ugras, kvister, plast, boksar og anna rusk og rask som skjer i augene. Konseptet er stort sett det same, frå år til år: Sykkylven kommune stiller traktor med romsleg tilhengar til rådvelde: takk, Jan Kåre Oterhals og Tekniske tenester! Dei fleste medlemmene i klubben har hage sjølve, og såleis bra greie på kva som skal til. Dei kan også å behandle ei motorsag, om det skulle vere nødvendig. Stemninga er vanleg munter, og særleg når kaffikoppen og ein velsmakande matbit kjem på park-bordet omtrent halvvegs i dugnaden, går drøset livleg. I år var det kjøleg i lufta med sludd på markene nokre dagar i førevegen, men så kom varmare luft sigande frå sør og skapte perfekte tilhøve for innsats: solskin, fryd og gaman i parken. Perfekt timing! Rotary-president Kristin Grebstad og dugnads-ansvarleg Svein Erik Kampenes strekar begge under kor viktig ei slik oppgåve er for medlemmene: gjennom samhald og felles innsats oppfyller dei Rotary sitt overordna mål «Service above self». Dessutan er det viktig for oss alle som brukar området ved Kyrkjeparken!

Bilete, frå venstre: Steven, dugnadsleiar Svein Erik, Roger, Geir (bak), Knut Jarle, president Kristin Grebstad, Hallstein, Bjørg, Øyvind, Ilyas, Bastian, Knut Martin, Sindre, Olaf, Arild (på huk), Rolf, Odd Jostein, Odd. Bak kamera: Olav Pileberg
Fleire bilete for Nyss nettside:

Geir demonstrerer rå makt og lempar trillebåra med innhald elegant oppi den kommunale tilhengaren.
«Utan mat og drikke duger helten ikkje», heiter det i ordtaket. Her er det Roger (nærast), Olaf, Rolf, Sindre og Steven som har funne tonen.
Kyrkjeverje Arild kan å handtere både greinsaga og administrasjonen av kyrkja. Ilyas er på plass med ei hjelpande hand.
Sykkylven Rotary Klubb, Olav Pileberg, tekst og foto, for Nyss, den 06. mai, 2026.
23. februar 2017
Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 25. januar:
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Politimester Ingar Bøen:
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Lars P. Riksheim Treindustrier
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Verda sin poliodag 24. oktober
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.